Ein ekte katt i ei rolle på Hovudscenen er ikkje kvardagskost. Då er det lett å tenkje; korleis får dei til dette? Med ein dressert hund så kan det gå greitt, men ein katt?
Melanie Mederlind har valt Ken basert på utsjånad og lynne til den første produksjonen ho skal gjere på Det Norske Teatret.
Det å få til ein liten prat med Ken viser seg derimot ikkje å vere så lett. Ken er litt forvirra og mest nysgjerrig på alt anna som skjer i rommet. Eigaren Eva Dahl Eide sit heldigvis heilt i ro og er fokusert.
På foto-opptak. Ken er det store midtpunktet og stel all merksemd. Julie Moe Sandø spelar tittelrolla som Lady Macbeth. Foto: Ole Herman Andersen
Internasjonal stjerne
Ken er ein norsk skogkatt på halvtanna år og ein fertil hannkatt. Han er skodespelar for første gong, men Ken har vore ute ei vinternatt før. Han har mellom anna vore med på ei rekkje utstillingar og er godt vant til å bevege seg framfor publikum, forklarar eigaren. I tillegg har han vunne ei rekkje prisar og er internasjonal champion. Og han har tydelegvis ein skodespelar i blodet. Faren til Ken heiter Albert, ein norsk skogkatt på 7 år, som er verdsvinnar på utstilling. Han har tidlegare vist sine skodespelarferdigheiter i den populære tv-serien Pørni og i filmen Hodejegerne.
- Ken er endå rolegare enn faren Albert, og dette oppdaga vi ganske tidleg. Han er ein ekstremt tillitsfull katt. Ken hadde kvalitetane til å bli ein god utstillingskatt allereie som kattunge. Han blir aldri redd eller stikk av, han koser seg og går berre litt rundt. Ken er endå meir sosial enn pappaen så eg håpar han eignar seg på scenen.




Eigen garderobe
Ken har fått sin eigen garderobe på teateret. Der kan han slappa av og roe seg ned før framsyning. Han slepp både kostyme og sminke, så han har god tid før han skal på scenen.
- Eg er med han før kvar framsyning. Eg har med mat, do og kattegodteri som han likar godt. I tillegg tek eg med noko å liggje på slik at han kjenner seg heime. Det er viktig at han føler at han har sitt eige og at det blir litt stas for han før han gjer entreen sin, fortel eigaren.

Katten Ken er både sosial, roleg og ein menneskeglad type. Her på fanget til Julie Moe Sandø. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Kul kis
Ken skal vere med i prøveperioden for å bli kjend med dei andre skodespelarane og scenografien. Dette vil nok ikkje by på problem for Ken.
- Norsk skogkatt har stort sett veldig roleg temperament, dei lagar veldig lite problem. Dei vil veldig gjerne vere saman med menneske. Ken blir sliten av alt som skjer, men det gjer han også rolegare. Han legg seg meir ned, men det er ikkje noko farleg. Da er han berre enklare å ha med å gjere, seier eigaren.
Planen er at Ken skal brukast til avl, men dette skjer ikkje før etter han er ferdig med å spele i Lady Macbeth. Kanskje det kjem ein ny skodespelarkatt neste år?
Teksten er publisert 31. oktober 2024.