Kjersti Horn er ute og et middag med Édouard Louis. Dei kjenner ikkje kvarandre så godt enno. Plutseleg seier Louis: - Synest du ikkje det er fantastisk, Kjersti, at du kan dra til eit anna land, og plutseleg er du eit heilt anna menneske?
Inni seg tenkjer Kjersti at, - Nei, det forstår ikkje eg.
Det er mange år seinare, og vi sit på kontoret til Kjersti Horn, teatersjefens kontor på Det Norske Teatret. Vi snakkar om det mangeårige samarbeidet og vennskapen med Édouard Louis. Om framsyninga ho arbeider med no, Forandre seg: metode, som handlar om Louis si flukt frå staden han vaks opp og den ekstreme forandringa for å bli ein annan. Og det er da dette minnet kjem, og spørsmålet frå Louis under denne middagen.
- Dette har eg tenkt på så mange gonger etterpå: At Édouard har kjent på ei form for utanforskap. Mens min utanforskap er ein som eg ikkje kan flykte frå.

Édouard Louis Foto: Jean-François Robert/modds/Aschehoug
Eit anker og ei plikt
Første gong Kjersti Horn høyrde om Édouard Louis, var på radioen. Han snakka om debutboka si, Farvel til Eddy Bellegueule. Om oppveksten i Nord-Frankrike, om fattigdom, rasisme, homofobi, utanforskap. Om strukturane som låser menneske fast. Édouard Louis, knapt 20 år, hadde brote fri. Han hadde skapt seg eit nytt namn og eit nytt liv. Og han hadde skrive ei bok om det.
– Eg tenkte at dette mennesket har ei eiga evne til å snakke om verda og kople det til sine eigne erfaringar på ein måte eg ikkje hadde høyrt eit ungt menneske gjere før. Så da løpte eg ut og kjøpte boka. Og eg las ho fort – for ho er jo kort, haha - og så ringde eg til skodespelar Emil Johnsen med ein gong. «Dette kan du spele,» sa eg til han.
Sånn blei det.
I 2015 var det urpremiere på teaterframsyninga Farvel til Eddy Bellegueule på utestaden Jaeger. Édouard Louis var sjølv til stades, han tusla rundt i det vesle kjellarlokalet i Oslo.
- Han er veldig spesiell! Eg hugsar første gong eg møtte Édouard. Det var nesten som å treffe Jesus. Han har ein spesiell måte å vere på. Veldig klår i blikket sitt på verda. Tydeleg utan å vere agitatorisk.
På 10 år har Kjersti Horn laga teater av fem av romanane hans. Det har blitt som eit slags anker i hennar eigen kunstnarskap. – Måten Édouard snakkar om verda, urettferd, utanforskap og ulikskap på, blir ei påminning om kvifor vi held på med dette. Han er heilt kompromisslaus, set seg sjølv inn i det kunstprosjektet – og politiske prosjektet – så fullstendig, og gjer seg sjølv veldig sårbar i det han skriv.
Fordi det er så personleg for Édouard, har Kjersti Horn også kjent det som ei plikt å lage teater av bøkene hans. I haust er det urpremiere på Forandre seg: metode, ein slags tematisk oppfølgjar til debutromanen. Åleine på scenen står skodespelar Vetle Bergan.




Ekstrem forvandling
Teateret, skriv Louis i Forandre seg: metode, hadde fått han til å forstå at viss han ønskte å bli ein annan, måtte han spele det , heilt til han blei det. I boka skildrar han den harde kampen for å skape seg om. Han gjennomgår ei ekstrem klassereise, og skaper seg sjølv på nytt. Den symbolske handlinga i å endre namnet Eddy til Édouard – som tittelen på debutboka viser til - , er sentral i dette, men forvandlinga verken startar eller sluttar med namneendring.
- Det er ei ekstrem historie.

Vetle Bergan står åleine på scenen i framsyninga Forandre seg: metode.
I ein alder av litt over tjue år, hadde han gjennomgått fleire operasjonar, funne opp nye måtar å bevege seg på, snakke på, ete på, og han hadde kvitta seg med den nordfranske barndomsdialekta si.
Det er ei ekstrem historie, meiner Kjersti Horn. - Ein kan tenkje at dette er ei lykkeleg ‘Billy Elliot’-historie. Men når han snakkar om alt han har måtta forsake, og korleis han sjølv har svikta menneske som stod han nær i ein desperat kamp etter å bli noko anna enn den han i kjernen faktisk er, så er det veldig, veldig sørgjeleg. Forandre seg: metode synest eg eigentleg er ei ganske fæl historie.
Det personlege er politisk
Édouard Louis har sagt at fiksjon er ein luksus han ikkje har råd til. Derfor må historiene hans vere sanne. Men sjølv om det er personlege historier han skriv, så er det nokre universelle tema her.
- Eg hugsar da eg gjekk på teaterskolen, så laga eg ei barneteaterframsyning som handla om funksjonshemma barn og seksualitet. Da sa læraren min «Kanskje du burde lage noko meir allmenngyldig». Men eg trur det er det motsette som er svaret. Jo meir spesifikt du går inn i det som berre du kan vite, jo meir vil det opne opp for ting som alle menneske går og gøymer inni seg. Uansett om det er likt eller ikkje.
Kjersti Horn tenkjer at det er nettopp dette Édouard gjer så fenomenalt. Han gjer det personlege politisk. - Ein snakkar mykje om gjenkjenning, men det Édouard gjer, er veldig spesifikt. Han fortel berre om seg sjølv. Han er utruleg dyktig på å ta det heilt vesle ut og sjå korleis verda heng saman gjennom det. Det er ein fantastisk eigenskap. Og det er det som opnar historiene hans opp for mange.
Krafta i audmykinga
Édouards utanforskap er den seksuelle legninga hans. I Forandre seg: metode innser han at begjæret er den viktigaste årsaka til at han måtte flykte. Audmykingane han opplevde i oppveksten, var det som tvinga han til å bli fri.
- Det synest eg er veldig fint i denne teksten. Det er ein slags motor, at han plutseleg forstår at om han ikkje var homofil, så hadde han ikkje gjort dei ekstreme vala. Da hadde han blitt igjen der, blitt som broren, som går under. Og det er interessant, når ein følger ein forfattarskap så tett, at det er innsikter som kjem under vegs. Det er eit anna perspektiv der no, som han ikkje skriv om i dei første bøkene sine.
Flukt har vore eit gjennomgåande tema i fleire av bøkene Édouard Louis har skrive. Monique flyktar handlar om flukta til mora. Den nye romanen som kjem i haust, Kollaps, handlar om broren, som ikkje fekk til å flykte, og drakk seg i hel.
Men først og fremst er det eiga flukt Louis har skrive om.

I monologframsyninga Qui a tué mon père min står Édouard Louis sjølv på scenen. Framsyninga blei vist på Det Norske Teatret under Den Internasjonale Fossefestivalen i 2025, der Louis var festivalprofil. Regi er ved Thomas Ostermeier og framsyninga var eit gjestespel frå Schaubühne Berlin.
Kunsten og flukta
For Louis var flukta eit spørsmål om liv og død. Men i Forandre seg: metode kjem han også til innsikta at flukta kanskje ikkje er mogleg.
- Han skriv at han trudde han kunne flykte, men han lykkast jo ikkje med det. Han har seg sjølv med seg heile vegen. Og mot slutten tenkjer han at det var kanskje ikkje det å flykte som var svaret.
I staden går han inn i det. Han begynner å skrive om eigen oppvekst. Først blir han avvist av fleire forlag. Ingen ville tru på det han hadde skrive. Så mykje fattigdom og vald kunne ikkje eksistere i Frankrike, fekk han høyre. Men 21 år gamal debuterte han som forfattar, og Forandre seg: metode sluttar der. Å kunne sette ord på eigne opplevingar, kjensla av utanforskap, er ledd i det å bli fri for han. I den grad det er mogleg å bli fri.
Å finne svar i kunsten, har også vore sentralt for Kjersti Horn.
- Eg jobbar jo med teater, og det er eit slags eksistensielt prosjekt for meg. Eit forsøk på å finne ein måte å vere i verda på. For Édouard er det skrivinga. Og krafta i det, kan eg eg kjenne meg veldig igjen i. Det er ein måte å prøve å finne ein stad det er plass til ein. Finne ein stad der ein kan – saman med andre menneske - forsøke å forstå, vere i dilemma, eller i sårbarheit som ein kanskje ikkje har ord for. Édouard skriv jo den same boka om igjen og om igjen. Så det er ikkje sånn at han kjem seg ut av det. Men det er i alle fall ein stad der han kan vere.