Bakgrunnsartikkel

Antropolis I-V

Antropolis I-V er ein teatersyklus i fem delar skriven av den tyske dramatikaren Roland Schimmelpfennig. Her er eit kort oversyn over dei ulike delane. Framsyninga blir spelt med ein kort og ein lang pause.

Antropolis I

Prolog/Dionysos handlar om korleis den greske byen Teben blei til, og om da ein gud frå Asia kom dit for at folket skulle tilbe han.

Den nederlandske målaren Hendrick Goltzius (1558–1617) har fleire motiv av Kadmos. Dette er «Kadmos drep draken».

Prolog

Historia til byen Teben byrjar med eit dobbeltdrap. Etter at Kadmos fåfengt har leita etter syster si, Europa, som blei bortført av Zevs, vender han seg til orakelet i Delfi. «Gløym søstera», lyder svaret, «driv ei ku framfor deg, og der ho legg seg ned, skal du grunnleggje ein by.» Kadmos jagar kua framfor seg heilt til ho fell død om nær ei kjelde, som igjen blir vakta av ein drake. Kadmos drep draken, riv tennene ut og sår dei i jorda. Straks veks det fram væpna drakemenn av tennene, krigarar som slaktar kvarandre ned. Berre fem overlever massakren. Kadmos og drakemennene grunnlegg byen Kadmeia, seinare kalla Teben. Frå første stund er valden skriven inn i sivilisasjonshistoria.

Dionysos

Myten seier at Dionysos blei fødd frå låret til Zevs etter at den jordiske mora, Semele, dotter av Kadmos, døydde i eit flammehav. Zevs redda fosteret ut av elden og bar det fram i sitt eige bein. Historia er så bisarr at ingen vil tru på henne i Teben.

I mellomtida har Teben vakse til ein rik by, og Kadmos har overlate trona til sonesonen sin, Pentevs. Dionysos hevdar at han har krav på religiøs kultstatus, men Pentevs, som er oppteken av måtehald og reglar, nektar å tru på han. Dionysos kastar da ordningssystemet til patriarken ut i ei djup politisk og moralsk krise. Han sender kvinnene ut i ein rus og spreier vanvit og raseri mellom dei. Rusen endar grufullt og blodig. Dionysos triumferer over dei vantru i byen. Han ser ut til å ha avdekt ei kollektiv lyst til vald og undergang som ligg innebygd i sjølve konstruksjonen «by».

Denne delen er ei omsetjing og omarbeiding av «Bakkantinnene», Euripides siste og mest radikale tragedie. I denne versjonen er konfliktane mellom undergangsførestellingar og fornuftstenking, ordningstvang og ønsket om kaos, skjerpa.

Michelangelo Merisi da Caravaggio (1571–1610) har måla Bacchus, som er det romerske namnet for Dionysos, i eit oljemåleri frå 1595.

Antropolis II

Laios er historia om far til den ulykksalige kong Ødipus.

Måleri av Joseph-Paul Blanc (1846-1904): «Ødipus drep Laios», frå 1867.

Laios

I Teben startar ei tid prega av vald etter at Pentevs er død og Labdakos, ein annan soneson av Kadmos, har teke over makta. Til slutt blir Laios, son til Labdakos, henta heim frå eksil og sett på trona. Men han kjem ikkje åleine. Den unge, vakre Khrysippos frå Pisa følgjer med han. Er det han som er grunnen til at det nye kongeparet Laios og Iokaste ikkje får barn? Eller er det orakelsvaret frå spåkvinna Pythia? Snart dukkar den neste skapnaden opp framfor byportane: sfinksen, eit vesen samansett av løve, kvinne og fugl, som driv byen inn i ein dødeleg galskap med song og gåter.

Denne høgpoetiske og fleirstemde monologen undersøker korleis Laios og Iokaste fekk eit barn, Ødipus, trass det religiøse forbodet. Kor mykje ansvar har foreldra for lagnaden til barnet sitt? Kor mykje skuld blir ført vidare frå generasjon til generasjon, og kor mykje fridom har den einskilde til å frigjere seg frå det?

Antropolis III

Dette er historia om Ødipus, som fører den første indisierettssaka i verdslitteraturen mot seg sjølv.

Ødipus

Den mest kjende gåta gjennom tidene blir løyst av Ødipus. På spørsmålet frå sfinksen om kva vesen som berre har éi røyst og stundom to bein, av og til tre, somme tider fire, og som er svakare jo fleire bein det har, svarar Ødipus: «mennesket». På eit mytisk plan har antropocen - menneskets tidsalder - starta. Sfinksen er død. Men no, når gåtene er løyste, startar problema.

Ødipus, som akkurat har fått spådd at han skal drepe far sin og gifte seg med mor si, får herredømet over Teben. Under hans leiing blomstrar byen. Men utan å vite det, glir han stadig djupare inn i sin eigen lagnad. Med mor si, Iokaste, får han fire barn: sønene Eteokles og Polyneikes og døtrene Antigone og Ismene.

Så bryt det ut ein pestepidemi i Teben. Dette er augneblinken da religionen vender tilbake. Med Ødipus har Sofokles skrive eit meisterverk i litteraturhistoria.

«Ødipus og Sfinksen» av François-Xavier Fabre (1766–1837).

Antropolis IV

Iokaste tek for seg dilemmaet til ei mor som står mellom dei to sønene sine, Eteokles og Polyneikes, som i slaget om Teben står på kvar si side.

Alexandre Cabanel (1823–1889) «Oedipus Separating from Jocasta».

Iokaste

Konflikten mellom brørne Eteokles og Polyneikes handlar om grensene for diplomati. Etter at far deira, Ødipus, har blinda seg sjølv, får dei ansvar for makta. Polyneikes skuldar broren for ikkje å ha halde avtalen om årleg maktskifte, og trugar med å ta byen Teben med makt. Mora Iokaste tvingar dei til forhandlingsbordet: tale før hemn. Ho appellerer til menneskeleg autonomi og fridomen til å velje. Men kva når den subjektive rettskjensla og lova ikkje samsvarer? Polyneikes meiner han er snytt for trona.

Diplomati krev evne til å gi avkall. Eteokles gir like lite slepp på maktkravet som Polyneikes. Og den vesle Antigone kjem seinare til å halde fast på at bror hennar skal få ei verdig gravferd, sjølv under trugsmål om dødsstraff.

Iokaste er inspirert av Euripides si omarbeiding av myten med tittelen Fønikarane og den om lag 60 år eldre tragedien Sju mot Teben av Aiskhylos.

Antropolis V

Antigone handlar om dotter til Iokaste, som blir levande gravlagd for å ha trassa onkelen, kong Kreon.

Antigone

Etter mange år som stedfortredar har Kreon endeleg kome til makta. Angrepskrigen mot Teben har akkurat blitt avverga, men i si første embetshandling står Kreon i fare for å mislykkast: Han må felle dom over niesa Antigone. Ho har sett sitt etiske bod høgare enn staten si lov. Kreon er overtydd om at moral er ein dårleg politisk rettleiar, og dømmer Antigone til ei barbarisk straff: Ho skal murast inne levande. Humaniteten blir ofra for lovlydnaden.

Ei av dei mest kjende linjene om mennesket stammar frå denne tragedien av Sofokles: «Mykje er mektig, men ingenting er mektigare enn mennesket.» Roland Schimmelpfennig skriv Antigone inn i eit moderne poetisk språk som gjer den kvinnelege motstanden mot den mektige staten Teben og politikken han fører svært nærverande.

Nikiforos Lytras (1832–1904) «Antigone in front of the dead Polynices» frå 1865.