Å nytte teaterkunsten aktivistisk. Kvifor er scenekunsten og teaterinstitusjonane kanskje viktigare enn nokosinne?

Samtale med regissøren for Antigone in de Amazon.

Regissør Milo Rau er rabulisten i europeisk teater og med Antigone in de Amazon har han skapt ein politisk versjon av Antigone for det 21. hundreåret i lag med urfolk, aktivistar og skodespelarar frå Brasil og Europa.

Samtalen til dreie seg rundt Milo Raus kunstnarskap, kva han nyttar scenekunsten til og kunstens rolle i beredskapen.

Resistance now!

Både samtalen og framsyninga er del av RESISTANCE NOW-prosjektet starta av Wiener Festwochen.
Dette er ein felleseuropeisk kampanje der 200 leiande kulturorganisasjonar i 50 land samarbeider med EU om eit nytt juridisk rammeverk for å beskytte kultur og ytringsfridom. Milo Rau meiner at kunst ikkje handlar om å skildre verda, men om å endre henne. Han er blitt omtala som både den “mest påverknadsfulle”, “mest skandaløse” og “mest ambisiøse” europeiske regissøren i vår tid.

Gratis

Vel dato for innsikt Samtale med regissøren for Antigone in de Amazon

  • Gratis