7. februar blir Hovudscenen på Det Norske Teatret arena for ein solidaritetskonsert til inntekt for kunstnarar i Palestina.

Skodespelar Kyrre Hellum og kunstnar Vibeke Harper har i mange år engasjert seg sterkt for kollegaene sine i Gaza og på Vestbreidda. No har dei tatt initiativ til ein kveld i Det Norske Teatret der du kan oppleve nokre av dei beste artistane i landet vårt, samstundes som du gjer ein forskjell for kunstnarar som arbeider under langt verre kår.

Betal det du vil - pengane går til ein god sak!

Inntektene frå konserten går uavkorta til Palestine Performing Arts Network (PPAN).

Du avgjer sjølv kor mykje du vil betale for denne solidaritetskonserten.
Prisen varierer frå 200, 400, 600, 800 og 1000 kroner for billetten.

Artistar

På scenen vil Nader Babba Khalayli og Rania Iraki leie oss gjennom halvannan time med musikalske innslag, nyskrivne tekstar frå Gaza, diktlesing og helsingar frå Vestbreidda.

Sterke namn som Nawar Alnaddaf, Maja Ratkje og venner, Nils Bech, Sjur Miljeteig, Fela med venner, Gatas Parlament og Emilie Nicolas står for det musikalske følgjet. Scenekunstnar Ali Abu Yassin skriv frå Gaza, forfattar Akram Musallam frå Vestbreidda. Det blir palestinsk folkedans, dabke, med introduksjon av Yasmin Mouafakh. Skodespelane Kyrre Hellum og Ken-Philippe Tete, og forfattar og poet Rana Issa står for dikt og opplesing. I tillegg dukkar eit populært band opp som overrasking.

I solidaritet med kollegaer i Midtausten stiller alle desse opp for å skaffe inntekter til The Palestinian Performing Arts Network Programme (PPAN).

Bli med på å lage kunst

60 199 Lost Futures av kunstnar Vibeke Harper danner et visuelt bakteppe for konserten. I veka før konserten blir alle som vil inviterte til å bidra til å ferdigstille verket gjennom å delta i minneritualet for dei drepte i Gaza.
Bli med på hennar opne verkstad for solidaritet og fellesskap i foajeen:
Måndag 2. februar kl. 13.00 til 15.30
Tysdag 3., onsdag 4. og torsdag 5. februar kl. 13.00 til 20.00
Fredag 6. februar kl. 13.00 til 15.30
Sjå meir om prosjektet, som har hatt nedslag i både inn- og utland her.

The Palestinian Performing Arts Programme

Det palestinske nettverksprogrammet for utøvande kunst (PPAN) blei utvikla gjennom ein deltakande prosess som involverte 12 programpartnarar: Al Kamandjati-foreininga, Al-Harah-teateret, Ashtar for teaterproduksjonar og opplæring, El-Funoun palestinsk populær dansegruppe, Edward Said nasjonale musikkonservatorium (ESNCM), Freedom Theatre, Magnificat Institute, Kunnskapsdepartementet (MOE), Den palestinske sirkusskolen, Popular Art Centre (PAC), Theatre Day Productions (TDP) og Yes Theatre.

Dei tolv partnarane har gått saman for å utvikle eit felles kulturprogram for å «bidra til utviklinga av eit demokratisk og pluralistisk samfunn som respekterer menneskerettar og styrkar den palestinske nasjonale identiteten».

Følg The Palestinian Performing Arts Network sin Instagram her.

Poster: Watermelon Flag av kunstnar Khaled Hourani.

Palestinaprogrammet

Konserten er del av Palestinaprogrammet. Sjå alle arrangementa her!

Les meir

Gjen­ferdet inn

Isabella Hammads mektige forteljing frå dagens Vestbreidda som teater.

Les meir

Kjøp billett

Vel speledato for Lengsels­song og vinterstorm