Eg har tru på at folk finn glede i å bidra. Og at dei kan kjenne på større eigarskap dersom dei ser ein bit av sitt eige på scenen. Derfor vil vi gjerne ha dei kvite middagstallerkenane dine som du ikkje lenger brukar, seier Mina Salehpour.
Den tysk-iranske noregsvennen snakkar fort og ivrig. Dialogen med publikum er viktig, og ønsket om å involvere dei i prosjektet er sentralt. Antropolis er eit destillat av verka til antikkens store dramatikarar ført i pennen av samtidsdramatikaren Roland Schimmelpfennig.
- Han har skrive dette verket basert på ein rekke greske tragediar, med særleg vekt på sagaen om Teben. Dei store namna herifrå er kjende for dei fleste; Ødipus, Antigone, Iokaste. Det startar faktisk med bortføringa av Europa, som jo kjem ned på scenen i avslutninga av Europavisjonar som for tida spelar for fulle hus på Hovudscenen. Vi skal møte same jenta igjen nede på Scene 2 til våren.
Ein maraton
Zevs bortføring av Europa leiar Katmos til å grunnlegge byen Teben. Derfrå skal vi følgje utviklinga av den vesle byen til verdas hovudstad. Schimmelpfennig bringar desse antikke mytane inn i ei notidig forteljing utan å kvitte seg med dei originale tekstane. Han byggjer Euripides, Sofokles og Aiskylos inn i ein ny tekst.
- Du får det beste av Roland Schimmelpfenning og det beste av dei greske meistrane. Det er som eit Game of Thrones møter greske tragediar på Scene 2!
- Du må førebu deg på å binge denne forteljinga.
Det skal også bli laga mat under Antropolis. Foto: Glenn T. Krahl.
I to år førebudde Schimmelpfennig og Deutsches Schauspielhaus i Hamburg det ambisiøse antikke prosjektet. Hausten 2023 blei dei fem tekstane sett opp i ulike premierar, som sidan blei sett saman til ei maraton-oppsetjing på 8 ½ timar. Publikum jubla. På Det Norske Teatret går Mina rett på sak og drar publikum gjennom heile forteljinga frå start.
- Du må førebu deg på å binge denne forteljinga. Vi satsar på noko utanom det ordinære. Det skal vere ei oppleving, ein happening, det er ambisjonen. Vi skal møte dei gamle vennene våre igjen og for første gong sjå nærare på heile familiehistoria.
Attraktivt og lærerikt
Generasjonen til Mina Salehpour har fått dette universet inn i grunnutdanninga. Dei greske klassikarane var noko alle fekk stifte kjennskap til i det tyske skoleløpet. Og sjølv om ikkje alle var like begeistra den gongen, har det vist seg å vere attraktivt å løfte fram dei gamle vennene igjen til eit samtidig publikum. Men for det norske publikummet, som kanskje ikkje har den same nærleiken til desse karakterane, vil det by på motstand? Mina Salehpour ler.
- Men de nordmenn kan jo tenne eit bål! Og i desse dagar er det kanskje betre kunnskap å ta med seg. Hahaha!
Ho er alvorleg i det lattermilde. Og meiner at å utveksle erfaringar, kunnskap og lokale variasjonar på tvers av landegrenser er viktigare enn nokon gong. Diskusjonar om kva som er kjent og mindre kjent for publikum i dei ulike landa ho arbeider i, er blant dei viktigaste erfaringane ho tar med seg.
Regissøren jobbar med skodespelarane Oddgeir Thune og Gjertrud Jynge. Foto: Glenn T. Krahl.
Internasjonale impulsar
- Kva meir kan menneskeslekta spørje om enn å lære, tileigne seg kunnskap til the very end. I tider med KI og alt det digitale søppelet må vi aldri slutte å vere nysgjerrige og lære av kvarandre. Eg er heldig, eg har ein
internasjonal arbeidsplass og får oppdrag i mange ulike land. Det betyr at eg ikkje blir fanga i eit trongt smaksregime. Eg får nye impulsar og kan lage teater som er farga av ulike miljø, og det eg skaper er ukjent og nytt for smaksdommarane. Kvar gong lagar vi teater basert på nye oppskrifter, og kan mikse erfaringar frå mange og varierte praksisar. Da blir ikkje den neste oppsetjinga ein kopi eller sterkt inspirert av den førre. Eg blir stressa av tanken på at det finst rigide rammer for korleis det blir forventa at eg skal løyse utfordringa som ligg i å skape teaterkunst. Antropolis er til sjuande og sist forteljinga om vår eigen sivilisasjon. Konfliktane i dei antikke legendene liknar forbausande mykje på dei vi strir med i det moderne samfunnet.
Tallerkenar som scenografi
Denne gongen har Mina og hennar faste scenograf Andrea Wagner også valt seg eitt materiale som dei arbeider med på scenen. Sist Mina jobba på teateret fylde granulat heile Scene 2
under Olje og vatn. No vil ho gjerne at folk skal donere overflødige middagstallerkenar frå kjøkkenskåpa sine.
- Andrea jobbar alltid med eitt hovudelement. Til Antropolis tenkte vi på kva som er symbolet for menneskeslekta. Og da var svaret mat. Føde. Og keramikk. Det meste som er kjent for oss frå antikken, veit vi ikkje
fordi det var ikkje var skrive ned. Det var måla på krukker. Keramikk er noko som eksisterer alle sivilisasjonar. Det er brukt til å ete frå, som handelsvare, men også til å fortelje historier. Det som skil oss frå dyra. Også kunsten å lage keramikk høyrer til menneskeslekta. Det å lage, skape, utvikle desse vakre objekta har vore ei drivkraft gjennom heile historia. Frå leirkrukker, til keramiske kar til ulikt steingods og det forfina porselenet. Tenk på kor mykje kraft vi har vigd til denne kunsten. Og ein liten dytt, og så er det i tusen knas. Det er samstundes så skjørt. Det blir fort farleg, anten du blir treft av det eller må bevege deg i det, så – ja – dette er materialet vi skal bruke. Og det skal kokast på scenen, det blir førebudd og ete mat, kylling. Det blir faktisk eit slags matshow. Etter å ha lært korleis du fyrer opp eit bål i framsyninga Heil ved på Det Norske Teatret, kan du no faktisk lære å lage mat på bålet! Buy tickets! seier Mina med ein latter.
Foto: Glenn T. Krahl.