Bakgrunnsartikkel

Eit kjolefengsel

Katerina Lvovna – eller Lady Macbeth – er rik, men innestengd i eit gods og eit kjolefengsel. Berre til pynt. Bak kjolefengselet står kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Store kjolar, kontrastar og skamlaus sjangerblanding er noko av det som kjenneteiknar kostyma til Brosten, om ein skal forsøke å beskrive dei. Ho er ein av landets mest travle innan sitt fag, og designar kostyme for alt frå TV, film (til dømes for filmen Armand), teater og reklame – til artistar som Girl in Red, Gabrielle, Ane Brun og Skaar. I tillegg er ho stylist for motemagasin, så Alva Walderhaug Brosten er ikkje lett å få fatt på. Men det var henne regissør Melanie Mederlind ville ha til å skape kostyma til Lady Macbeth.

- Eg elskar at det handlar om «female rage» - det feminine sinnet som sjeldan får lov til å utspele seg, seier Alva Brosten.

- Eg elskar at det handlar om «female rage» - det feminine sinnet som sjeldan får lov til å utspele seg.

Kostymedesignar Alva Walderhaug Brosten gjestar Det Norske Teatret første gong. Foto: Håkon Gleditsch.

- Først lever Katerina totalt inneslutta, men så gjer ho det ho vil for å få det ho vil ha, eller må gjere for å overleve sjølv. Det er nesten litt tilfredsstillande at ho berre tek for seg.

Krinolinar og detaljar

For å understreke det innestengde livet Katerina Lvovna lever med mannen ho ikkje elskar i det flotte godset ho ikkje får lov til å forlate, har Alva med nitid sans for detaljar skapt kjolar med korsett og krinolinar, inspirerte av forfattar Nikolai Leskovs samtid på 1860-talet. Kjolen er ubehageleg for skodespelar Julie Moe Sandø å gå i, og gjer det vanskeleg for henne å røre seg.

Katerina Lvovna - eller Julie Moe Sandø - i einsam majestet i kjolen med Brostens design. Foto: Jens Sethzman.

Kjolen til Katerina er overdådig. Gulfargen og stoffet er nøye vald ut i samarbeid med både regissør og lysdesignar. I kontrast til hennar storslegne kostyme, står arbeidsfolket og kjærleiksinteressa hennar, stallguten Sergej.

Dei er kledde i teknikarklede – eller svarte moderne klede.

- Eg ville at arbeidsfolket skulle kjennast som ei litt maskulin og trugande kraft, og med teknikarkleda fekk vi nett den effekten vi var ute etter. Vi testa å ha meir historiske klede på Sergej også, men da blei han for puslete i forhold til Katerina.

Svein Roger Karlsen som Katerinas svigerfar, godseigaren Boris, i tidsriktige rikmannsklede. Arbeidarane (Erik Braatnes, Andreas Vedvik) har teknikarklede. Foto: Jens Sethzman.

Raud fare

Når Katerina har fått mannen og svigerfaren av vegen og sjølv er blitt herre på godset, ikler ho seg eit knallraudt ridekostyme med bukser og sjakett.

- Vi ville ha eit heilt rått antrekk. Med det raude kostymet er ho på «top of her game».

Foto: Jens Sethzman.

- Vi ville ha eit heilt rått antrekk. Med det raude kostymet er ho på «top of her game», kan du seie. Ho har drepe to personar, ho kan ligge med han fyren når ho vil. Full on. Ho anar fred og ingen fare. Det går dritbra. Og sekundet etter snur det. Så blir fallet desto tydelegare når ho endar opp i noko som er meir som moderne sivile klede.

For Alva Walderhaug Brosten er oppteken av at kostyme ikkje skal bli for historisk korrekte.

- Når Katerina står der i heilt vanlege klede på slutten, blir det vanskelegare for publikum å distansere seg. Klede er lett å relatere seg til og eit veldig godt verktøy for at publikum skal kjenne seg igjen i det vi prøver å fortelje.

Foto: Jens Sethzman.

Intervjuet er publisert 16. januar 2025.