Få innsikt i korleis den sveitsiske regissøren jobbar fram framsyningar.

Sveitsiske Rau kjem til Fossefestivalen med framsyninga Antigone in de Amazon. Med denne har han saman med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa skapt ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret. Rau lagar framsyningane sine gjennom ei samanfletting av historier og politikk, som vev ulike lesingsnivå saman. På workshopen vil han fokusere på den kunstnarlege metoden sin og på prosess, omkontekstualisering av klassikarar, internasjonalt samarbeid og kunst som beredskap.

PASSAR FOR Workshopen er for profesjonelle på tvers av disiplinane. Skodespelarar, regissørar, scenografar, dramaturgar og studentar er velkomne.

Resistance now!

I år tar Fossefestivalen pulsen på europeisk scenekunst i breiare forstand, og har henta inn nokre av dei fremste, mest nyskapande og originale framsyningane innan europeisk teater akkurat no. Det er eit skup at regissør og dramatikar Milo Rau, den politisk engasjerte leiaren av Wiener Festwochen, no gjer eit stopp på RESISTANCE NOW-turneen på Det Norske Teatret.

Rau er rabulisten i europeisk teater og meiner at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men å endre henne. Han er blitt omtala som både den “mest påverknadsfulle”, “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i vår tid. Den anerkjente teaterregissøren har utvikla eit globalt program der han tar sikte på å kople saman kulturmenneske frå heile verda i ei delvis symbolsk, delvis praktisk handling av solidaritet og kulturell motstand mot autoritære krefter, isolasjonisme og sensur. RESISTANCE NOW! er så langt støtta av 200 kulturorganisasjonar i 50 land. Målet for kampanjen er eit samarbeid med EU om eit nytt juridisk rammeverk som tar sikte på å beskytte kultur og ytringsfridom: Den europeiske kulturfridomsloven.

Kjøp billett

Vel speledato for Workshop med Milo Rau