Snøsøstera Snøsøstera
av Maja Lunde og Lisa Aisato
Ei hjartevarm historie om familieband og vennskap, krydra med ekte julemagi.
Maja Lundes spanande forteljing Snøsøstera er både nostalgisk og vakker, men ikkje utan melankoli. Det er alvor og glede, nett slik jula kan vere. Familieframsyninga smelta små og store hjarte da den hadde premiere i 2022, og blei umiddelbart utropt til «Ein ny klassikar».
Endeleg er Snøsøstera tilbake!
Familie-og vennegrupperabatt!

Minigruppe 4+
Med Minigruppe 4+ kan grupper på 4 opp til 9 stykk få billettar for berre 300 kr per person. (ordinær 620,-/barn 310).
Kjøp billettar!«Det Norske Teatret si framsyning Snøsøstera er eit sjeldant døme på
korleis barneteater kan balansere lys og mørke.»

Ei juleforteljing
I Snøsøstera møter vi Julian. Han elskar jula mest av alt i heile verda! Men i år gruer han seg, sjølv om julaftan til og med er fødselsdagen hans.
Heime hos Julian er nemleg ingenting som det plar vere i desember. Foreldra veit knapt kva dag det er, enda mindre at det snart er jul. Vanlegvis er dette den beste tida av året, med lukt av klementinar og peparkaker, stearinlys og stemninga i adventstida. Men i år er alt avlyst.

Kan det likevel bli det vi kallar for jul?
Det ser mørkt ut - inntil han møter ei underleg jente som heiter Hedvig. Ho bur i det mest julete huset han nokosinne har sett, og elskar denne tida minst like mykje som han! Julian innser at det er han som må redde jula. Han forstår noko dei vaksne ikkje har skjønt, nemleg kva jula eigentleg handlar om.
Lytt til den fantastiske musikken frå framsyninga!
«Ein ny klassikar»
Eventyrleg teatermagi
Maja Lundes juleroman i 24 delar med nydelege teikningar av Lisa Aisato blei utropt som ein klassikar allereie da den kom ut i 2018. Teaterversjonen av Snøsøstera er tonelagt med stemningsfull musikk komponert av Henrik Skram, som tidlegare har laga musikken til NRK-serien Snøfall. Den fortryllande scenografien er inspirert av Aisatos vakre teikningar, og opplevast som å bla i ei bildebok. Saman skapar dette den varme kjensla av barndommens jul.
Passar frå 6 år og oppover. Det blir nytta scenerøyk i framsyninga.
Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Kilden teater og konserthus.

Tips for ei god teateroppleving med barn!
Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små. Her er ti tips til eit godt teaterbesøk med barna!
Les meir
Gler meg til å spele Hedvig igjen!
- Hedvig er ei livsglad jente, som verkeleg elskar jula! Men ho held også på ei hemmelegheit, seier Gina Bernhoft Gørvell om rolla ho speler i Maja Lundes Snøsøstera.
Les meir
Jula treng ikkje vere perfekt
Ingenting er så koseleg som jula. Familien samlar seg, vi tar fram julepynten og tenner lys. Vi gir og får gåver, og alle er glade. Er det rart vi gler oss til jul? Eller?
Les meirKorleis blir teatermagi skapt?

Omvising
Bli med inn bak kulissane til Snøsøstera 7., 14., 21. og 28. desember kl. 13.00!
Kjøp billett!Rekk du ikkje å ete middag før teaterbesøket?
Digitalt program til Snøsøstera

Klok på eit klikk!
Lurer du på korleis du skriv ein julehit, korleis ein pynta juletre i gamle dagar eller korleis du lagar den beste kakaoen i verda?
Last ned gratis digitalt program!Innspelt musikk
Spelt inn av Kristiansand Symfoniorkester i Konsertsalen i Kilden teater og konserthus. Dirigentar Per Kristian Skalstad, Torodd Wigum Teknikar Kristian Bronebakk Produsent Henrik Skram
Tekst og melodi Når alle andre sansar kan få kvile, Snøsong og
Godnattsong Odd Nordstoga Musikarar på innspeling Odd Nordstoga, Erland Dahlen, Marius Reksjø, Svenn Erik Kristoffersen Musikkmiks Henrik Skram