Bakgrunnsartikkel

Kva er Spynorsk Mordliste?

Generasjonar av norske skoleelevar har gått rundt med ei SPynorsk Mordliste i sekken.

Dette er ikkje ei liste over nynorskingar nokon gjerne skulle ha kome til livs - men ei Nynorsk ordliste, med påskribla bokstavar som endrar tydinga av boktittelen radikalt. Første utgåva av Nynorsk Ordliste kom ut i 1938, og bygde på Ivar Aasens verk.

Dagens skoleelevar er lykkeleg uvitande om foreldregenerasjonens hærverk - i dag nyttar dei nemleg berre digitale ordbøker, og dei gir ikkje same høve til å få ut agget ein måtte ha inni seg mot det eine av dei to skriftspråka våre. Men i mange tiår var det nesten ikkje ei einaste Nynorsk ordliste å oppdrive i det norske skoleverket - der var det berre Spynorske Mordlister.