Bakgrunnsartikkel

Komponist Ingrid Bjørnov

Når det kjem til musikk, har eg ingen guilty pleasures. Skam interesserer meg ikkje i musikken.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Du kan ta dama ut av Grand Prix, men du kan ikkje ta Grand Prix ut av dama. Eg er ein refrengfantast! Eg elskar modulasjonar og Glee, og når det kjem til musikk, har eg ingen guilty pleasures. Skam interesserer meg ikkje i musikken. Are Kalvø har òg ein forkjærleik for pop-musikk, og til samarbeidet om Halve kongeriket hadde han klare referansar. Mellom anna sende han meg ei speleliste med alt frå Barbie Girl til YMCA. Og så deler vi ei felles beundring for Nik Kershaw. Eg trur vi er Noregs nest største og tredje største fans.

Da eg blei spurd om å lage musikken til ein tøysete musikal om romantikken i politikken, sa eg ja på innpust. Når den eineståande alvorshumoristen Are Kalvø spør meg om å lage ein musikal på det beste musikalteatret i landet, treng eg ikkje å tenkje meg om. Eg har drøymt om dette sidan eg fotfølgde Egil Monn-Iversen under prøvane på Les Misérables på Det Norske Teatret i 1988.

Ikkje kødd med kongen, var mi einaste formaning til Are. Elles kviler eg trygt hos denne forfattaren. Eg går han ikkje etter i saumane, bortsett frå at han ikkje rimar så ofte. Eg har tatt fram saksa nokre gonger, klipt og limt for å få til eit poprefreng her og der. Eg har skreve musikk til fleire musikalar saman med Benedicte Adrian, men aldri aleine og aldri på så kort tid. Eg fekk manuset i januar, og prøvene byrja i mai. Frå mai til september har det vore talrike omskrivingar. Til vinteren skal eg sove og ikkje drøyme om modulasjonar.