Bakgrunnsartikkel

Julekviss

Kviss er ein perfekt julesyssel! Her kan du kvisse deg sjølv og familien med tretti spørsmål i fem ulike kategoriar. Er du gløgg, eller er du det franskmenn kallar «les incompetents»? Ta kvissen, og finn ut! Fasit finn du lengst nede på sida. Lykke til!

I Adolph Tidemands nasjonalromantiske måleri Norsk juleskik frå 1846 er juleneket reist på stabbursmønet. Av Adolph Tidemand/Trondheim kunstmuseum.

Mat og drikke

1. Denne drikken stammar frå omkring år 400 e.Kr, og dei gamle grekarane kylte han nedpå etter måltidet fordi den skulle vere god for fordøyinga. I Storbritannia kallar dei det «mulled wine». Kva kallar vi det i Noreg?

2. Småfuglane elskar det, men kva for kornslag er juleneket ofte laga av?

3. Alle har sin favoritt, men kva for to twist-bitar har vore i posen sidan starten i 1957?

4. Peparkaker, fattigmann, berlinerkransar og kokosmakron er alle gode småbrød ein kan kose seg med i jula. Men kven av desse fire er ikkje ein av dei sju slaga ein må lage til jul, ifølge tradisjonen?

5. I 2021 blei det selt rundt 21 millionar liter julebrus i Noreg, og mest populær var Hamar og Lillehammer julebrus. Kva for år kom den i sukkerfri variant?

Film og TV

6. Han spelte Eskild i TV-serien Skam og er å sjå som Louis i framsyninga Berre verdas undergang. No er han å sjå i kinofilmen Kampen om Narvik. Kva heiter han?

7. Sara Khorami har fått mykje ros for si tolking av rolla som Kristin Lavransdotter. Kven spelte same rolle i filmen som Liv Ullman regisserte i 1995?

8. Ifølge Guinness rekordbok er det den mest gjentatte TV-sketsjen nokosinne. I Noreg går den på NRK kvar veslejulaftan kl. 21. Kor mange minutt varar Grevinnen og hovmesteren i versjonen NRK sender?

9. I Disney-filmen Frost frå 2013 er det nokre figurar som snakkar nynorsk, nemleg trolla. Kva er dei ekspertar på, ifølge Kristoffer?

10. I julefilmen Alene hjemme 1 frå 1990 blir Kevin gløymd igjen heime når familien reiser på ferie. Men kor er det familien reiser?

Filmplakat frå Kampen om Narvik, som har premiere i jula 2022.

NRK-serien Snøfall blei vist første gong i 2016. Foto: NRK

Teater

11. Kva for skodespel av William Shakespeare blir ofte berre kalla «Det skotske stykket» grunna overtru i teateret?

12. Ein stor skodespelar gjekk ut av tida i 2022. Han var mellom anna kjent for sine tolkingar av Peer Gynt, og som Georg Anker Hansen i TV-serien Hotel Cæsar. Kven var det?

13. Nationaltheatret opna 1. september 1899. I opningshelga blei det spelt tre framsyningar, ein for kvar av dramatikarane som er innskrive i fasaden på bygget: Bjørnstjerne Bjørnson, Henrik Ibsen og... Kven er den siste?

14. Kven vant Heddaprisen for Beste mannlege skodespelar/medspelar for «eit eg/eit anna eg» i framsyninga Tid for glede i 2022?

15. Skodespelar Trond Høvik spelte rolla som julenissen i julekalenderen Snøfall som blei vist på NRK for første gong i 2016, og som no speler på Oslo Nye Teater? Men kva var namnet til Julenissen?

Musikk

16. Kva heiter Bob Dylans juleplate som kom ut i 2009?

17. «Stille Nacht, heilige Nacht» blei første gong framført i Austerrike 24. desember 1818. I 1850 kom den på norsk, gjendikta av B. S. Ingemann. I 2011 kom sangen på Unescos liste over kulturell verdsarv. Men kan du synge den neste setninga: «Glade jul, hellige jul...»

18. Dei er skildra i tredje vers av «Et barn er født i Betlehem». Kva for dyr står i stallen der Jesus blei fødd, ifølge Jesaja 1:3?

19. Diktet «Julekveld» av Jacob Sande stod første gong på trykk i Jul i Sunnfjord i 1931. Kva er denne julesongen betre kjent som i dag?

20. Komponist Ludvig Mathias Lindeman har mellom anna laga melodiane til Et barn er født i Betlehem og No livnar det i lundar. Han har også gitt melodi til diktet Nordmannen, som Ivar Aasen skreiv i 1863. Men kva er eit meir kjent namn på dette diktet?

Adoration of the Shepherds (1539-1540) av den italienske kunstnaren Bronzino.

Tři oříšky pro Popelku er for mange ein juleklassikar. Skodespelar Libuše Šafránková spelte rolla som Askepott.

Godt og blanda

21. I Danmark seier dei «Glædelig jul!» I Tyskland: «Fröhliche Weinachten». På finsk kan du høyre: «Hyvää Joulua!» Men korleis seier ein «god jul» på spansk?

22. For mange er det tradisjon å sjå den austtysk-tsjekkoslovakiske filmen Tre nøtter til Askepott frå 1973 på julaftan. Hesten heiter Jurášek, hunden heiter Kasperle, men kva heiter ugla som vokter smykkeskrinet til Askepott?

23. «Kalle Anka och hans vänner önskar God Jul» er eit viktig program for mange i Sverige, og blir sendt på julaftan til eit fast tidspunkt. Når?

24. Kva meiner ein på nynorsk når det står «Eg skal kveike lyset»?

25. Kor mange dagar etter julaftan skal ein, ifølge tradisjonen, «kaste ut» jula?

Litteratur

26. Kva heiter forfattaren av boka Snøsøsteren, som hausten 2022 blei teaterframsyning på Det Norske Teatret?

27. Novella Karens jul blei publisert i julenummeret av den danske avisa Politiken i 1885. Kva heiter forfattaren?

28. Sidan 1914 har dette radarparet vore ein del av juletradisjonen for mange i form av julehefte. Opphavsmannen var tysk-amerikanaren Rudolph Dirks, og originaltittelen var The Katzenjammer Kids. Kva heiter dei på norsk?

29. Piken med svovelstikkene er ei novelle av Hans Christian Andersen. NRK har i fleire år sendt ei opplesing av novella på nyttårsaftan. Kva heitte skodespelaren som les novella?

30. Det litterære juleheftet Juleroser blei først utgitt 9. desember 1881. I 2015 blei det relansert, og fekk eit opplag på heile 40 000. Kven er redaktør?

Snøsøstera hadde premiere på Det Norske Teatret hausten 2022. Illustrasjon: Lisa Aisato.

Fasit

Mat og drikke

1. Gløgg

2. Havre

3. Lakris og Cocos

4. Kokosmakron

5. 2016

Film og TV

6. Carl Martin Eggesbø

7. Elisabeth Matheson

8. 11 minutt

9. Kjærleik

10. Paris, Frankrike

Teater

11. Macbeth

12. Toralv Maurstad

13. Ludvig Holberg

14. Preben Hodneland

15. Julius

Musikk

16. «Christmas in the heart»

17. «Engler daler ned i skjul.»

18. Oksen og asen (esel)

19. «Det lyser i stille grender»

20. «Millom bakkar og berg»

Godt og blanda

21. Feliz navidad

22. Rozárka

23. Kl. 15.00 (kl. 15.05 i 1967 og 2021)

24. Tenne lyset

25. 20 dagar (tjuandedag jul, 13. januar)

Litteratur

26. Maja Lunde (Lisa Aisato har illustrert)

27. Amalie Skram

28. Knoll og Tott

29. Per Aabel

30. Herborg Kråkevik

Julekvissen er laga av Erlend Tårnesvik Dreiås. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Skriv til erlend.dreiaas@detnorsketeatret.no.