Ola G. Furuseth
(f. 1975, Bærum) er fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret sidan 2017.
Han har si utdanning frå Arts Educational Schools i London, og har sidan endt utdanning vore knytt til Trøndelag Teater, Oslo Nye Teater og dei seinare åra til Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Han er kjend frå TV-seriane Seks som oss og Heksejakt på TV2, Made in Oslo på Viaplay, i tillegg til Halvbroren, Kampen for tilværelsen og Gutta på skauen på NRK og filmen 22. juli.
Her på teateret har han mellom anna spelt Håkon Magnus i Halve Kongeriket - the Musical, Frøy i Robert Wilsons Edda, Mannen i Nokon kjem til å komme, og vore med i framsyningar som Stort og stygt, Vi som føler annleis, Den knuste krukka og Inkognito.
Tidlegare framsyningar
| 2022 | Into the Woods | Mystisk mann, Væpnar |
| 2020 | Kirsebærhagen | Leonid Gajev |
| 2019 | Nokon kjem til å kome | Mannen |
| 2019 | Macbeth | Lenox |
| 2019 | Den knuste krukka | Adam |
| 2018 | HyPer i Egypt | HyPer |
| 2017 | Lesingar | Edda - ei lesing |
| 2017 | Faens nisse! | Ragnar |
| 2016 | Inkognito | Thomas Harvey m.fl. |
| 2016 | Edda | Frøy |
| 2015 | Brand | 1. korist |