Bakgrunnsartikkel

- Å lengte er ein del av tilværet

Av og til lengtar Thea Lambrechts Vaulen heim til Vestlandet. Men i skodespela til Arne Lygre føler ho seg heime.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

På ein måte er det litt paradoksalt, for det absolutt kjedelegaste skodespelar Thea Lambrechts Vaulen kan tenkje seg, er å pugge tekst. Det høyrer med til jobben, men det er ikkje gøy. Når teksten først sit, er det nokre tekstar som likevel blir sittande.

Tid for glede av Arne Lygre er ein av dei. Det er fleire år sidan Thea spelte i den framsyninga, men framleis kan replikkar dukke opp. Heilt ut av det blå. Nokre ord som blir sagt, og plutseleg er ho tilbake.

- Kor har eg høyrt det før? Jo, det var ein replikk frå Tid for glede, ja. Det er som at teksten blir verande, fordi han kom så nære. Ein del av han kan eg framleis hente opp. Han har sett seg i beinmergen min.

Thea veit at teater kan verke sånn. At enkelte opplevingar kan sette seg i kroppen. Framsyningar som snakkar hennar språk, der ei setning treffer som eit knyttneveslag i magen.

Til våren skal ho inn i det nyskrivne stykket Lengt. Det er tredje framsyning skriven av Arne Lygre som Thea speler i. Ei ny rolle ho skal meisle ut for første gong.

Tid for glede (2022) av Arne Lygre.
Eg føreslår at vi vaknar (2024) av Beate Grimsrud.
Ikkje ein lyd (2025) av Arne Lygre.
Skodespelet (2025) av Jon Fosse.

Det relasjonelle

Sjølv om ho førebels berre har hatt eitt aller første møte med det nye stykket, har prosessen begynt. Denne fasen av arbeidet liker ho godt. Når alle møtest for første gong og les gjennom manuset med låge skuldrer. Det er lenge til premieren. Ho berre gler seg til å gå inn i stoffet og tenkjer at dette kan bli kva som helst.

- Rolla eg skal spele i Lengt er på min alder, rundt tretti år. Ho har vore gjennom noko traumatisk, og ho sit fast , utan å vite korleis ho skal komme seg vidare.

Som alltid hos Lygre handlar det om relasjonar. Korleis vi menneske har det med kvarandre. Denne gongen er det forholdet mellom rolla til Thea, og tanta hennar, som blir spelt av Ane Dahl Torp. Historia utspeler seg i løpet av ein kveld der fire vennar frå barndommen møtest. I løpet av handlinga er det både tilbakeblikk og scenar som peiker fram i tid.

- Det er alltid spanande å møte ein tekst for første gong. Delar av rolla kan eg kjenne meg igjen i. Andre ting ikkje. Ho kan nok vere litt kvass, skyv folk vekk sjølv om ho eigentleg ønskjer nærleik.

Lengt blir også første gong Thea skal spele Lygre på Scene 2. Dei to tidlegare framsyningane, Tid for glede og Ikkje ein lyd, var på Hovudscenen. Ho gler seg til å teste det meir intime formatet ein mindre scene gir, kva rommet gjer med sjølve teksten og opplevinga av han.

Som yngst i ein søskenflokk på tre, måtte Thea Lambrechts Vaulen finne sin eigen veg. Foto: Magnus Skrede

Det familiære

Thea Lambrechts Vaulen kjem frå Solund. På ei øy ytst i Sognefjorden, med Nordsjøen rett utafor, vaks ho opp. Det er ein liten stad, med berre nokre få hundre menneske spreidd over fleire øyer. Det fanst ikkje kulturskole der, men da ho var 8-9 år var det nokre eldsjeler som starta ei teatergruppe, mora var blant dei. Det blei Thea sitt første møte med teateret.

- Eg er yngst i ein søskenflokk på tre, med to storebrør. Eg har nok alltid måtta skrike litt høgt for å få merksemd. Finne mine eigne vegar. Sjølv om eg var sjenert, så var det som at eg blei litt fri på scenen.

Da ho skulle begynne på vidaregåande, var det fem timar med bil unna. Men i Sandane i Nordfjord hadde dei dramalinje, så da måtte det blir sånn. Thea flytta heimanfrå og inn på hybel. På vidaregåande møtte ho lærarar som hadde trua på henne, og Thea forstod at det faktisk var mogleg å jobbe som skodespelar. Det fanst til og med ei utdanning for det. Etter kvart kom ho inn på Teaterhøgskolen, og flytta til hovudstaden.

Sidan 2021 har ho jobba ved Det Norske Teatret og spelt ei lang rekke roller. Før ho sjølv blei skodespelar, tenkte ho at skodespelarar hadde full kontroll på alt når dei stod på scenen. No veit ho at det ikkje er tilfelle. Iallfall ikkje for henne.

- Når eg står på scenen har eg ei kjensle av at alt kan skje. Mange ulike komponentar speler inn og påverkar dynamikken i framsyninga. Det gjer at kvar kveld er ulik, uføreseieleg. Det er jo det som gjer det spennande, men også ganske nervepirrande.

For Thea må det bety noko, det ho gjer på scenen. Ho må vere påskrudd og emosjonelt investert. Rundt premieren på eit nytt stykke kan derfor skuldrene bli litt høge. Men når ho har komme eit stykke ut i ein speleperiode, pustar ho igjen lettare. Da tør ho ta litt større risiko. Da kan nye ting skje og ho kan oppdage nye sider ved karakteren ho speler.

Det nostalgiske

Thea har slått seg til ro med at ho er ein nostalgisk person. Ho kan lengte etter ei svunnen tid, eller tilbake til staden ho er frå. Eller at det plutseleg dukkar opp ein gammal replikk frå ei framsyning som ikkje finst lenger.

- No er eg litt over tretti år, og i ein prosess der eg prøver å godta at det å lengte er ein del av tilværet. Det er ikkje noko eg må fikse.

Men i Arne Lygre sine tekstar finn ho også kjensla av noko kjent. Han kjem frå Vestlandet, som henne, og det er noko i skodespela hans som ‘hit close to home’ for henne. Det handlar om språket, setningsoppbygginga, kva tid han plasserer orda, kva ord som blir brukt. Men så er det også noko med lynnet i tekstane hans som er familiært for Thea.

- Dei er poetiske, samtidig som det er kvardagsspråk. Han skriv setningar som rommar mykje meir enn det som eigentleg blir sagt.

Thea tenkjer at det er umogleg å ikkje kjenne seg igjen i stykka til Arne Lygre. Gjennom dei forstår ho andre rundt seg. Eller ho kan oppdage ting ved seg sjølv. Tid for glede var ei sånn oppleving. Ei framsyning som framleis kan dukke opp i henne, heilt plutseleg.

No er det ein ny karakter som begynner å ta bustad i henne. Spørsmålet er kor lenge han blir sittande i.

Det er noko i skodespela til Arne Lygre som ‘hit close to home’ for Thea Lambrechts Vaulen. Til våren skal ho spele i det nyskrivne stykket Lengt. Foto: Magnus Skrede