Bakgrunnsartikkel

- I hjartet er eg idealist

- Det er noko som brenn i meg. Eg manglar berre saka å brenne for, seier skodespelar Julie Moe Sandø. Ho kan kjenne seg godt igjen i karakteren Aase Ivarsen, som snublar over nokre bøker og blir frelst på Ivar Aasen, nynorsk og det å vekke folket.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Vi møter skodespelar Julie Moe Sandø medan ho kokar seg kaffi i garderoben før prøvane på Are Kalvø og Ingrid Bjørnovs politiske og humoristiske Spynorsk. The Musical. Kaffi må til for å få dagane til å gå ihop med nattevåk og to små ungar heime. Men trass jobb på teateret og ein familie som krev sitt, var ho i haust med på å arrangere ein støttekonsert til inntekt for krigsoffera i Gaza. Gjennom dette fekk skodespelaren også utløp for ei side av seg ho kanskje skulle ønske ho hadde fått bruke meir. Ho kjenner seg nemleg godt igjen i karakteren ho skal spele. Julie Moe Sandø kjem frå eit gamalt arbeidarstrok i Trondheim, og er flaska opp på 1. mai og Arbeiderpartiet. Eit av hennar store augeblikk i livet var da ho som 13-åring blei verva inn i AUF av kjekkasen Per Olav Skurdal Hopsø (no statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

Engasjert i å vere engasjert

- Aase Ivarsen er brennande engasjert i å vere engasjert, tenkjer eg. Og så snublar ho over biografien om Ivar Aasen og ei nynorsk ordliste, og da fell ting på plass, forklarar Moe Sandø.

- Ho vil at folket skal vakne, men veit ikkje heilt kva ho vil at dei skal vakne til, anna enn at ho vil at dei skal vere lykkelege.

Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø) med sin versjon av Ivar Aasen (Frank Kjosås). Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Inspirert av Ivar Aasen

Karakteren vi lærer å kjenne som Aase Ivarsen lever i framtida. Året er 2042, folk sullar rundt litt i sine eigne verder, livstrøytte og desillusjonerte etter årevis med skjermar, sosiale media (som er blitt forbode) og politikarar utan gjennomføringskraft. Inspirert av Ivar Aasens prosjekt om å samle stemma til heile folket i eit nytt norsk språk, ønskjer Aase Ivarsen å samle heile folket i ei røyst om... noko betre.

Julie Moe Sandø på første leseprøve til Spynorsk. The Musical. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

- Aase har berre lese vaskesetelen bakpå Ottar Grepstads biografi om Ivar Aasen, men veit akkurat nok til å få fot for prosjektet hans og går ut og held flammande innlegg, seier Moe Sandø.
- Saka hennar er berre å la folk bli sett og høyrt, og gjennom det skape eit betre samfunn. Det er reinspikka populisme!

- Ho har ekstremt høg emosjonell intelligens, men er kanskje ikkje den skarpaste kniven i skuffen.

Aase Ivarsen startar partiet Spynorsk Mordliste, som får namnet sitt etter boka generasjonar av ungdomselevar hat hatt i sekkane sine; den nynorske ordlista med tre påskribla bokstavar. Saman med makkaren Geir, som blir forelska i henne, dreg ho ut på ein politisk vekkingsturne der alle får vaflar og alle blir høyrde. Ho er karismatisk som ein sekterisk predikant og får folk med seg over alt der ho går. Hennar versjon av Ivar Aasen - som nok heller ikkje stemmer heilt over eins med den verkelege Ivar Aasen - er også med på lasset.

Aase Ivarsen vekkjer folket med vaflar og løfte om at alle skal bli høyrde. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Vaffelpopulisme

Julie Moe Sandø har tenkt på mange politikarar medan ho har forma Aase, men den ho stadig kjem tilbake til, er Nidaros Arbeiderpartis Trond Giske.
- Han er jo ein dyktig politikar. Veldig likande, på mange måtar. Han har køyrt rundt med campingvogna si og ete vaflar og snakka med folk, nett som Aase Ivarsen. Han ser dei, og greier å få med seg folk, uansett kor mange feilsteg han har tatt, seier den tidlegare AUF-aren.
- Men politikken har blitt eit for personleg prosjekt, så han stiller seg framom politikken på ein måte. Dette er kanskje også nødvendig for å bli ein stor politikar? Det er jo slike menneske med enorm karisma som evnar å få folket med seg.

Eit umogleg politisk prosjekt

Aase Ivarsen skjønar heller ikkje at hennar politiske prosjekt eigentleg er umogleg.
- Du kan ikkje samle alle folk bak ei stemme og gjere alle lykkelege. Det ville jo blitt totalitarisme. Alle er jo ikkje einige om kva som er det beste for folk. Aase tenkjer nok at dei som ikkje har skjønt at at Spynorsk Mordliste berre vil det beste for dei, berre ikkje har skjønt det, meiner Moe Sandø.

Julie Moe Sandø i karakter som Aase Ivarsen som blir intervjua av Spynorsk pressekontor. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

- Alle er jo ikkje einige om kva som er det beste for folk.

Og som vi alle jo veit - vegen til helvete er brulagd med gode intensjonar.
- Det er veldig sjokkerande for henne at folk ikkje blir fornøgde sjølv om ho gjer så godt ho kan. Og det kan nok mange politikarar også kjenne seg igjen i, trur skodespelaren.

Feminist? Javisst!

Sjølv kjenner Julie Moe Sandø seg også som ein idealist i botnen, men merkar at livet sjeldan har plass til å vere engasjert. Derfor blir ho ofte skuffa over politikarar, men også seg sjølv.

- Eg vil gjerne gjere noko riktig og viktig. Og når eg døyr, skal verda vere ein ­­litt betre stad, håpar eg. Ja, eg vil gjerne bidra med noko godt, da, seier skodespelaren alvorleg.
Men legg til at ho er for kjenslestyrt til å vere politisk aktiv. Kompromiss er ikkje hennar greie. Da ho var student ved Høgskolan för scen och musik i Gøteborg blei ho engasjert i partiet Feministiskt initiativ. Ho opplevde det som enormt frigjerande at ho ikkje trong å oppføre seg på ein viss måte berre fordi ho er jente.
- Eg følte at eg oppdaga krafta mi på nytt. Kjønnsperspektivet gav meg tilbake heile paletten av det å vere menneske, seier Julie engasjert.
- Og det er jo faktisk blodpolitisk.

Aase Ivarsens parti Spynorsk Mordliste tek etter kvart ei urovekkjande retning. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

Intervjuet er publisert 10. april 2024 i samband med framsyninga Spynorsk. The Musical.
Toppfoto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.