Bakgrunnsartikkel

Språkoppdraget­ 
Sesong 2

I andre sesong av podkasten Språkoppdraget er mellom anna regissør Kjersti Horn, språksjovgeneral Linda Eide, forfattar Maja Lunde og Oslo-biskop Kari Veiteberg gjestar. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk og Erlend Tårnesvik Dreiås. Produsent er Ole Herman Andersen. Publisert hausten 2022.

Kari Veiteberg

Om tru, teater og tekstane som samlar oss

Oslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar.

Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det har Veiteberg tenkt mykje på, og det snakkar ho om i denne episoden av Språkoppdraget.

Vi er innom historia til det norske bibelspråket, om samhøvet mellom dialekt og skriftspråk og vi snakkar om kva som skil og kva som sameinar det religiøse språket og kvardagsspråket.I denne juleepisoden får vi også høyre kva biskopen tenkjer er det viktigaste i julebodskapen. Og vi får stadfesta det som for mange er heilt innlysande: Juleevangeliet gjer seg aller best på nynorsk. Lytt til Språkoppdraget - og vurder sjølv.

Lytt til episoden med Kari Veiteberg.

Erik Ulfsby

Om teater, tospråklegheit og kvifor det meste er best på nynorsk

Teatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk.

Erik Ulfsby er også styreleiar i Språkrådet, og har dermed det siste ordet når nye ord skal inn i ordboka. Han har fått fleire språklege kjepphestar, og er uroa for den låge språklege sjølvtilliten mange verkar å ha. Men han har stor språkleg sjølvtillit når det gjeld språkoppdraget til Det Norske Teatret.

Om du lurer på kvifor Erik Ulfsby blir tatt imot som ein helt i Karasjok på grunn av ei samisk lærebok, om kvifor han synest Romeo og Julie er mest truverdige med skodespelarar i 60-åra, eller kva ord han liker aller best, bør du lytte til denne episoden av Språkoppdraget.

Lytt til episoden med Erik Ulfsby.

Gunnhild Øyehaug

Om Kristin Lavransdotter, Ivar Aasen og kritisk lesing

Forfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetjinga av Kristin Lavransdotter for Det Norske Teatret vist at ho også passar det store formatet godt.

I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Gunnhild Øyehaug om å omsetje og bli omsett, om kva eit nytt språk kan tilføre ein tekst, og kva som kan gleppe i omsetjinga. Vi snakkar om fordelar og ulemper ved å vere ein kritisk lesar, og Gunnhild fortel om sitt møte med Kristin Lavransdotter. Om kvifor ho gret over arbeidet, og kvifor karakterane til Sigrid Undset alltid kjem til å vere med ho vidare i livet og diktinga. Og oppskrifta på korleis omsetje ein 100 år gamal nobelprisvinnande romantrilogi frå riksmål til nynorsk? Jo, ein startar med første setning, og når den er omsett, tek ein setning to.

Lytt til episoden med Gunnhild Øyehaug.

Maja Lunde

Om skriveglede, språkleik og den fantastiske jula

Som forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget.

I denne episoden av Språkoppdraget fortel ho om korleis språket formar karakterane ho skriv.Lunde vaks opp midt i Oslo, i ein språkleg spagat mellom aust og vest. Da ho gjekk på skolen var forholdet til nynorsken sånn passe, men i arbeidet med dramatiseringar av bøkene sine for Det Norske Teatret, har ho oppdaga gleda ved nynorsken. Kan det komme ei bok på nynorsk snart?

I haust er det premiere på juleforteljinga Snøsøstera. Korleis er det å sjå figurane ein har dikta opp bli levande på ein scene? Og har du tenkt at det hadde vore kjekt å bli ein bestseljande forfattar? I denne episoden deler Maja Lunde raust av sine skrivetips!

Lytt til episoden med Maja Lunde.

Linda Eide

Om dikt, dialekt og ufrivillige emojiar

Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv.

Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert enn dei treng, om kva det var som skjedde i Oslo som fekk den 19 år gamle nynorskbrukaren Linda Eide til å skjøne at ho har eit sterkt engasjement for skriftspråket sitt, og om kvifor ho måtte bli vaksen før ho begynte å skrive utropsteikn.

Om du er usikker på om nynorsk er fint i dikt, kjem du ikkje lenger til å vere i tvil etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget. Du får nemleg eit eksklusivt utdrag av eit av dei mange dikta den unge Linda Eide skreiv og framførte på ulike tilstellingar på Voss i gamle dagar. Vi lover ny kveik til alle språkinteresserte etter denne episoden av Språkoppdraget.

Lytt til episoden med Linda Eide.

Lars Petter Sveen

Om frykta for å stamme og lysta til å snakke

Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det andre han tenkte var: «No har frykta for å stamme gått for langt.» Han bestemte seg for å ta tak i stamminga si. Resultatet har blitt boka Kunsten å stamme – utan at noen merker det.

I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Lars Petter Sveen om korleis han i 40 år hatt gått omvegar i språket og i livet for å skjule at han stammar, og korleis frykta for å stamme har påverka kroppen, ordforrådet, dialekta, skriftspråket og yrkesvalet hans. Og kva gjer ein forfattar når han er redd for å seie ordet litteratur høgt?

Vi snakkar også om kor vanskeleg det er å gå frå å vere romanforfattar med full kontroll over romankarakterane sine, til å skrive ein sakprosa med seg sjølv og familiemedlemmar i hovudrollene, om kvifor nynorskbrukaren Lars Petter bytte til bokmål når han skulle skrive bok om seg sjølv, og om kor viktig det er å finne den gode stemma for å skrive god litteratur.

Lytt til episoden med Lars Petter Sveen.

Kjersti Horn

Om skam, skrekk og Sigrid Undset

Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust.

Kjersti Horn er ein pratmakar og ein heilt stille person på same tid. Ho kallar seg ein språknerd, og blir rasande når nokon tuklar med teksten. «Trur du at du er betre enn Sigrid Undset?» spør Kjersti Horn då. Språket skal vere eksakt. Men forteljinga er aldri høgd i stein. Kjersti meiner at godt teater er som ei god bok, noko publikum kan dikte vidare på.

I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi også om skrekken for å få skrekken, om kvifor regissøren må vere den dummaste i rommet, og om å prate svensk når ein blir sint.

Lytt til episoden med Kjersti Horn.

Fleire episodar med Språkoppdraget

Språkoppdraget

Språkoppdraget er Det Norske Teatret sin podkast om språk. Her finn du oversikt over alle episodane.

Les meir