Erik Ulfsby
Teatersjef ved DNT frå 2011-2024 (f. 1970 i Oslo).
Erik Ulfsby er utdanna ved Teaterhøgskolen i Oslo (1991-94), og blei etter fullført utdanning engasjert som skodespelar ved Trøndelag Teater, Den Nationale Scene, Teatret Vårt i Molde og i film, TV og radio. Sidan regidebuten i 2000 med Oleanna ved Teatret Vårt i Molde har han markert seg som ein dyktig og ettertrakta regissør innan både teater, musikal og revy. Han har stått bak suksessar som mellom anna Isslottet, Jungelboka, Jesus Christ Superstar, Norge-Brasil, Shockheaded Peter og Spelemann på taket på Det Norske Teatret. I 2009 blei han nominert til Heddaprisen i kategorien Beste regi, både for Lang dags ferd mot natt (Teatret Vårt) og Jungelboka (Det Norske Teatret). Jungelboka fekk Heddaprisen for Beste barne- og ungdomsframsyning i 2009 og Ulfsby fekk i 2006 Heddaprisen i kategorien Årets teaterprosjekt for framsyninga Bollywood Ibsen – Fruen fra Det indiske hav. Han har også mottatt fleire Komiprisar – for regien av Bye & Rønning prøver keiserens nye klær (2006), Marit Voldsæters Med ræven i fatle (2007), Shockheaded Peter (2014) og Kalvø (2015). Framsyninga Kjære landsmenn! (2011) hausta pris både for Årets beste sceneframsyning og Årets nummer.
Erik Ulfsby har auka produksjonstakten ved teateret betydeleg, lagt om til repertoarspel og sørgt for auka publikumstilstrøyming. I tillegg etablerte han Det Multinorske, ei utdanning som tar sikte på å utdanne skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn for å møte det nye Noreg og for å spegle samtida i eit meir mangfaldig samfunn. Ulfsby har satsa djervt og har vidareført Det Norske Teatrets line med å ta i bruk heile teateret i større og meir monumentale teateropplevingar. I samband med teaterets 100-årsfeiring i 2013 stod teateret for ei seks timar lang dramatisering av Bibelen. Våren 2016 sette Det Norske Teatret i scene Andre verdskrigen – Natt i verda, eit prosjekt som tok 8 timar og som òg blei spelt frå midnatt.
Vidar Sandem
Teatersjef ved DNT frå 1997-2010 (f. 1947 i Trøgstad).
Vidar Sandem debuterte som skodespelar i 1970 i Bergen og gjorde eit par roller i Fjernsynsteatret før han kom til Det Norske Teatret i 1977. Han har hatt fleire filmroller og har òg markert seg som dramatikar. Som teatersjef sette han i gang det fleirkulturelle prosjektet Open Scene og prøvesalprosjektet Utan Filter. Han har vore styremedlem ved teateret i seks år.
Otto Homlung
Teatersjef ved DNT 1990-97 (f. 1943 i Oslo).
Otto Homlung debuterte som instruktør ved Den Nationale Scene i Bergen i 1968 og har sidan sett opp ei lang rekkje framsyningar ved mange teater. Han har vore teatersjef ved Trøndelag Teater i to periodar.
Svein Erik Brodal
Teatersjef ved DNT 1975-76 og 1979-90 (f. 1939 på Østre Toten).
Svein Erik Brodal er utdanna skodespelar og har ein lang karriere innan Fjernsynsteatret, Riksteatret og Det Norske Teatret. I tillegg til teatersjef har han òg vore instruktør og kunstnarleg rådgjevar. Saman med Gudrun Waadeland leia han Teatersenteret Bikuben i 1967-69. Han er forfattar og ei sentral kraft bak prosjektteateret Toten Teater. Han har fått ei rekkje prisar for arbeidet sitt i norsk kulturliv.
Tormod Skagestad
Teatersjef ved DNT 1961-75 og 1976-79 (f.1920 i Krødsherad, d. 1997)
Tormod Skagestad var utdanna dramaturg ved University of Wisconsin, tilsett som kunstnarleg rådgjevar og instruktør ved Det Norske Teatret i 1953-61 etter fire år ved Radioteatret. Han var aktiv i byggekomiteen som sikra teateret nytt hus i 1985 og markerte seg som ein teaterpolitisk strateg. Var formann i Norsk Teaterlederforening i tre periodar og ordførar i De norske teatres forening. Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Nils Sletbak
Teatersjef ved DNT 1953-61 (f. 1896 i Sunndal, d. 1982)
Nils Sletbak var utdanna jurist og arbeidde som økonomisjef i nærare 20 år før han blei teatersjef. Styremedlem og styreformann 1932-35. Aktiv i nynorsk mål- og kulturarbeid.
Ole Barman
Teatersjef ved DNT 1951-53 (f. 1897 i Ålesund, d. 1983)
Ole Barman var utdanna jurist og arbeidde som lensmann i Bærum i nærare 30 år. Han var også forfattar og styremedlem ved teateret i fire år.
Cally Monrad
Teatersjef ved DNT 1942-45 (f. 1879 på Gran, d. 1950)
Cally Monrad blei vald til teatersjef under 2. verdskrigen etter initiativ frå okkupasjonsmakta. Medlem av Nasjonal Samling. Ho var songar, scenekunstnar, instruktør og forfattar, og hadde Statens kunstnarløn frå 1939 til 1945. Engasjert m.a. ved Berlin Hofoper og gjorde ei rekkje plateinnspelingar.
Knut Hergel
Teatersjef ved DNT 1936-42 og 1945-46 (f. 1899 i Kristiania, d. 1982).
Knut Hergel starta karrieren sin som skodespelar i Stavanger og Trondheim, seinare var han instruktør og tok initiativ til Forsøksscenen i Oslo. Han flykta til Sverige under krigen og danna saman med Hans Jacob Nilsen Fri Norsk Scene som turnerte med norske skodespel. Han avslutta karrieren som instruktør og teatersjef ved Nationaltheatret.
Oskar Braaten
Teatersjef ved DNT 1934-36 (f. 1881 i Kristiania, d. 1939)
Oskar Braaten var forfattar med Statens kunstnarløn frå 1936. Han arbeidde som konsulent for Det Norske Teatret 1915-25 og var dramatisk medarbeidar dei to siste åra han levde. Han var medlem av teaterstyret i seks år.
Hans Jacob Nilsen
Teatersjef ved DNT 1933-34 og 1946-50 (f. 1897 i Fredrikstad, d. 1957)
Hans Jacob Nilsen var utdanna maskiningeniør. I studietida blei han interessert i teater og arbeidde som skodespelar i Bergen, Trondheim og Oslo. Han fekk seinare regioppgåver og var teatersjef ved Den Nationale Scene og Folketeatret. Etter studieturar til Paris, Wien, Berlin og Moskva fekk han impulsar til å fornye teateret heime i Noreg. Han verka samstundes som skodespelar, instruktør og teatersjef, og spela tittelrolla i den oppsetjinga han framfor noko anna blir hugsa for: Peer Gynt på Det Norske Teatret i 1948.
Ingjald Haaland
Teatersjef ved DNT 1922 -1933 (f. 1885 i Fusa, d. 1952)
Ingjald Haaland var skodespelar ved fleire teater før han blei ein del av Det Norske Teatret. Her var han ei sentral kraft i dei tre første tiåra, også som instruktør. Seinare drog han på turné med sitt eige selskap. Han rakk også å gjere fleire filmroller.
Sigurd Eldegard
Teatersjef ved DNT 1918 - 20 (f. 1866 i Årdal, d. 1950)
Sigurd Eldegard var skodespelar, dramatikar, felespelar og teatersjef. Han starta som skodespelar ved Christiania Theater i 1891. Frå 1901-31 var han skodespelar ved Nationaltheatret, med ein pause på to år da han var teatersjef på Det Norske Teatret. Eldegard skreiv det første nynorskstykket som blei oppført på Nationaltheatret: Fossegrimen i 1902. Under andre verdskrigen var han konsulent ved Det Norske Teatret, som i okkupasjonstida var styrt av Nasjonal Samling.
Anton Heiberg
Teatersjef ved DNT 1916 - 1917 (f. 1878 i Kristiania, d. 1947)
Anton Heiberg var teaterintruktør, direktør og kunstnarisk leiar ved fleire teater i Noreg. Han var mellom anna instruktør ved Nationaltheatret. Frå 1905 var han direktør ved Den Nationale Scene. Frå 1912 var han leiar ved Tivoli Teater i Oslo. I 1915-16 var han kunstnarisk leiar ved Det Norske Teatret.
Amund Rydland
Teatersjef ved DNT 1916 - 1922 (f. 1888 i Lindås, d. 1967)
Amund Rydland var med som skodespelar på Det Norske Teatret frå starten i 1913 og gjorde ei mengde roller og hadde fleire regioppgåver. Han starta fleire privatteater og turnegrupper og var m.a. teatersjef ved Komediateatret og Ole Bullteatret i Bergen. Han var òg med i ei rekkje filmar.
Edvard Drabløs
Teatersjef ved DNT 1915-16 og 1950-51 (f. 1883 i Sykkylven, d. 1976)
Edvard Drabløs var med og starta Det Norske Teatret og var ei av hovudkreftene ved teateret det meste av livet som skodespelar og instruktør. Han hadde i ein periode sitt eige turneteater og hadde også eit stort engasjement i målsaka. Han gjorde fleire filmroller, var æresmedlem av Skodespelarforbundet og fekk kunstnarløn frå 1959. Han blei riddar av St.Olavs orden i 1953
Rasmus Rasmussen
Teatersjef ved DNT 1912-15 (f.1862 i Molde, d.1932)
Rasmus Rasmussen var den første teatersjefen ved Det Norske Teatret. Han var skodespelar ved Den Nationale Scene i fleire år og dessutan songar i fleire operaer og operettar. Han var også skodespelar og instruktør ved Det Norske Teatret i dei første åra. Seinare var han i sju år teatersjef ved Trøndelag Teater.