Jon Fosse

Jon Fosse er vinnar av Nobels litteraturpris 2023! – Eg er glad for nynorsken sin del, seier prisvinnaren sjølv.

I 2023 fekk Jon Fosse Nobelprisen i litteratur. Ikkje sidan Sigrid Undset fekk den i 1928 har ein norsk forfattar vunne den jeve litteraturprisen. Det er altså 95 år sidan sist! Tildelinga til Fosse var også første gong ein nynorsk forfattar fekk prisen. Det var noko som var spesielt viktig for Fosse sjølv.

– Eg er glad for nynorsken sin del.

Jon Fosse

I grunngjevinga til Svenske Akademien står det at Fosse får prisen for sin nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege. Juryen trekte også fram at Fosse har vist heilt spesielle evner som dramatikar heilt frå starten.

Våren 2024 får Det Norske Teatret urpremiere på eit heilt nyskrive stykke av Nobelprisvinnaren. Det er påtroppande teatersjef ved Det Norske Teatret, Kjersti Horn, som har regien på skodespelet Einkvan.

Hovudfoto i saken:
Fotograf Thomas Ekström har tatt bilde av Jon Fosse med ein plakat av seg sjølv. Illustrasjonen er laga av Kristian Hammerstad for Det Norske Teatret.