Sidan 1. januar 2010 har Erik Ulfsby vore tilsett ved Det Norske Teatret, det første året som påtroppande og deretter i 14 fulle år som teatersjef. Mellom 300 og 350 framsyningar har blitt sett opp med Ulfsby som sjef. No ryddar han kontoret, oppsummerer tida som teatersjef og set opp det siste stykket som regissør i eiga sjefstid, Steve Tesichs Under open himmel:
– Det er ei framsyning som krystalliserer mykje av det som har vore kjernen i repertoaret mitt desse åra. Ho handlar mellom anna om kunst og om verdien av kunst. Og dessutan om religion og krig. Dette er jo tema eg har vore opptatt av som teatersjef, seier Ulfsby.
Tjue år er gått sidan Erik Ulfsby første gongen sette opp eit stykke ved Det Norske Teatret. I 2005 var han instruktør for ei dramatisering av Tarjei Vesaas-romanen Isslottet, i ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde.
Urban fleirkultur
Tre år seinare fekk han det store gjennombrotet sitt, med iscenesetjinga av Kiplings Jungelboka, med dansaren Adil Khan i hovudrolla, og i ein urban dystopisk versjon der dyra hadde fortrengt menneska frå storbyen. Framsyninga blei både ein kunstnarleg og kommersiell suksess, ho trekte enorme mengder med ungdom til teatersalen og blei eit slags startskot for teaterets seinare satsing på skodespelarar med fleirkulturell bakgrunn:
– Det var ei kjempeviktig framsyning, både for meg og for teateret. Den la på ein måte dette teateret si hand på mykje av det unge og urbane, seier Ulfsby og viser til den seinare repertoarpolitikken med mellom anna Blokk til blokk, Linje 5 og Tante Ulrikkes vei, og med biscenen på Rommen og elevskulen Det Multinorske.
– Det var ei kjempeviktig framsyning, både for meg og for teateret. Den la på ein måte dette teateret si hand på mykje av det unge og urbane
– Det unge urbane Oslo hamna på mange vis her på Det Norske Teatret. Jungelboka trefte på alle baugar og kantar. Eg hugsar godt den første publikumsprøven, då publikum første gongen fekk sjå Adil danse ut i salen i sluttscenen. Det var som veggane rivna, det tok heilt av. Det kjennest som om det var eit før og eit etter den scenen.
Framsyninga var Ulfsbys første møte med Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han merkte at han likte å arbeide med dette formatet og med alle desse moglegheitene:
– Eg hadde vore på fleire hovudscenar før, men å kome til denne hovudscenen… Det er liksom ein annan skala her, scenen er så massiv og så fantastisk å jobbe på. Det er extra large. Det er ikkje noko tvil om det var ein markant augneblink for meg.
Risiko
Etter suksessen med Jungelboka blei Ulfsby spurd av teatersjef Vidar Sandem om å gjere Jesus Christ Superstar på Hovudscenen, på eit tidspunkt der teateret sleit med store økonomiske og administrative problem og var desperat avhengig av ein suksess. Ulfsby valde då å tilby tittelrolla til Hans-Erik Dyvik Husby, best kjend som vokalist i Turboneger under kunstnarnamnet Hank von Helvete.
Spørsmålet kom på et tidspunkt i livet der Dyvik Husby gjekk på metadon og subutex etter mangeårig heroinmisbruk, og framleis hadde eit tungt sidemisbruk av morfin, alkohol og kokain. Dyvik Husby takka ja til rolla, la seg inn på avrusing på ein behandlingsklinikk i Skåne etter det såkalla Narconon-programmet. Kuren var basert på badstove og B-vitamin og er ikkje nett tilrådd av norske helsestyresmakter, men han fungerte i dette tilfellet. Dyvik Husby kom rusfri attende til det som blei ein spektakulær suksess for teateret på det tidspunktet det trong det som mest.
– Det var kanskje litt naivt av meg å satse på at dette skulle gå bra, men Vidar Sandem var med på det. Han var ein offensiv sjef. Det var ikkje nei hos nokon då eg kom med dette forslaget. Vi hadde sjølvsagt ein plan B og ein plan C, vi hadde folk som raskt kunne ta over hovudrolla dersom Dyvik Husby ikkje skulle klare det. Men det gjekk.
– Har du ei dragning mot risiko?
– Ja, det trur eg. Eg veit ikkje kvifor det er sånn, men eg synest det er spennande når noko står på spel. Det er også på ein måte naudsynt i teateret. Om du er sikker på alt på førehand, er det kanskje ikkje det rette prosjektet. Det at det kan gå alle vegar, og at publikum veit det, skaper ein slags vibrasjon.
Det at det kan gå alle vegar, og at publikum veit det, skaper ein slags vibrasjon.
Dei to suksessane på rappen med Jungelboka og Jesus Christ Superstar, gjorde at Ulfsby blei eit høgaktuelt namn då den alt tilsette etterfølgjaren etter Vidar Sandem som teatersjef, Lars Erik Holter, trekte seg. Ulfsby søkte rett nok aldri stillinga som teatersjef, og ein periode oppstod ein opprivande debatt internt på huset om Ulfsby eller Eirik Stubø burde få jobben. Til trass for at heller ikkje Stubø hadde søkt stillinga. Men eit samrøystes styre tilsette omsider Erik Ulfsby. Og sidan har han ikkje sett seg tilbake.
Opna teateret
– Det slo meg då eg starta kor mykje teateret var stengd for publikum. Eg byrja å rekna på det. Sommaren var det oftast stengd 70-75 dagar, så kom påska og nokre dagar i jula. Dessutan var det to dagar i veka der ein aldri spelte, nemleg søndag og måndag. På toppen av det kom dei periodane 5-6 gonger i året der ei framsyning gjekk av speleplanen, og ein hadde eit opphald fram til ny premiere var klar på Hovudscenen. Resultatet var at teateret faktisk var meir stengd enn ope for publikum, fortel Ulfsby.
Scene 3
Slik kunne det ikkje halde fram. Erik Ulfsby innførte søndagsteater og gjenopna den stengde scenen som tidlegare hadde heitt Prøvesalen og som heretter skulle heite Scene 3. Han bestemte at det her skulle bli spelt teater etter nokre gitte reglar, inspirert av Lars von Triers dogme-filmar: Den tekniske avviklinga av framsyningane skulle gjennomførast av to personar, skodespelarane måtte sminke seg sjølve og sufflere kvarandre, all lyd skulle vere akustisk, helst skulle all dekor og alle rekvisittar finnast på lager, og det skulle ikkje rykkast inn særannonsar for einskildframsyningar i avisene. Med andre ord: Produksjonstakta skulle opp utan at det belasta økonomien eller verkstadkapasiteten til teateret.
– Eg hadde den teorien at dersom ein kunne avgrense dei finansielle og mannskapsmessige ressursane rundt scenen, kunne vi få til ganske mange gode skodespelaroppgåver for små midlar. Eg kjende ei sterk forplikting på at skodespelarane skulle ha interessante ting å gjere og gode roller å spele. Då må det naudsynleg vere eit visst tal på roller å dele ut. Eg trur dessutan det var bra for huset at folk ikkje gjekk så mykje ledig. Sjølv om det kan ha sine sider om ein har for mykje å gjere, er ledigheit rota til alt vondt, også i teateret.
- Eg kjende ei sterk forplikting på at skodespelarane skulle ha interessante ting å gjere og gode roller å spele.
Repertoarteateret
Dessutan la Ulfsby opp til såkalla repertoarspel, altså at framsyningar kunne bli verande i speleplanen så lenge det var interesse for det og praktisk mogleg, i staden for at éi og éi framsyning blei spelt heilt ferdig og produksjonen deretter lagd ned.
– Det var fleire som hadde meint at det ikkje var mogleg å spele repertoar på Det Norske Teatret, men det har eg alltid visst var feil. Alle teater kan spele repertoar, det handlar berre om å finne sin måte å gjere det på. I Tyskland speler så godt som alle teater repertoar, uavhengig av om dei er store eller små, og uavhengig av fysiske omstende.
– Men eg var heldig som hadde Svein Tindberg og framsyninga Abrahams barn! Når du kan sende ut ein mann med nærast eit glas vatn og ei bok på scenen, så kan den framsyninga sjølvsagt gå i repertoar med absolutt alt. Det var takknemleg for meg å starte med eit slikt sikkert vinnarkort i repertoaret. Ein kunne kor tid som helst legge inn nokre kveldar med Abrahams barn. Den framsyninga har stått på repertoaret i alle mine 14 år som teatersjef. Det er heilt vilt.
– Repertoarspel gjer det vel mogleg å ta større kunstnarleg risiko også, fordi du alltid kan setje opp att sikre vinnarkort?
– Ja, sjølvsagt. Det merker vi no etter pandemien. Noko av utfordringa med å få tilbake farten i maskina, er at vi under pandemien produserte fleire framsyningar som skulle ha hatt eit stort publikumspotensiale, som Tolvskillingsoperaen og Lehmantrilogien. Men på grunn av restriksjonane blei dei berre spelt ganske få gonger. Vi kunne heller ikkje ta vare på dei for lenge, for vi skulle jo også lage nytt som trong plass. På eit tidspunkt måtte vi avslutte mange produksjonar som eigentleg skulle ha fylt 50 kveldar, og dermed måtte vi la dei gjenverande stykka spele meir. Då blir det ikkje så fullt som det skal. Før pandemien kunne vi alltid setje inn noko anna om det vi hadde ikkje drog så mykje folk som vi ønskte. No har vi dessverre ikkje den same banken å ta av.
– Repertoarspel er altså meir sårbart for pandemi, enn den gamle modellen med ei ny stor hovudscenesatsting som skulle bere billettinntektene kvart nye halvår?
– Ja, faktisk. Framsyningsbanken vår er tynna ut. Denne hausten skulle vi gjerne hatt nokre fleire titlar til å køyre med på Hovudscenen. Men det må vi berre bygge opp igjen. Det er enno berre to og eit halvt år sidan pandemien. Det tar noko tid å kome tilbake der vi var.
Det Multinorske
Erik Ulfsby starta dessutan hausten 2012 teaterskulen Det Multinorske ved Det Norske Teatret, ein teaterskule som skulle skulere talentfulle skodespelarar med bakgrunn utanfor Europa og gje dei ei eiga fullverdig skodespelarutdanning. Deretter skulle teateret vere forplikta til å tilsetje dei i eit åremål.
– Der var eg inspirert av at det hadde vore ein elevskule her tidlegare. Dessutan såg eg kor viktig det hadde vore at Adil hadde stått i front av Jungelboka. Eg såg at det var på tide at vi gira om der. Skulen skapte ein heilt ny dynamikk på huset. Vi var stolte av studentane. Dei blei våre, dei gjekk her og blei ein del av ensemblet, miljøet og kantina. Mange av dei er her framleis, men også på andre teater og i film. Det synest eg er stas.
– Og så definerte du Det Multinorske som ein del av nynorskoppdraget?
– Ja, vi utvikla den argumentasjonen om at dette var eit teater for dei som kom utanfrå og snakka annleis, slik bygdefolket gjorde den gongen teateret blei starta opp og slik innvandrarar til Noreg gjer i dag. Vi etablerte ein samanheng mellom dei to spørsmåla. Språkspørsmålet er faktisk blitt viktigare og viktigare for meg denne tida. Eg hadde mindre forhold til det i utgangspunktet, men eg har eit veldig sterkt forhold til det no.
- Språkspørsmålet er faktisk blitt viktigare og viktigare for meg denne tida.
Gigantprosjekta
I tillegg til auka produksjonstakt, fleire speledagar, auka mangfald og meir aktivitet i huset, vil Ulfsbys tid som teatersjef bli hugsa for dei mange og enorme gigantprosjekta på Hovudscenen. Han markerte Det Norske Teatrets 100-årsjubileum med å setje opp Bibelen på Hovudscenen, i ein sekstimars versjon av Stein Winge med Bjørn Sundquist i rolla som Gud.
Og han sprengde alle format då han tre år seinare fekk fire europeiske dramatikarar til å skrive kvar sine delar av eit stykke om den andre verdskrigen, som til saman skulle vare i åtte timar og bli spelt på Hovudscenen gjennom heile natta under tittelen Andre verdskrigen – natt i verda. Framsyninga blei ferdig på morgonkvisten, slik at krigen endeleg tok slutt og freden kom attende akkurat idet sola stod opp over Oslo by.
– Det blei veldig vakkert. Det er noko av det eg vil hugse aller best frå denne tida. For det første var det noko med lengda i seg sjølv. Det er som når ein skal fly til USA eller til Asia eller noko sånn. Eg trur mange då opplever at ein flytur på to og ein halv time kan verke lenger enn ein flytur på åtte eller ti timar, fordi du set deg i setet på den lange turen med ei anna forventning og ei anna ro. Slik blei det denne natta også. Det kunne kanskje vere ein time som ikkje var så interessant. I ei vanleg framsyning er ti minutt som ikkje fungerer eit stort problem. Over eit langt strekk som dette, gjorde det ikkje noko. Ein hadde ei heilt anna haldning, ein annan puls.
– Det var superinteressant å reise ned i dette saman med andre folk. Eg hugsar eg stod på scenen etter framsyninga og såg ut i den tomme salen. Det låg matrestar og pledd rundt omkring i salen. Det såg verkeleg ut som ein flykabin etter flyet hadde landa etter ein langdistanse.
– Folk sov vel litt innimellom også?
– Ja, eg trur det var mest i tredje delen sånn frå klokka 04.00 og utover at nokon sov. Men det var greitt. Den siste biten frå halv sju og inn var folk vakne. Eg hugsar vi hadde verdas kortaste premierefest den morgonen. Vi stod i soloppgangen på terrassen her ute. Eg stod i lag med dramatikaren Lukas Bärfuss, som var mellom forfattarane. Han stod med ein røyk og ein kaffi og snakka om kor vakkert det var med soloppgangen over Oslo. Eg hugsar han sa «You know, mother nature doesn’t care». For sola var det nett det same om det var verdskrig eller fred. Ho ville uansett stå opp som før.
– Eg blir nok trigga av å bygge ting, av å utvide.
– Har det vore eit poeng for deg å søke prosjekt som blir større og større?
– Ja, eg blir nok trigga av å bygge ting, av å utvide. Eg er jo også opptatt av at teaterkunsten skal ta plass, at ein må bli synleg og tydeleg og ikkje vere redde.
Dei store spørsmåla
– Du har også sett opp påfallande mange stykke med religiøs tematikk?
– Ja, men det er faktisk litt styrt av lokalet. Eg opplever at denne Hovudscenen er så monumental. Det denne scenen verkeleg kler, er det vesle mennesket i det store rommet, eller det visuelt storslagne spektakulære teateret. Det scenen ikkje er spesielt godt eigna til, er tradisjonelt kammerspeldrama med nokre kjøkkenbenkar, og eit par sofaer og sånn. Det funkar dårleg. Med mindre ein gjer sånn som Kjersti Horn gjer det, med kamera.
- Eg har vore opptatt av dei store spørsmåla og av at teateret skal vere arena for dei.
– Så Hovudscenen er medansvarleg for repertoarprofilen?
– Ja, til ein viss grad. Det er litt høna og egget-problematikk. Eg har vore opptatt av dei store spørsmåla og av at teateret skal vere arena for dei. Då kjem religion inn, endå om eg ikkje er religiøs sjølv. Å sjå for seg ein mann eller ei kvinne på den scenen, som er omgitt av eit stort mørker og som roper ut eit «kva gjer eg her», det er jo veldig interessant.
– Og det er få plassar ein kan gjere det utan at det blir rart?
– Ja, for i kyrkjerommet eller i eit anna religiøst rom uavhengig av kva rom det er, er ein låst til ein viss tradisjon og ideologi. Her kan du rope mot den tradisjonen, om du vil. Men med den same høgtida, om du forstår. Teateret er også eit høgtideleg rom.
Fossefestivalen
Lagnaden ville det dessutan slik at Erik Ulfsby blei mannen som skulle få vere teatersjef då nynorsken – og nynorskdramatikken – endeleg fekk sin første nobelpris. Arne Garborg var nominert fem gonger og var svært nær ved å vinne i 1920, veit vi i dag. Fem år seinare var Olav Duun så nære at Aftenposten kunngjorde han som vinnar, same dagen som prisen blei gitt til George Bernhard Shaw. Og heile 15 år tok det frå Jon Fosse starta å figurere høgt på bettinglistene over sannsynlege nobelprisvinnarar, til den ständige sekreteraren i Svenska Akademian Mats Malm den 5. oktober 2023 opna døra for å kunngjere at Jon Fosse vann årets pris.
– Det var ein kjempeviktig augneblink, sjølvsagt. Eg er glad og stolt over at vi har gjennomført tre Fossefestivalar her på teateret før han fekk den prisen. Noko av det første eg gjorde som sjef, var å reise til Bergen og snakke med Jon Fosse. Eg har hatt god kontakt med han heile vegen. Eg er stolt over at vi har blitt Fosse-teateret, eg trur han har sett pris på det, eg fekk eit veldig hyggeleg brev frå han då det blei kjend at eg skulle slutte.
- Fosse har lenge vore ein døropnar for Det Norske Teatret internasjonalt, men no har plutseleg alle vi snakkar med høyrd om teateret og om nynorsken.
Prisen drysser nobelstøv også på teateret. På fleire måtar:
– No har Fosses Einkvan passert 10.000 og speler framleis for fulle hus. Kommersielt er det ei ny tid for Fosses tekstar. Fosse har lenge vore ein døropnar for Det Norske Teatret internasjonalt, men no har plutseleg alle vi snakkar med høyrd om teateret og om nynorsken. «Oh it’s Fosse’s theatre! Oh it’s Fosse’s language», seier dei typisk. Ein merker korleis dei legg det saman, seier Ulfsby.
Idet kunngjeringa av nobelprisen var eit faktum, hadde Ulfsby alt meldt frå at han ville gi seg som teatersjef. Han ville jamvel gi seg eitt år før tida. 14 år fekk vere nok. Erik Ulfsby blir med det den nest lengst sitjande teatersjefen i Det Norske Teatrets historie, på eit teater der sjefane er kjende for å sitje lenge. Berre fem sjefar har teateret hatt sidan 1960.
– Det første åremålet var gøy. Det andre var heilt ellevilt, med publikumsrekordar kvart einaste år. Det tredje har vore meir slitsamt. Det har vore prega av pandemi, streik og dårleg økonomi. Men også det åremålet har vore meiningsfullt. Nokre av dei største sigrane våre, som Tid for glede, er komne i denne tredje perioden. Eg trur eg vil seie at det siste var det djervaste reint kunstnarleg.
Ein ny kvardag
– Kva ser du mest fram til å sleppe?
– Eg gler meg til å sleppe alt ansvaret. Sjølv om eg har trivest med det, så er det alltid noko med nokon når ein er så mange folk. Alle anledningar ein er i kan potensielt bli øydelagde av at nokon har forstua ein fot, eller nokon som ikkje finn ut av det med kvarandre ein eller annan stad. Eg gler meg til å vere meir heime med barna mine, til å arbeide vidare med Peer Gynt på Gålå og til ulike regioppgåver rundt om. Samstundes veit eg at eg aldri kjem til å oppleve noko liknande igjen.
– Du må jo stadig ha såra folk, du seier jo nei til mange og du stansar karrierar?
– Jo, det er klart. Det er mange som hadde fortent ein sjanse som ein må seie nei til. Men det er «the name of the game». Det er frykteleg mange som drøymer om å stå på denne scenen. Eg har sjølv fått slike brev, seier Ulfsby og viser to avslagsbrev han fekk frå Vidar Sandem i 1997 då han var ung skodespelar og søkte eittårsengasjement ved Det Norske Teatret.
– Det er mykje rart som dukkar opp når ein ryddar kontoret, ler han.
Auka tilskot
Den viktigaste sigaren fekk Erik Ulfsby heilt på tampen av dette tredje åremålet, ikkje som ein kunstnarleg siger, men som ein politisk. Då røpte nemleg kulturminister Lubna Jaffery at Det Norske Teatret skulle få ei oppjustering av det årlege statstilskottet med 15 millionar kroner. Dermed fekk teateret endeleg innfridd eit over 30 år gamalt krav, om tilnærma jamstelling med Nationaltheatret i løyvinga over statsbudsjettet:
– Då vi fekk gjennomslag for desse 15 millionane, meiner eg det skuldast summen av mange ting. Det er så lett at ein ser seg blind på den økonomiske botnlinja på eit teater, anten ein går i pluss eller minus. Og i fjor gjekk vi altså skikkeleg i minus. Men eg seier alltid at vi må ha blikket på tre botnlinjer, det er den økonomiske sjølvsagt, men også den kunstnarlege og den politiske. Og vi kan trekke på den eine eller andre eller tredje alt ettersom. Når vi no har gått inn i økonomiske problem, kan vi cashe inn frå den kunstnarlege og den politiske botnlinja. Vi får altså politisk gjennomslag fordi vi har satsa kunstnarleg. Om vi berre hadde prioritert den økonomiske botnlinja, kunne vi paradoksalt nok hatt dårlegare økonomi.
– Ein kan jo sjå dette politiske gjennomslaget som at du fekk betalt til slutt, for 14 års arbeid?
– Ja, det kan du, men det handlar ikkje berre om meg. Det er eit vi, det er ikkje eg. Når ein skal runde av noko sånt som dette her, og ha ein fest til slutt og sånn, så ser eg på dette som ei feiring av oss som har stått saman i denne perioden. Eg har jo tilsett mange av dei som er her no. Det er ei veldig lagkjensle på huset. Den kjem eg til å sakne.
- Det er ei veldig lagkjensle på huset. Den kjem eg til å sakne.
Ein høgare himmel
Dermed kan Ulfsby forlate teateret på nyårskvelden 2024 med heva hovud etter nokre utfordrande år på tampen av ein historisk teatersjefperiode. Før det skal han setje opp sitt siste stykke som teatersjef, Tesichs Under open himmel, som han altså ser som ei slags oppsummering av alt han har stått for som teatersjef. Dessutan er det eitt av stykka han har spelt sjølv, i tida som ung skodespelar, før han blei instruktør og teatersjef:
– Eg spelte det for 29 år sidan på Trøndelag Teater mot Per Schaanning. Det var det finaste eg var med på som skodespelar. Det var ein fantastisk tekst å stå med. Dessutan har eg vore opptatt av å gjere Hovudscenen tilgjengeleg for det såkalla smalare repertoaret. Og eg ville involvere nokon frå Det Multinorske. Til alt dette passa denne teksten.
Det var det finaste eg var med på som skodespelar.
Teksten er forfatta av den serbisk-amerikanske Steve Tesich. Han blei skriven i 1992, handlar om ei verd etter ein udefinert borgarkrig. Den gongen var det nærliggande å knyte teksten til Jugoslavias samanbrot og den komande Bosnia-krigen. I dag kan stykket bli tolka heilt annleis:
– Denne hausten er det amerikanske valet ein uunngåeleg kontekst. Dei to hovudpersonane er på veg til det som blir kalla fridomens land. Ein kan det lese konkret som at dei er på veg over Rio Grande til USA, men det er også snakk om ein fridom i ei anna tyding. Eg gjorde ei lita endring i teksten etter valkampen. «Kva ville du ha sagt om eg kalla deg avskum», står det i teksten. Eg endra ordet «avskum» til «søppel». Meir er det ikkje naudsynt å gjere. Det er ein sterk tekst.
Den internasjonalt kjende konsept-kunstnaren Lars Ø Ramberg har scenografi på framsyninga, som han også har hatt på andre av Ulfsbys storsatsingar det siste tiåret. Og Ramberg har stilt store – og upraktiske – krav til teaterhuset. I teksten samlar dei to flyktningane på kunst frå utbomba museum som dei vil redde frå krigsruinane. I alle produksjonar av dette stykket blir det sjølvsagt brukt ulike verdilause kopiar av den kunsten det er snakk om.
– Det ville ikkje Lars ha noko av, forklarer Ulfsby.
– Vi må ha ekte kunst, sa han. Så vi har fått ein avtale med Oslo kommunes kunstsamling. Vi har faktisk vore i magasinet under det gamle Munch-museet og henta ut kunst verd store summar. Vi har eit stort Nerdrum-måleri på scenen. Vi har Hanna Borchgrevink og Frans Widerberg. Det er altså ekte kunst på scenen, seier Ulfsby nøgd.
For når alt kjem til alt, er det dette det handlar om: Å vise ekte kunst på scenen.