I Antropolis møter du nokre av dei velkledde, opphøgde og siviliserte damene som har tråkka opp stien for vår sivilisasjon. Gjertrud Jynge portretterer to berykta royale superstjernar frå ei tid utan pressekonferansar og raude løparar.
Ho er mor til kong Pentevs som ikkje vil anerkjenne den nye guden Dionysos. Og derfor hemnar Dionysos seg på kongen ved å lure Agave ut på jakt i skogen. Manipulert og rusa trur ho at ho har drepe ei løve, men det er hovudet til kong Pentevs, sonen hennar, ho kjem triumferande tilbake med. Det er først når rusen avtar og galskapen begynner å gå over at prinsessa innser kva ho har gjort.