Ni dagar frå april til juni er du invitert til vårens store teaterhending – hald av datoen som passar deg.
Ein serie i fem delar om byen Tebens oppsving og fall, regissert av tysk-iranske Mina Salehpour, er teaterets mest vågale og megalomane satsing denne våren. På Scene 2 blir det ein gyllen sjanse til å sjå denne syklusen av gamle drama spelt ut av eit framståande ensemble som gjennom fire månader har knadd og verkeleggjort heile det mytologiske forelegget til vår vestlege sivilisasjon.
Antropolis er eit destillat av verka til antikkens store dramatikarar ført i pennen av den tyske samtidsdramatikaren Roland Schimmelpfennig. Zevs bortføring av Europa leiar Katmos til å grunnlegge byen Teben. Derfrå skal vi følgje utviklinga av den vesle byen til å bli verdas hovudstad. Schimmelpfennig tek desse antikke mytane inn i ei notidig forteljing utan å kvitte seg med dei originale tekstane. Han byggjer Euripides, Sofokles og Aiskylos inn i ein ny tekst.
Gudane er framleis med oss
Dei fem delane Dionysos, Laios, Ødipus, Iokaste og Antigone er eit djupdykk inn i mytanes verd, som igjen gir oss verktøya til å forstå rikdommen i gamle tragediar og deira relevans sjølv i dag. Antikken lever framleis – dei politiske bodskapa som blir formidla resonnerer med vår eiga tid. Det er ei brutal forteljing om brodermord, incest, maktkamp, ville festar og blodige slag. Også konfliktane i dei antikke legendene liknar forbausande mykje på dei vi strir med i det moderne samfunnet.
Storslegen teaterhending
På scenen blir Antropolis ei storslegen teaterhending i fem delar over fleire timar, med innlagd matpause. Tittelen Antropolis er ei samanstilling av omgrepet antroposcen som beskriv tida vi er inne i; menneskets tidsalder, og polis, som er ordet for den greske bystaten.
Urpremieren var ved Deutsches Schauspielhaus Hamburg i 2023, og kritikarane var spesielt begeistra for maratonopplevinga publikum kunne delta i. I magasinet «Theater heute» blei Antropolis tildelt heile fem av dei gjevaste teaterprisane det året. Det er med andre ord ei aldri så lita teaterhending at denne teksten er klar for eit norsk publikum og for første gong i Norden.
Informasjon til publikum
FØRSTE DEL
PROLOG. DIONYSOS. LAIOS
Om lag 2 timar og 20 minutt
30 minutt pause. Moglegheit for å bestille mat. Flapjack og kaffi. NB! Må bestillast på førehand.
ANDRE DEL
ØDIPUS. IOKASTE
Om lag 2 timar
40 minutt pause. Moglegheit for å bestille mat. Stifado og drikke. NB! Må bestillast på førehand.
TREDJE DEL
ANTIGONE. EPILOG
Om lag 1 time
Mykje er mektig, men ingenting er mektigare enn mennesket
Er idéen om mennesket som eit rasjonelt og opplyst vesen riktig? Antropolis går tilbake til kjeldene og ser oss i korta.
Les meir
Antropolis I-V
Antropolis I-V er ein teatersyklus i fem delar skrive av den tyske dramatikaren Roland Schimmelpfennig. Her er eit kort oversyn over dei ulike delane.
Les meir
Game of Thrones møter greske tragediar
Tysk-Iranske Mina Salehpour har regien når Antropolis, eit destillat av verka til antikkens store dramatikarar, blir maraton-teater du kan "binge" på Scene 2 våren 2026.
Les meirKjøp billett
Vel speledato for Antropolis
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar