Bakgrunnsartikkel

Mykje er mektig, men ingenting er mektigare enn mennesket

Er idéen om mennesket som eit rasjonelt og opplyst vesen riktig? Antropolis går tilbake til kjeldene og ser oss i korta.

Skrive av
Siri Løkholm Ramberg
Siri Løkholm Ramberg
Dramaturg

I Antropolis tar den tyske dramatikaren Roland Schimmelpfennig for seg fleire av dei greske tragediane som utgjer fundamentet for dei store forteljingane til vår sivilisasjon. Forteljingane og karakterane har sett djupe spor i språket, litteraturen og populærkulturen og bidrege til korleis vi forstår oss sjølve. Vi følgjer den historiske byen Teben frå den segnomsuste grunnlegginga og gjennom opp- og nedturar, i hendene til ulike generasjonar av ætta til Kadmos – den tebanske kongefamilien.

Kongefamilien frå Teben

Kongefamilien i Teben figurerer i ei rekkje av dei mest sentrale forteljingane i vår kultur – særleg kjend er lagnaden til Ødipus, kongen som på flukt frå ein spådom om at han kjem til å drepe far sin og gifte seg med mor si, uvitande endar opp med å gjere nettopp det. Velkjend er også forteljinga om dotter (og halvsyster)
hans, Antigone, som hardnakka nektar å følgje befalinga om at berre den eine av dei to brørne hennar skal få gravleggjast på skikkeleg vis.

Vi har ikkje like ofte høyrt frå Laios, far til Ødipus, eller frå Iokaste, som både blir mor og kona hans, som i Schimmelpfennig sin kvintett har fått kvar sin del. Karakterane i dei greske tragediane var stort sett henta frå adelen og dei kongelege; det er eliten som blir skildra.

Det er òg eit unikt høve til å sjå desse forteljingane samla og på ein ny måte.

Frank Kjosås framfører teksten om Laios som ein forrykande monolog.

Schimmelpfennig har understreka dette. Han lar oss følgje denne i utgangspunktet privilegerte familien gjennom fleire generasjonar. Samstundes løftar han fram fleire av høgdepunkta frå den antikke arven i ei ny, stor framsyning. Det krev ein del av oss som tilskodarar, men det er òg eit unikt høve til å sjå desse forteljingane samla og på ein ny måte. Det er noko anna å sjå Antigone sin kamp når vi nett har sett brørne hennar i krig, enn å få ei hending som ligg noko tilbake i tid gjenfortalt.

Lang tradisjon

Øvinga å ta tak i desse forteljingane er på ingen måte ny; det har dramatikarar gjort til alle tider. Sara Stridsberg med Medealand, Eugene O ‘Neil i Sorga kler Elektra og Sarah Kane i Fedras kjærleik, for å nemne nokon. Her er forskjellen frå dei gamle og dei nyare tragediediktarane ikkje så stor som ein kanskje skulle tru. I antikkens Hellas henta dramatikarane motiva til stykka sine i mytologien eller frå historiske hendingar som låg nært i tid, noko som gjorde at publikum kjende til handlinga og utfallet i tragedien på førehand. Spenninga var altså ikkje i så stor grad knytt til kva som skulle skje, men korleis dramatikaren hadde skildra det; kven sitt perspektiv vi følgjer, kva dramatikaren har valt å fokusere på og i kva form og språk det blir fortalt.

I antikkens Hellas henta dramatikarane motiva til stykka sine i mytologien eller frå historiske hendingar.

Ut over å ta tak i dei greske tragediane, har Schimmelpfennig i Antropolis skrive enkelte delar utan eit tydeleg litterært førelegg, der han brukar karakterane og hendingane, men dei har ei anna oppbygning enn delane som meir direkte er omskrivingar av tragediane.

Utgangspunkt og inspirasjon frå tragediane

Utgangspunktet for dette storverket er delvis dei greske tragediane, av dei tre store tragediediktarane Aiskylos, Sofokles og Evripides. Dei verka i det antikke Hellas, om lag 400 år fvt. Hellas er på dette tidspunktet ikkje eit land, men består av fleire bystatar, kalla polis, i området rundt Middelhavet og dagens Hellas. Det antikke greske teateret reknast som opphavet til det vestlege teateret, som oppstår i forlenginga av festivalar for å dyrke guden for vin og fruktbarheit, Dionysos.

Rituelle opptrinn der alle deltok utvikla seg til å ha eit skilje mellom utøvar og tilskodar. I det som opphaveleg var eit korverk braut ei motstemme ut, som blir den første karakteren i teaterhistoria. Denne karakteren, protagonisten, får så svar av ytterlegare ein karakter, antagonisten. Med denne utviklinga kjem moglegheiter for dialog og konflikt. Høgst sentrale og stadig verksame omgrep som teater, drama, maske og scene kjem frå denne perioden.

Verka frå den greske antikken er dei eldste vestlege dramatiske tekstane vi har. Saman med den første teoretiske teksten om dramatikk, Aristoteles sin poetikk Om diktekunsten, har dei hatt ein enorm påverknad på dramatikken si utvikling vidare, særleg under renessansen og klassisismen.

Å sjå verka i lys av kvarandre

Historisk sett var alle dei greske tragediane del av ein trilogi, som blei framførd i løpet av ein dag, men berre ein trilogi er bevart i sin heilskap, Oresteia av Aiskylos. Etter dei tre tragediane blei eit parodisk satyrspel av same dramatikar og over same tema framført. Det antikke teaterpublikummet såg altså desse stykka i lys av kvarandre, heller enn å sjå dei med mange års mellomrom og kanskje aldri alle. Slik liknar kvintetten Antropolis på dei originale tragediane i format.

Artikkelen er publisert 12. mai 2026.
Foto: Andreas Schlager.