Bakgrunnsartikkel

Ny podkast

I podkasten Leselaget inviterer vi nokre av våre fremste forfattarar til å lese ein klassikar og snakke om han. I første episode møter du forfattar Edvard Hoem.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Forfattarane Linn Ullmann, Kathrine Nedrejord og Edvard Hoem er alle aktuelle med tekstar på Det Norske Teatret våren 2025. No har vi fått dei til å lese kortromanen Lady Macbeth fra Mtsensk frå 1865 av den russiske forfattaren Nikolaj Leskov. Dramaturg Ingrid Weme Nilsen er programleiar, og i løpet av podkastserien skal ho undersøke om det kanskje er sånn at vi alle bør lese Leskov.

Dei to første episode er ute no, og i dei møtar du Edvard Hoem og Kathrine Nedrejord.

Edvard Hoem er første gjest i podkasten Leselaget, her saman med programleiar Ingrid Weme Nilsen. Foto: Ole Herman Andersen

- Mykje blod og død i dette her

l første episode av Leselaget fortel forfattar Edvard Hoem at han har lese mykje russisk litteratur, men ikkje Nikolaj Leskovs forteljing Lady Macbeth fra Mtensk.

- Eg må tilstå at Leskov har gått meg hus forbi! Men eg vil avgjort seie at dette gir meirsmak. Det er ei kraftfull, for ikkje å seie brutal form for litteratur. Mykje blod og død i dette her.

Hoem meiner at kvaliteten i forteljinga er at ein som lesar forstår kvifor det må gå så gale for hovudpersonen Katerina. Ho er fylt av kjærleik og sensualitet, men det er noko destruktivt i det.

- Undergang og død ligg som eit lys over heile lidenskapen. Og det er eit paradoks, at det som skulle vere hennar sterkaste livskraft, blir ei destruktiv undergangskraft.

Hoem meiner at det er ei sanseleg forteljing, og at det ikkje er tilfeldig at Lady Macbeth fra Mtensk blir teater. - Eg trur den på ein eller annan måte glir inn i den brutaliteten og lidenskapen som pregar vår tid. På godt og vondt.

Edvard Hoem konkluderer med at Lady Macbeth fra Mtensk er eit stykke litteratur på høgt nivå. I vinter blir framsyninga basert på hans eigen roman Jordmor på jorda, vist på Det Norske Teatret. På slutten av podkasten snakkar dramaturg Ingrid Weme Nilsen og Hoem også om den romanen.

Lytt til første episode av Leselaget med Edvard Hoem:

I første episode av Leselaget er det forfattar Edvard Hoem som er gjest. Podkasten finn du der du elles lyttar til podkast.

Kathrine Nedrejord er andre gjest i Leselaget, med med programleiar Ingrid Weme Nilsen.

- Eg vil kalle den ein ‘page turner’

Andre medlem i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den!

- Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving.

- Eg er jo frå Finnmark, og eg føler at kulturane overlappar noko. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten.

Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth fra Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord.

Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjedar seg.

Kathrine Nedrejord

Lytt til andre episode av Leselaget, der forfattar Kathrine Nedrejord er gjest.

Sjølv om Kathrine Nedrejord liker boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk:

- Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?

Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den romanen. Derfor:

– Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.

Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen roman Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Forbrytar og straff blir no til teater på Det Norske Teatret.

Bli med i laget!

Vi vil gjerne ha med deg i Leselaget også! Dette er det du treng å vite:

Det blir sagt at Leskov er den mest russiske av alle russiske forfattarar. Ein språkets meister og blant dei finaste forteljarane i russisk 1800-talslitteratur. Dessverre for Leskov hamnar han ofte i skuggen av dei store realistane som Dostojevskij og Tolstoj, men blant dei russiske forfattarkollegaene var han høgt skatta.

Programleiar Ingrid Weme Nilsen vil gjerne ha med deg i Leselaget! Foto: Ole Herman Andersen

Lady Macbeth frå Mtsensk er ei kort forteljing på ca. 60 sider. Men på desse få sidene får du ei uhyggeleg historie, full av stormande kjærleik, store svik og drap på rekke og rad. Og i sentrum av det heile står den unge, vakre kjøpmannskona Katerina Lvovna Izmajlova.

Lady Macbeth frå Mtsensk er dessverre ikkje lengre mogleg å kjøpe på norsk i bokhandelen. Men du kan låne ho på biblioteket eller kjøpe boka på eit antikvariat. Ho ligg også gratis tilgjengeleg i digital versjon på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Våren 2025 speler Det Norske Teatret framsyninga Lady Macbeth, basert på teksten til Nikolaj Leskov.