Bakgrunnsartikkel

Rollene i Søstrene

Hibba Najeeb, Elpida Stojcevska, Natalie Bjerke Roland speler dei tre søstrene i framsyninga basert på romanen av Jonas Hassen Khemiri.

Nader Khademi speler rolla som Jonas i Søstrene. Foto: Eirik Malmo.

Søstrene av Jonas Hassen Khemiri er ein roman om Jonas, og om tre søstrer som ikkje finst, eller har han møtt dei?

I denne oppvekstskildringa følgjer vi søstrene og forteljaren sine liv frå tidleg nittital og 30 år fram i tid. Hovudpersonen og forteljaren er i likskap med forfattaren halvt tunisisk, forfattar og busett i New York med familien sin. Dei tre søstrene flyttar på eit tidspunkt i barndommen til området der han bur. Dei har også tunisisk bakgrunn og gjer eit uutsletteleg inntrykk på vesle Jonas.

Det handlar om livet, familieforhold, venner, kvardagar og fest, om tilfeldigheiter og skjebne, om dikt og sanning.

Den eldste søstera, Ina, er høg, god i basket, systematisk og eit skolelys. Evelyn, den mellomste, er smellvakker, ein god historieforteljar og skaffar seg venner overalt. Anastasia, den yngste, er energisk, utolmodig og ei festløve.

Tre ulike søstrer som på ulikt vis fascinerer og resonnerer i Jonas som på teaterscenen blir spelt av Nader Khademi. Søstrene blir spelt av Hibba Najeeb, Elpida Stojcevska (for tida å sjå i TV-serien LIS) og Natalie Bjerke Roland.

Søstrene har urpremiere på Hovudscenen 5. september. Regien er ved Maren Bjørseth.