Bakgrunnsartikkel

Sergej, Bestemora og Aksinja

Lady Macbeth er eit intenst drama om klasse, kjønn og rasisme. Det er fleire karakterar som ønsker å bryte ut av strukturane i kvardagen, men med ulike motiv. Her møter du tre av dei.

Leo Magnus de la Nuez er Sergej

Sergej er stallguten på godset, og har rykte på seg for å vere ein liten casanova. Tidlegare jobba han på nabogarden, men fekk sparken, fordi han gjekk til sengs med husfrua der. Han er ein ambisiøs type som vil opp og fram her i verda. Å vere nedst på rangstigen er ikkje noko for han. Sergej er ein sjarmør som nyttar det han har for å oppnå det han vil. I stykket blir han inntatt i Katerina, frua på garden, som han nok kjenner seg litt igjen i. Ho er også frå ein fattig bakgrunn. Dei to innleier eit heftig og lidenskapleg romantisk forhold. Det går bra ei for dei ei stund, men så byrjar dei bokstavleg talt å gå over lik for å halde saman, og klatre sosialt.

- Da går det etter kvart ikkje så bra lenger. Eg trur han også byrjar å frykte den grenselause naturen til Katerina. Han drøymer om å kjenne seg fri, å kunne gå med hovudet heva som kjøpmann og kjenne at han er nokon, men det viser seg at prisen for det blir høgare enn det han er villig til å betale.

Stallguten Sergej forelsker seg i Katerina Lvovna. Foto: Jens Sethzman.

Bestemora til den vesle guten Fedja kjem med eit krav Katerina ikkje kan akseptere. Foto: Jens Sethzman.

Asta Busingye Lydersen er Fedjas bestemor

Ei bestemor kjem inn i handlinga med eit barn og et sjokkerende budskap som eskalerer handlinga. Ho kjem nok frå enkle kår, som Katerina og Sergej, og både hennar og den vesle guten si framtid kviler på at dei krava ho set fram, blir møtt.

- Dette stykket handlar veldig mykje om klasse, klassemotsetnader og privilegium. Eg tenkjer at bestemora har vakse opp som del av ein underklasse. Og folk som henne må bruke dei moglegheitene dei får til å klatre oppover i systemet. Så bestemora og Katerina har eigentleg noko til felles. Dei kjem frå ein bakgrunn der dei ikkje eig noko, og er avhengig av menn for å sikre seg økonomisk og sosialt. Når bestemora og den vesle guten Fedja dukkar opp, har ho eit legitimt krav, som vil forandre både hennar og Katerinas liv. Ein gamechanger, kan du seie.

Iselin Shumba er Aksinja

Aksinja er tenestejenta på garden, som held hjula i gang. Ho kler av og på husfrua Katerina dei enorme kjolane, og ho får maten på bordet.

- Ho er kanskje litt mystisk, og seier ikkje så mykje, men har eit veldig godt hjarte. Eg trur dei andre ser på henne som ganske verdilaus, og ho kjenner seg nok ganske undertrykt. Noko ho også er. Ho har vel omtrent same, eller mindre verdi enn dyra på garden. Mot slutten av stykket startar ho likevel på ei eiga reise, der ho, som Katerina, Sergej og bestemora, startar sin eigen frigjeringskamp.

Aksinja er tenestejenta som ser alt som skjer. Foto: Jens Sethzman.

Teksten er publisert 16. januar 2025.