Bakgrunnsartikkel

Politikk, fengjande akkordar og mykje fjas

Musikalduoen Are Kalvø og Ingrid Bjørnov gjer det igjen.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef • Det Norske Teatret

Noregs svar på Andersson og Ulvaeus eller kanskje heller Trey Parker og Matt Stone? Det må jo vere Ingrid Bjørnov og Are Kalvø! No er dei igjen klare for å kaste seg ut i musikaleventyret. Ikkje overraskande er ingrediensane også denne gongen politikk, språk, tøys og tull, iblanda ein dæsj satire og gladpunk.

Den kreative duoen har tidlegare hatt stor suksess, både kvar for seg, men også samla her på Det Norske Teatret. Heilt sidan den enorme suksessen med Tusen år og like blid i 1998 har Are Kalvø gjort den politiske kabareten til ei særeiga teaterform på Det Norske Teatret. Noregs regjerande humorpianistinne Ingrid Bjørnov har i meir enn fire tiår halde koken og underhalde med sine skarpe musikalske observasjonar. Snart ni år etter at dei saman skapte Halve kongeriket - norsk politikk the musical, ein musikal om – av alle ting – kontroll og konstitusjonskomiteen med Martin Kolberg i spissen, har dei lagt auga sine på ein annan usannsynleg superhelt. No skal livet til nynorskens far, Ivar Aasen, gåast opp – bokstaveleg tala – på Hovudscenen.

– Å gjenfortelje Ivar Aasen si historie på ein djup løgnaktig og superhelt-aktig måte, er noko eg ser fram til, seier Kalvø.

Ivar Aasen gjekk ut og prøvde å lage eit nytt språk for folket.

I Mac-en til Are Kalvø ligg det to lister. På den eine står diffuse og uklåre tankar om tema han kunne tenke seg å skrive om. På den andre står det konkrete ting som han anten har tenkt på sjølv eller som nokon har sagt at han bør skrive om. Ein sjeldan gong treffer ting frå dei to listene kvarandre.

– Spørsmålet om kva som skal til for å bli likt av alle er litt diffust. Korleis samlar du alle om eit felles prosjekt og er det mogleg? På den andre lista hadde eg notert at nokon hadde oppmoda meg til å skrive om nynorsk. Dette gjekk på eit merkeleg vis opp i ei høgare eining. Ivar Aasen gjekk ut og prøvde å lage eit nytt språk for folket. Kva med å gjere det, ikkje berre med språket, men rett og slett finne kva absolutt alle i eit land kan samle seg bak. Her har vi noko, tenkte eg, seier manusforfattar og songtekstansvarleg Are Kalvø.

Politikk, språk, tøys og tull, iblanda ein dæsj satire og gladpunk.

Tusen år og like blid var ein revy som oppsummerte tusen års norsk historie på to og ein halv time, med suveren mangel på presisjon og faktakunnskapar. Are Kalvø og Ragnar Hovland skreiv manus.
Tusen år og like blid var ein revy som oppsummerte tusen års norsk historie på to og ein halv time, med suveren mangel på presisjon og faktakunnskapar. Are Kalvø og Ragnar Hovland skreiv manus.
I framsyninga Halve Kongeriket starta samarbeidet mellom Ingrid og Are for fullt.
I framsyninga Halve Kongeriket starta samarbeidet mellom Ingrid og Are for fullt.
Ivar Tindberg hadde regi på den første framsyninga Are skreiv for Det Norske Teatret. Sidan har han hatt regi på fleire av Ingrid sine soloshow. No gjer han regi på Spynorsk. The Musical.
Ivar Tindberg hadde regi på den første framsyninga Are skreiv for Det Norske Teatret. Sidan har han hatt regi på fleire av Ingrid sine soloshow. No gjer han regi på Spynorsk. The Musical.

Startar der dei slapp

Ingrid Bjørnov tente straks på ideen. Ho er raus med lovorda om folka på teaterhuset og gler seg stort til å kome tilbake.
– Det er stas å få vere tilbake og ri på dei kreftene som finst her. Det kjenst som om vi berre kan starte der vi slapp sist, seier ho entusiastisk.

Halve kongeriket - norsk politikk the musical hadde premiere på Det Norske Teatret i 2015.

På dei åra som er gått sidan Halve kongeriket har ho fått mange gode vener i teaterhuset. Ivar Tindberg har hatt regi på fire av soloshowa hennar og sjølv har ho vore repetitør på fem av koreograf Eli Stålhand sine prosjekt. Ikkje minst er ho blitt betre kjent med makkeren sin og er glad for dei har hatt god tid på skriveprosessen.
– No tør eg å blande meg opp i songtekstane, foreslå nye linjer og sende ufullstendige demoforslag anten Are er på ei aude øy eller i India. Eg tar i bruk alle musikalske stilartar og det er gøy. Eg har rett nok hatt tid til å tvile, det ligg i DNA-et mitt, men eg har slengt ut ein masse halvtygde idear som vi testar ut. Eg trur eg har sendt forslag til alle døgnets tider.

«med atterhald om promille»

– På ein demo frå Granca stod det «med atterhald om promille», seier Are og ler. Også han har trivst i arbeidet med å skrive musikalen.
– Grunnideen var tidleg på plass, og der ligg alle samtidskommentarane, all satiren. Den treng eg eigentleg ikkje å tenkje på. Så no har eg forsøkt å vere i ein konstant ja-fase ved å forfølgje alle rare innfall. Eg blir glad om folk seier at dette var rart. For det er rart. Litt satire i botn, men stort sett berre tøysete og rart. •


PS: Om du ikkje er sikker på kven Trey Parker og Matt Stone er? Det er dei som laga den rimeleg store suksessen The Book of Mormon ein gong i tida.

Artikkelen er publisert 1. mars 2024.