Intervjuet er frå 2019.
Tilfeldigheitene skal ha det til at skodespelar Svartveit og forfattar Lillegraven gjekk på Voss gymnas saman, men det var først under ei lesing av nettopp Sigd på Det Norske Teatret for eit par år sidan at dei helsa på kvarandre første gongen.
- Eg blei veldig bergteke første gongen eg las Sigd. Det var eit språk som trefte meg. Ikkje berre med orda, men òg lukta, lyden og smaken av Granvin og Hardanger kom ut av boksidene. Det er ein kontrast mellom skildringa av dei små vare tinga som fargane på ein blome. Greiner som vislar. Angen frå åkrane. For så å løfte forteljinga opp igjen til dei store hendingane i livet til odelsguten Endre. Det er eit heilt liv mellom desse bokpermane, og måten Ruth Lillegraven skildrar spennet mellom dette er meisterleg, seier Morten Svartveit.

Når livet tek ein sigd-sving
I boka Sigd møter vi Endre som veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Framfor Endre ligg ei framtid lik den far hans og fedrane før han har hatt. Men Endre blir sjuk og sengeliggjande. Ei brå og uventa vending for han som til no har visst kva lagnaden i livet var.
- For oss som ikkje er vakse opp på gard er ikkje det med odel ein del av livet. Men du treng ikkje å vere født med odel for å kjenne igjen tankane til Endre. Alle desse tinga som formar oss i løpet av livet. Val som vi tek, og dei som alt er tekne for deg. Fleire av søskena til Endre vel å dra til Amerika, og det er klart det må ha vore vanskeleg å høyre om det fantastiske landet medan du sjølv går og trakkar oppi ei fjellside.

Sigd er òg kjærleikshistoria om ekteparet Endre og Abelone. Eit par som til slutt må lage seg sitt heilt eige språk for å kunne snakke saman når Endre stadig blir sjukare. Ei språkferd som til slutt knyter paret saman igjen.
- Sigd er ei tidlaus historie sjølv om ho er tidsbestemt. Ei livsskildring med håp og draumar, og plikter og ansvar. Og dårleg samvit. Det trur eg vi alle kan kjenne oss igjen i. Vi kjem frå noko, og vi vil skape noko som er bra for dei som kjem etter oss. Og det synest eg boka treffer godt i vår tid òg.
Toppfoto: Siren Høyland Sæter