Teatersjefar

Erik-Ulfsby-Teatersjef

Teatersjef Erik Ulfsby

Erik Ulfsby

Teatersjef ved DNT frå 2011-2020 (f. 1970 i Oslo).

Erik Ulfsby er utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo (1991-94), og vart etter fullført utdanning engasjert som skodespelar ved Trøndelag Teater, Den Nationale Scene, Teatret Vårt i Molde og i film, TV og radio. Sidan regidebuten i 2000 med Oleanna ved Teatret Vårt i Molde har han markert seg som ein dyktig og ettertrakta regissør innan både teater, musikal og revy. Han har stått bak suksessar som mellom anna Isslottet, Jungelboka, Jesus Christ Superstar, Norge-Brasil, Shockheaded Peter og Spelemann på taket på Det Norske Teatret. I 2009 blei han nominert til Heddaprisen i kategorien Beste regi, både for Lang dags ferd mot natt (Teatret Vårt) og Jungelboka (Det Norske Teatret). Jungelboka fekk Heddaprisen for Beste barne- og ungdomsframsyning i 2009 og Ulfsby mottok i 2006 Heddaprisen i kategorien Årets teaterprosjekt for framsyninga Bollywood Ibsen – Fruen fra Det indiske hav. Han har også mottatt fleire Komiprisar – for regien av Bye & Rønning prøver keiserens nye klær (2006), Marit Voldsæters Med ræven i fatle (2007), Shockheaded Peter (2014) og Kalvø (2015). Framsyninga Kjære landsmenn! (2011) hausta pris både for Årets beste sceneframsuyning og Årets nummer.

Erik Ulfsby har auka produksjonstakten ved teateret betydeleg, lagt om til repertoarspel og sørga for auka publikumstilstrøyming. I tillegg etablerte han Det Multi Norske; ei utdanning som tar sikte på å utdanne skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn for å møte det nye Noreg og for å spegle samtida i eit meir mangfaldig samfunn. Ulfsby har satsa djervt og har vidareført Det Norske Teatrets line med å ta i bruk heile teatret i større og meir monumentale teateropplevingar. I samband med teatrets 100-årsfeiring i 2013 stod teatret for ei seks timar lang dramatisering av Bibelen. Våren 2016 sette Det Norske Teatret i scene  Andre verdskrigen – Natt i verda, eit prosjekt som tok 8 timar og som òg blei spelt frå midnatt.

Vidar-Sandem-Teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1997-2010

Vidar Sandem

Teatersjef ved DNT frå 1997-2010 (f. 1947 i Trøgstad).

Vidar Sandem debuterte som skodespelar i 1970 i Bergen og gjorde eit par roller i Fjernsynsteatret før han kom til Det Norske Teatret i 1977. Han har hatt fleire filmroller og har òg markert seg som dramatikar. Som teatersjef sette han i gang det fleirkulturelle prosjektet Open Scene og prøvesalprosjektet Utan Filter. Han har vore styremedlem ved teatret i seks år.

Otto-Homlung-Teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret frå1990-97

Otto Homlung

Teatersjef ved DNT 1990-97. (f. 1943 i Oslo).

Otto Homlung debuterte som instruktør ved Den Nationale Scene i Bergen i 1968 og har sidan sett opp ei lang rekkje framsyningar ved mange teater. Han har vore teatersjef ved Trøndelag Teater i to periodar.

Svein Erik Brodal

Teatersjef ved DNT 1975-76 og 1979-90. (f. 1939 på Østre Toten).

Svein Erik Brodal er utdanna skodespelar og har ei lang karriere innarn Fjernsynsteatret, Riksteatret og Det Norske Teatret. I tillegg til teatersjef har han òg vore instruktør og kunstnarleg rådgjevar. Saman med Gudrun Waadeland leia han Teatersenteret Bikuben i 1967-69. Han er forfattar og ei sentral kraft bak prosjektteatret Toten Teater. Han har mottatt ei rekkje prisar for arbeidet sitt i norsk kulturliv.

Tormod Skagestad

Teatersjef ved DNT 1961-75 og 1976-79. (f.1920 i Krødsherad, d. 1997).

Tormod Skagestad var utdanna dramaturg ved University of Wisconsin, tilsett som kunstnarleg rådgjevar og instruktør i 1953-61 etter fire år ved Radioteatret. Han skreiv også lyrikk, romanar og dramatiserte m.a. trilogien om Kristin Lavransdatter. I Skagestad si sjefstid styrkte han teatret økonomisk, publikumsmessig og kunstnarleg. Scene 2 blei starta opp med ny, norsk og utanlandsk dramatikk. Han var aktiv i byggekomiteen som sikra teatret nytt hus i 1985 og markerte seg som ein teaterpolitisk strateg. Var formann i Norsk Teaterlederforening i tre periodar og ordførar i De norske teatres forening. Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Nils Sletbak

Teatersjef ved DNT 1953-61. (f. 1896 i Sunndal, d. 1982).

Nils Sletbak var utdanna jurist og arbeidde som økonomisjef i nærare 20 år før han vart teatersjef. Styremedlem og styreformann 1932-35. Aktiv i nynorsk mål- og kulturarbeid.

Ole Barman

Teatersjef ved DNT 1951-53. (f. 1897 i Ålesund, d. 1983).

Ole Barman var utdanna jurist og arbeidde som lensmann i Bærum i nærare 30 år. Han var også forfattar og styremedlem ved teatret i fire år.

Cally Conrad

Teatersjef ved DNT 1942-45. (f. 1879 på Gran, d. 1950).

Cally Gran blei vald til teatersjef etter initiativ frå okkupasjonsmakta. Medlem av Norsk Samling. Ho var songar, scenekunstnar, instruktør og forfattar, og hadde Statens kunstnarløn frå 1939 til 1945. Engasjert m.a. ved Berlin Hofoper og gjorde ei rekkje plateinnspelingar.

Knut Hergel

Teatersjef ved DNT 1936-42 og 1945-46. (f. 1899 i Kristiania, d. 1982).

Knut Hergel starta karrieren sin som skodespelar i Stavanger og Trondheim, seinare var han instruktør og tok initiativ til Forsøksscenen i Oslo. Han flykta til Sverige under krigen og danna saman med Hans Jacob Nilsen Fri Norsk Scene som turnerte med norske skodespel. Han avslutta karrieren som instruktør og teatersjef ved Nationaltheatret.

Oskar Braaten

Teatersjef ved DNT 1934-36. (f. 1881 i Kristiania, d. 1939).

Oskar Braaten var forfattar med Statens kunstnarløn frå 1936. Han arbeidde som konsulent for Det Norske Teatret 1915-25 og var dramatisk medarbeidar dei to siste åra han levde. Han var medlem av teaterstyret i seks år.

Hans-Jacob-Nilsen-Teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1933-34 og frå 1946-50

Hans Jacob Nilsen

Teatersjef ved DNT 1933-34 og 1946-50. (f. 1897 i Fredrikstad, d. 1957).

Hans Jacob Nilsen var utdanna maskiningeniør. I studietida blei han interessert i teater og arbeidde som skodespelar i Bergen, Trondheim og Oslo. Han fekk seinare regioppgåver og var teatersjef ved Den Nationale Scene og Folketeatret. Etter studieturar til Paris, Wien, Berlin og Moskva fekk han impulsar til å fornye teatret heime i Noreg. Han virka samstundes som skodespelar, instruktør og teatersjef, og spela tittelrolla i den oppsetjinga han framfor noko anna blir hugsa for: Peer Gynt på Det Norske Teatret i 1948.

Ingjald Haaland

Teatersjef ved DNT 1922 -1933. (f. 1885 i Fusa, d. 1952).

Ingjald Haaland var skodespelar ved fleire teater før han blei ein del av Det Norske Teatret. Her var han ei sentral kraft i dei tre første tiåra, også som instruktør. Seinare drog han på turné med sitt eige selskap. Han rakk også å gjere fleire filmroller.

Amund Rydland

Teatersjef ved DNT 1916 – 1922. (f. 1888 i Lindås, d. 1967).

Amund Rydland var med som skodespelar på Det Norske Teatret frå starten i 1913 og gjorde ei mengde roller og hadde fleire regioppgåver. Han starta fleire privatteater og turnegrupper og var m.a. teatersjef ved Komediateatret og Ole Bullteatret i Bergen. Han var òg med i ei rekkje filmar.

Edvard-Drabløs-teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1915-16 og frå 1950-51

Edvard Drabløs

Teatersjef ved DNT 1915-16 og 1950-51. (f. 1883 i Sykkylven, d. 1976).

Edvard Drabløs var med og starta Det Norske Teatret og var ein av hovudkreftene ved teatret det meste av livet som skodespelar og instruktør. Han hadde i ein periode sitt eige turneteater og hadde også eit stort engasjement i målsaka. Han gjorde fleire filmroller, var æresmedlem av Skodespelarforbundet og fekk kunstnarløn frå 1959. Han blei riddar av St.Olavs orden i 1953.

Rasmus-Rasmussen-Teatersjef

Teatersjef ved Det Norske Teatret frå 1912-15

Rasmus Rasmussen

Teatersjef ved DNT 1912-15. (f.1862 i Molde, d.1932).

Rasmus Rasmussen var Det Norske Teatrets første teatersjef. Han var skodespelar ved Den Nationale Scene i fleire år og dessutan songar i fleire operaer og operettar. Han var også skodespelar og instruktør ved Det Norske Teatret i dei første åra. Seinare var han i sju år teatersjef ved Trøndelag Teater.