Bakgrunnsartikkel

Vassmannen

«Når du seier fram ein tekst, må du sjå for deg kva du seier», sa mor til Luk Perceval da han som liten måtte lære seg franske dikt på skolen. Det er framleis den gylne regelen når den belgiske stjerneregissøren gir regi til skodespelarane sine. No er det Linn Ullmanns Jente, 1983 som fyller dagane hans. I tillegg til regn. Masse regn!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Nokre dagar før vi møtest i kafeen på Det Norske Teatret opna vêrgudane slusene over hovudstaden vår. Vatnet pipla ut av røyra inne i teaterhuset, fossa ut av toaletta, rann ut over golva. Laga elver nedover Karl Johan.

Det regnar framleis, og regissøren har hendene fulle med å tette hol på båten han bur i når han ikkje er på jobb. Men det verkar ikkje å uroe Luk Perceval. Han er venn med vatnet, det omgir livet hans og fører han frå jobb til jobb. Han har noko zen-aktig over seg, og snakkar sakte og med ei behageleg røyst.

- Eg har eit travelt liv, men eg trur det å vere i båten og leve på vatnet gir meg eit anna tempo.

- 80 prosent av kroppane våre er vatn. Vi er fødde i vatn. Å vere i ein trebåt er litt som å vere i mors liv igjen.

Han tek ein liten slurk av teen han har bestilt i kaffibaren på Det Norske Teatret. Han har på seg sin vanlege habitt: Ein sixpence bak fram og lause, behagelege bukser. Milde auge plirer ut gjennom eit par runde hornbrille. Han ser ut som ei kryssing av ein intellektuell, kunstnar, sjømann og yogamann. Det passar ganske bra. Luk Perceval har lese mykje, bur på ein seglbåt og er yogalærar i tillegg til å vere teaterregissør og dokumentarfilmskapar. Og vatn stressar han ikkje. Sjølv om det har bidrege med dramatikk og ført til nokre avgjerande vendingar i livet hans. Meir om det om litt.

Vidgjeten regissør på kontinentet

Regissør Luk Perceval er ingen kven som helst i teaterlandskapet i Europa. Mellom merittane hans er teatersjef ved nasjonalteateret i Antwerpen, engasjement som husregissør ved Schaubühne i Berlin og teatersjef ved Thalia Theater i Hamburg. Han har også sett opp stykke ved Deutsche Staatsoper Berlin, festspela i Wien og Salzburg og teaterfestivalen i Avignon.

Framsyninga Schlachten! (1999) blei skapt i lag med Tom Lanoye, og er basert på Shakespeares tetralogi om Rosekrigane, og er desidert blant Percevals største verk. Framsyninga blei vald ut til Teatertreffen i Berlin, og vann Innovasjonsprisen.

Han var den første som sette opp eit stykke av Jon Fosse i Tyskland, ved Münchner Kammerspiele i 2001. Draum om hausten blei året etter vald ut til bli vist under den gjeve teaterfestivalen Theatertreffen i Berlin, der berre ti framsyningar frå alle dei tyskspråklege landa blir plukka ut.

Gjennom oppsetjinga av Draum om hausten fekk han kontakt med Fosse, og da han nokre år seinare var han i Oslo i samband med ein teaterverkstad, gjekk dei to ein tur. Dei oppdaga at dei begge hadde den same fasinasjonen for båtar.
- Vi er også omtrent like gamle, og har gått gjennom… Kva skal eg seie? Vi har hatt nokre av dei same utfordringane i livet. Og dette kjenner eg veldig sterkt igjen i tekstane hans, forklarar den belgiske regissøren.

Under opphaldet i Oslo møtte han også teatersjef Erik Ulfsby, som inviterte han til å sette opp eit stykke ved Det Norske Teatret. Det måtte det bli Fosse. Luk Perceval dramatiserte romanserien Trilogien (2019) og fylte scenen med båtar og vatn. Oppsetjinga og gav han Heddaprisen for beste regi (2020).

Trilogien (2019), på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Foto: Erik Berg.

Vatnet som gir og tar

Men det var ikkje gitt at det skulle bli ein suksessrik teaterkarriere på Luk Perceval. Som ung var han mest oppteken av fotball, og blei til og med seld til eit 2. divisjonslag som 17-åring. På ein måte kan ein seie at det er vatnet som er skulda i at han blei teatermenneske. Luk Perceval blei fødd inn i ein skipperfamilie i Antwerpen, den flamske delen av Belgia, i 1957.

Tre gonger tok vatnet alt dei hadde. Første gongen gjekk familien konkurs da dei dreiv ein kanalbåtkafé, og elva fraus til heile den første vinteren. Deretter drog familien til sjøs med ein handelsbåt, men båten sokk i havet medan dei låg til kai. Deretter fekk foreldra jobb i ein kafe på land på land, men like før opninga blei lokala utsette for flaum. Faren blei etter kvart overflødig på arbeidsplassen, og brukte dagane heime til å sjå TV.

På veggen i båten til Luk Perceval, heng eit bilde av han sjølv som liten på foreldra sin båt. Foto: Monica Tormassy.

Luk veit med andre ord kva det vil seie å vekse opp i fattigdom.
- Ei lang stund hadde vi ikkje andre møbel enn eit bord og nokre stolar. Resten var i pappkasser. Eg skamma meg, og inviterte aldri venner heim, fortel han.

Diktet som sådde frøet

På skolen måtte dei flamske barna (som snakka nederlandsk) lære fransk, som er det andre offisielle språket i Belgia. Dette gjorde dei mykje gjennom å pugge dikt. Eit av dei første dikta han skulle lære seg handla om eit ektepar som stod opp og åt frukost i lag utan å veksle eit ord. Og det var da mor til Luk Perceval sa at han måtte sjå for seg teksten han skulle seie, og skape eigne mentale bilde, for at vi som høyrer på skal forstå kva det handlar om. Dette seier regissøren framleis til skodespelarane sine.

- Mor mi… lærte meg korleis eg kunne seie ein tekst. Veldig enkelt.

Lærarane blei begeistra for diktframføringa, og oppmoda han til å begynne med teater. Unge Perceval syntest det var noko tull jenter dreiv med, og dessutan var kunstnarar skrullete og rare. Men han gav det ein kjangs. Han byrja på teaterakademi og var med på teateroppsetjingar. Han såg alle framsyningane han kunne få sett, men fekk ikkje heilt fot. Ikkje før ein kveld han var på nasjonalteateret i Antwerpen (der han seinare blei teatersjef) og såg Ein seljars død av Arthur Miller, og fekk ei skilsetjande oppleving:
- Det var jo mitt liv som spelte seg ut på scenen! For første gong såg eg menneske som sleit med dei same problema som meg. Eg kjente meg ikkje lenger så aleine, og eg forstod at teateret kunne vere eit vakkert instrument for å skape forståing mellom menneske.

- Det var jo mitt liv som spelte seg ut på scenen!

Der og da bestemte han seg for at det var teater som skulle bli hans seglas i livet. Etter å ha gått skodespelarutdanning og jobba nokre år ved nasjonalteateret i Antwerpen (som han hata, fordi det var så gamaldags!), byrja han sjølv å regissere og starta sitt eige teaterkompani.
- Eg ante ikkje kva eg gjorde, men eg las Tadeusz Kantor, Jerzy Grotowski og Peter Brook, eg såg The Living Theatre – og alt dette gav meg så mykje meir glede, seier Perceval entusiastisk.For dei som ikkje er har lese seg opp på teaterhistorie, så er dette teaterlegender og grupper som har prega utviklinga av teateret og som har eit veldig kroppsleg uttrykk. Innflytelsen frå desse kan ein sjå i arbeidet hans.

- Målet var ikkje teksten, men mennesket på scenen.

Kroppen sa stopp

Teaterkompaniet han starta - «The not official subvention scene” – eksperimenterte med ulike måtar å prøve og måtar å lese tekstar.
- Målet var ikkje teksten, men mennesket på scenen. Derfor må personen, eller skodespelaren, vere heilt fri som menneske.
Kompaniet hans hadde stor suksess i Belgia, og han fekk over 40 tilsette. Menneske som han var arbeidsgjevar for, som skulle ha lønn. Kompaniet måtte halde fram med å ha suksess. Samtidig var han også ein far med eit familieliv. Det var eit rikt, men hardt og stressande tilvære.

- Eg stod opp om morgonen, drakk kaffi og røykte ein sigarett som frukost.

Luk Perceval i 1997, frå tida han dreiv teaterkompaniet Blue Monday Company (starta i 1984) i lag med Guy Joosten. Foto: Door Michiel Hendryckx via Wikimedia Commons.

- Deretter var det rett på jobb. I løpet av dagen åt eg berre søt mat, innrømmer Luk.
Om kvelden var han daudsliten og “started to eat like hell” før han stupte i seng med alt for mykje alkohol i blodet. Da han var 35 år sokk han saman på ein restaurant og vakna ikkje før han var på sjukehuset.

Legen var gravalvorleg da han fortalde at bukspyttkjertelen hans ikkje ville klare stort meir, og at han ville ende opp som rullestolbrukar om han ikkje endra livsstil.

Denne opplevinga sette ein real støkk i regissøren. På same tid møtte han ei skodespelarvenninne som hadde blitt yogalærar i India. Desse to hendingane markerte eit vasskilje i regissørens liv. Han ville ikkje sitte i rullestol, og han ville vere i stand til å arbeide, og la om korleis han åt og korleis han levde. Byrja å studere yoga. Trass i at han var skeptisk:
- Eg var ingen yogamann. Eg tenkte: Yoga er jo berre for jenter!

Men i dei flytande rørslene, pusten og den djupe innovervende konsentrasjonen fann han indre ro. Han landa i buddhismen, og er i dag også yogalærar og mindfulnesscoach.

- Yoga redda livet mitt.

Luk med yogamatta på båten. Han strøymer nestan dagleg yogatimer på nett til abonnentar frå heile verda. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Fysisk teater

Det kroppslege er noko som går igjen i Percevals arbeid, og han nyttar yoga og meditasjon for å gjere skodespelarane fysisk og mentalt klare for å fokusere hundre prosent rundt prøvane kvar dag. For å bli frie og inspirerte av det dei ser, høyrer og sansar. Dei som har sett oppsetjingane hans tidlegare, veit korleis skodespelarane bruker sterke fysiske uttrykk på scenen for å vise det som går føre seg inni karakterane. Nokre gonger slenger dei seg rundt, sleper seg langs golvet. Andre gonger er dei stive som om dei held noko inni seg.

- Eg er interessert i korleis kroppane våre kan uttrykke det vi forsøker å skjule.

Gjertrud Jynge som Ales i Trilogien. Ei framsyning ho bar det meste av teksten i, og fekk Heddaprisen for Beste kvinnelege hovudrolle for. Foto: Erik Berg.

Skodespelar Gjertrud Jynge fekk senebetennelse av rolla som Ales i Trilogien på grunn av måten ho brukte hendene på gjennom heile den tre timar lange framsyninga. Prestasjonen fekk ho da også Heddaprisen for beste kvinnelege hovudrolle for. I tillegg blei eit svært godt samarbeid og ein gjensidig fascinasjon født.
- Eg vil det skal vere ærleg. At skodespelaren skal vere inspirert til å seie teksten på den eller den måten.
Regissøren ser skodespelaren som ein slags sjaman. Ein vi i publikum gjerne vil vere som, sjølv om vedkomande er eit rasshol. Som Macbeth.

- Eg trur vi alle kan ha eit ønske om å vere så frie, i alle fall i tankane, til å tore å tenkje eller seie det umoglege.

- Kunsten gir oss dette rommet – ein plass der vi kan leve liv vi i verkelegheita aldri vil tore å leve. Men som er ein del av det å vere menneske.
I tillegg til teateret og yoga er båtlivet det som får Luk Perceval til å kjenne seg fri. Derfor elskar han å vere i Oslo, for da kan han bu på båten samtidig som han jobbar.
- Når eg er på vatnet, kan eg kjenne på ei form for flyt-inspirasjon, seier han.
- Og at vatnet fører med seg minne frå livet eg har levd. Dei er meir til stades når eg er til havs.

Og med det tømmer Luk Perceval tekoppen sin, reiser seg og slentrar roleg ut i juniregnet for å sykle ned til Aker Brygge. Der vil han vie seg til heilt profane syslar, som å fikse toalettet på sin kjære båt Ilonda.

Artikkelen er sist oppdatert 23. juni 2024.