- Ho er ei som forsøksvis blir bunden fast og gjort fin. Det er klart det bygger seg opp eit trykk inne i den dama. Kvinner var like ulike på Leskov si tid som i dag, seier Moe Sandø.
Lady Macbeth av Nikolaj Leskov blei skrive for over 150 år sidan. Den unge og lidenskapelege Katerina frå Mtsenk slepp unna eit keisamt ekteskap gjennom utruskap og mord. Når teppet går ned er fire menneske tatt av dage. Katerina sjølv har ikkje vunne den fridomen ho søkjer, og livet hennar er gått i knas. Men ho hadde kraft til å forsøke.
- Det er eit portrett av ei kvinne som gjer alt som står i hennar makt for å overleve. Ho kan ikkje akseptere skjebnen sin. Kvinner har like mykje stygt og sterkt inni seg som menn. Og når trykket blir for sterkt, er Katerina ei handlingas kvinne. Ho skyr ingen middel. Det er ho eller dei andre, og da vel ho seg sjølv.
- Det er ho eller dei andre, og da vel ho seg sjølv.
Ei kvinne i bur
Julie Moe Sandø har fått bryne seg på ei kvinnerolle som trass i all si gru og all si eigenrådige framferd har fått henne til å tenke på korleis kvinner sjølv i dag har strenge rammer for korleis det høver seg å vere.
- Alt i denne framsyninga er ubehageleg. Korsettet, kjolen, den tette halsen, hektene, eg kan ikkje sette meg på ein stol sjølv, eg må ha hjelp til å sette meg, til å reise meg, eg er totalt sett ut av stand til å fungere.
Men sjølv om kostyma gir visse assosiasjonar til tidlegare tider, så har ikkje kvinnene heilt frigjort seg frå korsettet, meiner Moe Sandø.

Iselin Shumba som Aksinja snører korsettet på husfrua Katerina i Julie Moe Sandøs skikkelse. Foto: Jens Sethzman.
- Vår tids korsett er kanskje ikkje like stramt snørte, men dei er jo der. Dei berre opptrer i andre former. No tar vi til dømes botox og fillers som gjer at vi aldri blir gamle. Vi nektar framleis å akseptere at kvinner blir eldre. Eg kjenner at eg vil rope ut, kven vinn på dette? Men dette er jo trass alt eit val. Og frie val er vi jo for. Frie kvinner. Som begrenser seg sjølve? Det er vanskeleg.
- Vår tids korsett er kanskje ikkje like stramt snørte, men dei er jo der.

Foto: Jens Sethzman.
På fest med moderne korsett
Julie innrømmer at ho tar seg i å avgrense seg sjølv også. Heilt frivillig.
- På julebordet hadde eg på meg ei truse som var så trong at eg trudde eg skulle kaste opp. Eg tenkte – i mitt rasjonelle hovud – eg har det heilt fint med kroppen og utsjånaden min. Og likevel kjøper eg ei truse på nett som er så trong at ho nesten er fysisk umogleg å få på seg. Eg går på julebord og har lyst til å kose meg og danse, men alt eg kan tenke på er jo at det pinnekjøtet eg no et, får eg ikkje plass til. Å gå på do er umogleg. Eg får ikkje trusa av meg, det er knappar nede slik at eg til naud kan tisse. På prøver på dagtid har eg altså på meg korsett og tenker at dette er eit sjukt konsept. Og så går eg på fest på kveldstid og har på meg denne trusa. Det er galskap.
Men der Julie og hennar samtidige har eit val, og kan gå på fest både med og utan snøring, i sko med og utan hælar, og slå seg laus etter eiga lyst, hadde Katerina og kvinner i hennar miljø på den tida ikkje noko dei skulle ha sagt.
Offer eller overgripar?
- Slike som henne blei surra fast i ein vakker og trong kjole og sett i ein sofa som ein slags potteplante.
Plasseringa i hierarkiet gjer henne til ei tikkande bombe. Menn får ikkje ein gong lov til å vere slemme med henne. Ho kjenner seg einsam, for ho blir ikkje behandla som eit ekte menneske. Einsemda blir uuthaldeleg.

Foto: Jens Sethzman.
Eg veit at ho myrdar fire menneske, og at det er ei ekstrem handling, men eg trur ikkje ho gjer det med overlegg. Det er omstenda som driv ho dit. På eit vis er det forfriskande, for kvinner skal alltid vere så omsorgsfulle, så oppofrande, så sjølvutslettande. Ho nektar. Og helvete bryt laus.
Katerina blir sett fri gjennom kjærleiken, lidenskapen og den seksuelle oppvakninga. Den er viktig for henne.

- Katerina blir sett fri gjennom kjærleiken, lidenskapen og den seksuelle oppvakninga.
- Sex er knytt til driftene våre, det ein gjerne trur at vi er heva over. Men vi er jo ikkje det. Å kunne nyte, og å kunne oppleve at naturen inni henne blir sett fri, gjer det umogleg for Katerina å vende tilbake til ekteskapet, til miljøet og strukturane som var teikna opp for slike som henne. Her blir ein plassert i eit usynleg hierarki, noko som også er gyldig i dag. På scenen er dette spelet konsentrert. Er det menn til stades, står dei over kvinnene. Du må finne plassen din etter kor rik eller fattig du er. Er du mørk, er du lys? Alt dette er der heile tida, og alle kjempar for ikkje å vere nedst i dette hierarkiet, for å unngå botnplasseringa.
Hierarkiske strukturar
Som kvinne vil du alltid lure på kor du er plassert. Julie Moe Sandø refererer til ein filmscene som har sett seg i minnet. Ei middelaldrande kvinne legg ut om kor fantastisk overgangsalderen er. For da blir kvinner til berre menneske.
- Kampen for at det er nok å berre vere eit menneske er interessant i seg sjølv.

Foto: Jens Sethzman.
- Vi har heile livet levd med eit enormt potensial. Kvinna blir nesten framstilt som noko heilagt, fordi vi heile tida ber med oss at vi skal bli fullverdige, at vi skal bli noko meir, oppnå noko meir. Menn derimot har levd med vissa om at å vere er tilstrekkeleg. Kvinner blir fort vrakgods, anten dei går ut på dato, og blir gamle, eller dei ikkje kan skaffe ein arving. Samfunnet ser annleis på deg når du blir mor, og – ikkje minst – dersom du endar opp barnlaus. Katerina blir ikkje med barn. Og da er det ikkje noko ved henne som har verdi. Ingen er interessert i kven ho er. Kampen for at det er nok å berre vere eit menneske er interessant i seg sjølv, synest eg.
Utilstrekkeleg som kvinne
Den kampen kjenner Julie på sjølv. I ein travel kvardag med jobb, mann og to ungar på eitt og tre år.
- Eg ber stadig på ei kjensle av å måtte gi andre noko dei treng for at eg skal finnast. Nærværet mitt aleine er ikkje nok, ikkje interessant nok. Eg lurer på om det ligg litt indoktrinert i meg som kvinne. Eg må tilby noko. Omsorg. Kjærleik. Mat. Det sit i oss. I ryggmargen. Hjernen er innstilt på jobb, men noko i meg seier at da er eg ei dårleg mor. Eg får behov for å komme heim, sjølv om ungane har ein far som tar fullt ansvar. Men eg må inn og forstyrre. For kven er eg – som kvinne – om dei har det heilt fint utan meg?
Men der Katerina frå Mtensk nektar å akseptere den skjebnen ho får, og prøver å endre han, innrømmer Julie Moe Sandø at ho innimellom kjenner at ho taper.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
- No lever eg livet slik det blir forventa, og samstundes ser eg det utanfrå, utan at eg får gjort noko med det. Strukturane i samfunnet ligg jo der, og i meg. Vi lever i ei tid der vi er medvitne desse strukturane og hierarkia, men framleis lever i dei og ER dei.
- Det hadde vore digg for meg om eg hadde akseptert rammene mine. Det er slitsamt å til dømes gjenkjenne når eg spelar på feminine stereotypiar for å flørte med nokon, samstundes som eg må akseptere at sånn er eg, seier Julie Moe Sandø avslutningsvis.
- Det er naturleg i den verda eg lever i.
Intervjuet er publisert 16. januar 2025.