Bakgrunnsartikkel

Møt: Vetle Bergan

Vetle Bergan var nyleg nominert til Heddaprisen som Beste skodespelar/hovudrolle for rolla han spelte i Arven på Nationaltheatret. No er han tilbake på sitt heimlege teater, og i haust er han aktuell både i Einkvan og med soloframsyninga Forandre seg: metode.

- Eg skal mellom anna framføre teksten Forandre seg: metode, ein monolog basert på boka med same namn av Édouard Louis, i Kjersti Horn sin regi. Det handlar om klassereisa han gjorde, frå ein oppvekst i fattigdom i Nord-Frankrike, til å jobbe seg oppover i den intellektuelle, litterære middelklassa i Paris. Noko som eigentleg skal vere komplett umogleg. Det er eit utrykk på fransk som seier «den sosiale heisen er øydelagd», og som refererer til at den sosiale mobiliteten i Frankrike er nesten ikkje-eksisterande. Gjennom å forandre seg sjølv skal Édouard ha klart det, og i Forandre seg: metode beskriv han denne reisa. Han fortel også om korleis han brukte det å bli håna for å vere homofil som ei drivkraft for å få sosial og intellektuell status.

Kva var din aller første replikk på ein scene – og korleis gjekk det?
- Det var i barnehagen, eg spelte sjørøvar og sa noko slikt som «Kor skal vi?». Det gjekk veldig, veldig bra. Eg fekk masse skryt etterpå.

Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”
- fekk vurdering etter eksamensframsyninga på dramalina ved St. Hallvard videregående skole. Da sa ein av lærarane til meg at eg kunne bli skodespelar dersom eg ville. Eg veit ikkje om eg hadde prøvd det, om ho ikkje hadde sagt det!

Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?
- Det var under førebuingane til Utiseta med regissør Lisa Lie her på teateret. Eg var vaken ei heil natt på ein gravplass frå mellomalderen, og fekk beskjedar frå forfedrane mine om korleis eg skulle spele nisse.

Når sal og scene blir foreinte, og ein gløymer tid og stad.

Foto: Monica Tormassy

Alle har jo gløymt replikkar på scenen – kan du fortelje om ein gong det skjedde deg?
- Eg spelte i Arven på Nationaltheatret, og skulle seie «La oss snakke om økningen i narkotikamisbruk, hjemløshet og …»
«Selvmord!» sa suffløren.
Eg: «Hæ?».
«SELVMORD!» sa suffløren.
Da var eg plutseleg påkopla igjen, og kunne halde fram: «…selvmord blant unge LHBT-ere.» Det var litt uheldig.

Kva er det mest minneverdige som har skjedd deg bak scenen?
- Under Into the Woods hang eg i ein vaier ni meter opp under taket. Etter eg blei heist ned, hekta vaieren seg fast i ein lysrigg som deisa ned på sidescenen - nett der eg og fleire hadde stått berre få sekund tidlegare. Da tenkte eg: Er det verkeleg verdt det?

Kva er det beste ved å vere skodespelar?
- Når sal og scene blir foreinte, og ein gløymer tid og stad.

Har du ei kulturanbefaling?
- Filmane Queer av Luca Guadagnino og Zone of interest av Jonathan Glazer. Og så gler eg meg til det nye albumet til Joanne Robertson, som kjem 18. september!

Artikkelen er publisert 9. september 2025.