Bakgrunnsartikkel

Kvinne, 2024

Gjertrud Jynge er aktuell når dramatiseringa av Linn Ullmanns bestseljande roman Jente, 1983 finn vegen til Det Norske Teatret i haust. Sjølv meiner ho at romanen seier vel så mykje om ei kvinne på hennar eigen alder.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

- For kven er du eigentleg? Om du var 16 år i 1983, er du den same personen når du kjem ut av overgangsalderen førti år seinare? Eg er usikker, eg har ikkje kjensla av å vere den same no som da eg var 16, seier Gjertrud Jynge.
- Men vala du tok med tenåringens sterke overtyding, styrt av ein grådig trong til å erobre verda, dei pregar deg seinare i livet.

I Jente, 1983 får vi historia fortald av ei vaksen middelaldrande kvinne. 50 år gamal får ho ein tung depresjon. Nokre år seinare prøver ho å forstå kvifor ho blei ramma av denne. Kan det ha samanheng med noko ho opplevde i ungdommen? 16 år gamal opplevde ho noko grenseoverskridande. Dette traumet har ho lagt lokk på, men no boblar det til overflata.

- Som ung jente drog hovudkarakteren i romanen til Paris for å bli fotografert av ein motefotograf. Ho innleier eit forhold til den mannlege fotografen som er 44 år, altså om lag 30 år eldre enn ho sjølv. Ho er tiltrekt av han og det miljøet han høyrer til.

Uttrykksfotoet til framsyninga, er eit bilde av Gjertrud sjølv, slik ho såg ut som sekstenåring.

- Men denne erfaringa held ho skjult, det er eit traume som ho kapslar inn og ho deler det ikkje med nokon. Som godt vaksen fungerer ho ikkje lenger. Ho er overmanna av angst. Og er tvinga til å sortere og finne ut av kva det er som er grunnen til at ho ikkje fungerer.

Nært samarbeid

Gjertrud Jynge er i gang med minnesorteringa saman med ein mann ho etter kvart kjenner godt. Luk Perceval er den europeiske stjerneregissøren som ho første gongen arbeidde med da dei dramatiserte Trilogien av Jon Fosse. Eit samarbeid som det dryssa prisar og honnørord over. Seinare var Gjertrud Jynge med da Luk Perceval sette opp Fuglane, ein tittel med ein lang og stolt tradisjon ved Det Norske Teatret. Ho meiner det er ei gåve å få arbeide med han.

- Luk Perceval er ein heilt fantastisk regissør. Det er nokre du møter gjennom dette livet som opnar dører både til arbeidet og deg sjølv. Han jobbar veldig fysisk med dynamikk og temperament. Luk har ein større filosofi kring arbeidet, og brukar yoga og meditasjon aktivt. Han utfordrar, han dyttar, han krev mykje av deg og han er veldig morosam. Eg unner alle å få arbeide med ein mann som han. I Trilogien arbeidde vi med ei gamal dame som hadde arva eit traume frå mor si. Denne karakteren sette saman ein mosaikk av ting ho hadde høyrt, ting ho hugsa og ting ho innbilte seg. Det er visse parallellar til det arbeidet vi gjer no.

Gjertrud Jynge i Trilogien av Jon Fosse, dramatisert av Luk Perceval (2019, på Hovudscenen). For rolla som Ales vann ho Heddaprisen for Beste kvinnelege skodespelar året etter. Foto: Erik Berg.

Det var Gjertrud Jynge som kom med Linn Ullmanns Jente, 1983, og sa at han måtte lese romanen. Kanskje den kunne vere noko for scenen?  Han blei hekta på boka med det same, og slukte henne. Dei deler fascinasjonen over at førti år etter hendinga i Paris, så reagerer kroppen til hovudkarakteren i boka med å utløyse all denne spenninga


- Det er ein ny livsfase, du er nærare døden.

No har dei saman dykka djupt i stoffet. Luk Perceval har laga si omarbeiding, og undervegs i prosessen har forståinga av historia stadig endra seg for Gjertrud Jynge. Men dei er samde om at hemmeleghald kan gjere deg sjuk. Eit menneske kan gløyme, men kroppen hugsar.
- Fortellinga handlar om fleire ting, opplever eg. Den er knytt til å vere i den fasen av livet som eg sjølv er i. Det er veldig vanleg for kvinner i overgangsalderen at dei opplever både angst og depresjon, som gjerne fører til ei slags tilbaketrekking. Det er ein ny livsfase, du er nærare døden. Du mistar foreldra dine, no er du eldste leddet sjølv. Det at du ikkje lenger kan få barn, tapet av hormon som gjer at mykje endrar seg, mentalt og fysisk, det er så mykje skam knytt til det.

Livet

Gjertrud kjenner sterkt på at denne historia handlar om livet, i dag, i ei moderne verd.
- Eg synest Linn Ullmann får belyst viktige tema i denne romanen. Sjølv om forteljinga er knytt til eit traume, synest eg ho òg skildrar ulike livsfasar på ein treffande måte.
For sjølv om det er ei notidsforteljing, skal hovudkarakteren flytte seg i tid, i tankane, til ein tidlegare livsfase. Til ein periode lenge før metoo, til ei tid der grensene for akseptabel oppførsel var annleis.

Lovord og seksarar hagla over Linn Ullmanns roman Jente, 1983 da den kom ut i 2021.

- Ho var ung, ho ville ut i verda, ho ville bli sett og ho ville vere “objektet, midtpunktet, målet for ein annan sitt begjær”, som ho sjølv seier. Ho ser på denne historia som hennar ansvar. Eg opplever at det er ein diskusjon kring kvifor ho handla ho som ho gjorde, men utan å plassere seg i offerrolla. Eller å definere ein eller fleire overgriparar.

- Det er interessant at hovudkarakteren insisterer på at ho ikkje var eit offer.

Gjertrud understreker at lesemåten antakeleg vil vere avhengig av lesaren. Og alderen på lesaren.
- Mange av refleksjonane i romanen stemmer med mine eigne tankar. Dette med grensesetting, samtalen rundt offer og overgripar, det er ofte ikkje eintydig. Den 16-årige jenta har ikkje lært å ta vare på seg sjølv. Og kjenner ikkje sine eigne grenser. Derfor er ho også så sårbar og utsett. Mykje har endra seg sidan 1983. Når eg diskuterer grenser med til dømes tenåringsdottera mi, så er det tydeleg at eg kjem frå ei anna tid. Korleis hadde det vore om vi hadde henta fram ein karakter som Sossen Krogh. Om ho kom tilbake i dag og fekk ta del i samtidas diskusjonar, kva hadde ho tenkt? Det hadde vore interessant, for det er mykje som har endra seg i løpet av nokre generasjonar.

- Ho var ung, ho ville ut i verda, ho ville bli sett og ho ville vere “objektet, midtpunktet, målet for ein annan sitt begjær”.

Tenåringsmor

Gjertrud innrømmer at ho har bekymringar knytt til å vere mor til ei tenåringsjente i dag.
- Ho skal vekse opp i ei verd der det skjer så mykje som er utilgjengeleg for meg. Som eg ikkje forstår. Eg var sjølv lite eksperimenterande som tenåring. Eg var veldig ordentleg, antakeleg fordi eg hadde to eldre søstrer som hadde sterke opprør. Rolla mi blei meir å halde alt saman. Eg var ikkje sjølv utagerande, men har brukt store delar av vaksenlivet mitt på å forstå kven eg er, kanskje nettopp fordi eg ikkje prøvde ut så mange grenser i ungdommen.

- Denne romanen handlar om eit veldig einsamt barn, eit barn som er veldig åleine i verda. Eller som opplever at ho er det. Det handlar om fråvær av vaksenpersonar, fråvær av eit sikkerheitsnett rundt henne.

Da Gjertrud var jente i 1983, hadde ho nettopp opplevd det som for henne var ei skilsetjande endring. I likskap med jenta i forteljinga måtte ho flytte. Faren, hjarteforskaren, fekk arbeid i Trondheim og familien måtte bryte opp frå det trygge miljøet i Tromsø.
- Det å flytte på seg i ein slik alder, at det som trass alt har vore eit nettverk rundt deg med venner, skolen, plutseleg er alt nytt, det er ikkje berre enkelt. Ein kan miste ein tryggleik ein ikkje eingong veit at ein har, fordi alt det ein tar for gitt ikkje er der lenger. Denne romanen handlar om eit veldig einsamt barn, eit barn som er veldig åleine i verda. Eller som opplever at ho er det. Det handlar om fråvær av vaksenpersonar, fråvær av eit sikkerheitsnett rundt henne. Ho blir meir utsett. Eg hadde foreldre som var der, og eg hadde ein søskenflokk. Karakteren eg skal inn i no er eit menneske som har vore så åleine at ho har dikta opp ei fantasisøster, eller ei skuggesøster. Og denne figuren representerer ikkje noka form for trøyst eller fellesskap, ho er reint ut ganske skremmande. Er ho sjølve angsten? Når skuggesøstera melder seg igjen etter mange år, blir forteljaren redd og forstår at dette ikkje er eit godt teikn.

Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Same generasjon

Gjertrud kan kjenne seg igjen i mange av refleksjonane i denne romanen. Og i livet til forfattaren. Dei er same generasjon. Linn Ullmann er berre nokre få månader eldre enn Gjertrud, som hugsar dei glansa bilda i vekepressa av Linn Ullmanns meir glamorøse liv i 80-åra. Det var ikkje mange norske tenåringar som levde i blitzregnet på dei raude løparane i den amerikanske underhaldningsindustrien, eller som drog til Paris for å leve ut modelldraumen.

- Eg var veldig fasinert av henne. Ho levde så annleis, heilt til ho ikkje lenger gjorde det. For etter kvart likna liva våre meir og meir. Eg har også vore gift og skilt og har ein son frå det første ekteskapet. Eg har ei dotter frå mitt andre forhold. Som ho. Dotter mi bur framleis heime, eg har gamle foreldre som etter kvart treng meir hjelp. Som ho. Og sjølv om eg ikkje har hatt ein tung depresjon, så har eg merka endringar knytt til kva som er viktig i livet. Og kva som er mindre viktig. Dette er ein fase i livet der du har behov for å trekke nokre linjer for å forstå kven du er. Kven er eg no? Kven er eg no når eg ikkje lenger er ung og lovande?

- Dette er ein fase i livet der du har behov for å trekke nokre linjer for å forstå kven du er.

Gjertrud Jynge kjenner også igjen skammen som dirrar mellom linjene i Jente, 1983.
- Eg kan kjenne på ting eg har gjort og opplevd og tenke; var det verkeleg meg? Korleis kunne eg handle slik og slik? Dersom ein tenker om seg sjølv at ein er både opplyst og rasjonell, kvifor går ein ut over eigne grenser? Det er sjølvsagt menneskeleg. Ei svakheit vi alle kan kjenne på. I mitt tilfelle har eg tenkt på det i samband med ulike kjærastar og forhold. Korleis ein kan miste seg sjølv i den fasen når behovet for å bli sett og vere “objektet, midtpunktet, målet for ein annan sitt begjær” tar overhand.

Linn Ullmann diskuterer dette ærleg i Jente, 1983. I romanen skriv ho at mesteparten av det ho opplevde i Paris den gongen er gløymt, for dette er ein roman med eit sjølvbiografisk utgangspunkt.
- Ho hugsar det ikkje, og nokre av dei tinga ho ikkje hugsar, dei diktar ho fram. For Linn Ullmann er forfattar, ho kan skrive og fyller tomromma med dikting. Hovudkarakteren i romanen seier at ho alltid har strevd med blackouts og gløymsel, altså at ting er borte frå hugsen. Ho er sikker på at ho opplevde det ho gjorde, men ho er meir usikker på om ho kan fortelje det sant. Mora spør også om ho er sikker på om ho hugsar rett. Noko ho ikkje kan bekrefte. Men det er jo nettopp det som er sanninga. Vi veit kanskje ikkje heilt kvifor ting skjedde som dei gjorde, eller korleis det kunne skje. Vi veit også at vi sjølv mest sannsynleg har ønskt at noko skulle skje. Så viser det seg at visse hendingar blir sittande i kroppen. Og erkjenninga av at det ikkje burda ha skjedd kjem. Eg er ikkje overraska over at erkjenninga kjem i denne fasen av livet som Ullmann og eg er i no, avsluttar Gjertrud Jynge.

Artikkelen er sist oppdatert 28. juni 2024.