Billett­informasjon

Våre prisar og rabattar

Ordinærpris varierer frå oppsetjing til oppsetjing. Prisane finn du på sida der framsyninga er presentert. Rabatterte prisar er synlege når du har valt dato og framsyning. Du må sjølv passe på at kvar plass får korrekt pris om den som skal bruke billetten har rett på personavhengig rabatt. (Hugs å ta med relevant legitimasjon/medlemskort til framsyninga).

Rabattar gjeld ordinære framsyningar alle vekedagar. Ved gjestespel og familieframsyningar kan andre reglar gjelde.

Grupper får rundt 20 % rabatt ved kjøp av minimum 20 billettar.

Familieframsyningar har rabatt for barn og honnør. Vi har gruppepris ved kjøp av over 20 billettar.

Yngda er ein gratis medlemskap for unge mellom 18 og 28 år.
Medlemskapen gir teaterbillett til kr 160,-, møte på scenekanten og andre eksklusive fordelar. Medlemskapen er personleg og kan nyttast ved billettkjøp på nettsida og i billettluka.

Barn til og med 18 år får barnepris på alle framsyningar.

Studentar/elevar får studentpris mot å syne gyldig studiebevis. Elevgrupper i regi av skolen (min. 10 personar) får spesialpris på dei fleste framsyningane. Kontakt skoleansvarleg på epost undervisning(@)detnorsketeatret.no for informasjon og gruppebestilling. Studentbevis gjeld til og med 35 år.

Honnør Personar over 67 år eller personar med trygdekort får billett til honnørpris ved å syne gyldig legitimasjon. Meld i frå til billettluka om du har spesielle behov.

Ledsagerbevis Ordninga med følgjekort (ledsagerbevis) gjeld ved Det Norske Teatret. Billettar med ledsagerbevis må ein bestille via billettluka. Ta kontakt på telefon. Meld i frå om du har spesielle behov.

OBOS-rabatt OBOS-medlemmar får om lag 20 % rabatt på 2 billettar per medlemskap til alle ordinære framsyningar. Hugs å ta med medlemskortet eller app i teateret. Når OBOS reserverer ein heil sal, kan andre reglar gjelde.

Venner av Det Norske Teatret har om lag 30 % rabatt på billettar til alle ordinære framsyningar.

Kjøp ei heil framsyning Ved kjøp av alle billettane til ei framsyning gir vi rabatt. Ta kontakt med kommunikasjonsavdelinga på telefon 22 47 38 00 for meir informasjon.

Byting av billettar Kontakt billettluka på telefon 22 42 43 44. Bytegebyr er kr 100 per transaksjon (per ordrenummer, ikkje per billett). Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga og du kan berre byte til ein annan dato, ei anna framsyning eller til eit gåvekort. Kjøper du billettar i julegåve, er det ikkje bytegebyr i januar.

Gåvekort Du kan kjøpe gåvekort i billettluka og på nettsida vår. Du bestemmer sjølv kva sum du ønskjer å gi. Gåvekortet gjeld i 2 år og kan også brukast som betaling i billettluka og på nettsidene våre.

Kjøpsvilkår

For å kjøpe billettar til Det Norske Teatret via heimesidene våre, må du vere registrert som brukar.

Personopplysningar du gir oss blir handsama i tråd med GDPR og gjeldande norsk lov om personvern og innsynsrett. Du redigerer sjølv opplysningane.
Kjøpet er gjennomført når betalinga er registrert. Du får da ei stadfesting på skjermen og i løpet av få minutt får du ei kvittering også på e-post. Du kan velje om du vil skrive ut billetten din sjølv, laste han opp på mobilen eller få billetten sendt til heimeadressa di. Det kostar kr 50 å få billettar i posten.

Nettsal og tryggleik
Det Norske Teatret nyttar programmet SRO til å selje billettar. Sjølve betalingstransaksjonen blir handsama av betalingsleverandøren Bambora. Opplysningane dine blir krypterte ved hjelp av SSL (Secure Sockets Layer) og 3D-Secure og følgjer bankanes krav til tryggleik. Du kan bruke VISA, Eurocard/MasterCard, Vipps og teaterets eige gåvekort.

Refusjon og byte
Kjøpte billettar blir berre refunderte ved avlysing eller endringar i speleplanen. Vi refunderer ikkje reise, opphald mm. Angreretten ved fjernsal og kjøp utanom fast utsalsstad gjeld ikkje for teaterbillettar (jf. angrerettslova § 22.)
Angreretten på 14 dagar frå kjøpsdato gjeld derimot på gåvekort som er kjøpt på nettet, jf. angrerettslova paragraf 21.
Du kan byte billettar mot eit transaksjonsgebyr på kr 100. Billettar må bytast seinast dagen før framsyninga og du kan byte til ein annan dato, ei anna framsyning eller til eit gåvekort. Ring billettluka for å byte billettane dine - du når oss på 22 42 43 44.

Mista billett
Har du mista billetten din, kan vi finne han igjen så lenge vi har registrert kven som har kjøpt han med namn og/eller telefonnummer. Har du kjøpt på nettsida vår kan du logge deg inn på MI SIDE og finne bestillinga di der.

Prisar og rabattar
Prisar og evt. rabattar vil liggje tilgjengeleg under kvar framsyning.

Billettar blir kontrollerte ved inngangen til framsyninga, og dørene stenger presis.
Er billettar kjøpt med personavhengig rabatt (t.d. student, honnør eller ulike former for medlemskap) skal gyldig legitimasjon bli vist saman med billetten ved inngangen til salen. Utan slik legitimering må ein betale mellomlegg til full pris i billettluka.