FRÅ BOK TIL TEATER

Fleire av framsyningane våre var først utgitt som bok. Å kombinere bok med teater kan vere ein god idé for engasjerande litteraturformidling!

Korleis skape engasjerande norskundervisning og spreie litteraturentusiasme til elevane? Kva med å bruke ei teaterframsyning basert på eit litterært verk som utgangspunkt? Det kan vere med på å opne tolkingsrommet rundt ein tekst og gi ein fin inngang til å snakke om tematikk, sjanger, form, tolkning. Vi har fleire framsyningar som har sitt opphav som prosa eller lyrikk, men som har blitt omskapa til dramatikk på scenen.

Kva grep er gjort i denne overgangen? Kva har gått tapt – og kva er lagt til? Korleis har regissør og skodespelar arbeida med å gi liv til karakterane i boka? Korleis har scenograf og kostymedesignar fargelagd orda på sida? Og korleis stemmer dette med eleven si oppleving av det same opphavet?

Framsyningar som passar for barneskole og mellomtrinn:

Framsyningar for ungdomsskole og vidaregåande skole:

Framsyningar for vidaregåande skole og universitet- og høgskolestudentar:

  • Tung tids tale, basert på boka med same namn av Olaug Nilssen. Premiere på Scene 2 våren 2019.
  • Operasjon sjølvdisiplin, basert på boka med same namn av Agnes Ravatn. Premiere på Scene 3 våren 2019.

Hyper i Egypt er basert på tre bøker om Per Viggo, skrive av Thor Soltvedt. Foto frå framsyninga: Dag Jenssen

Nokre av desse framsyningane har vi utvikla studiemateriell til. Nye studiemateriell kjem rundt premieredato. Ta kontakt om du har spørsmål eller vil reservere billettar. Skriv til skole(@)detnorsketeatret.no eller ring på 22473872.