Bakgrunnsartikkel

Gå på teater i romjula!

Leiter du etter ting å finne på med familien i Oslo i romjula? Jula er høgtid for samver med familie og venner. Ta dei med på teater!

Å dele ei oppleving er den perfekte måten å vere i lag på i jula når ein begynner å kjenne behovet for å lufte seg litt! Vi har mange framsyningar på plakaten i jula som passar for både små og store:

Cabaret

Dette er framsyninga for deg som vil ta med venner, foreldre eller store barn på ein klassikar innan musikalhistoria.

Cabaret
er ei forteljing frå 30-talets Berlin og det sydande miljøet på Kit Kat Klub, der det frigjorte kunstnararmiljøet festar og lever hardt medan dei kan - for verda utanfor er i endring. Vi møter forfattaren Cliff Bradshaw (Emil Johnsen), som straks blir dregen inn i byens heftige natteliv. Her møter og forelskar han seg i Cabaret-songerinna Sally Bowles (Sara Khorami). Det blir spektakulære musikalnummer - men også eit alvor ettersom fascismen strammar grepet der ute.

Ei rosin i sola

Ta med deg familien på ein amerikansk klassikar - for første gong på ein norsk scene!

Ei rosin i sola er eit sterkt og dramatisk portrett av ein familie frå Chicago på 1950-talet. Familien Younger er blant dei millionane afroamerikanarar som har forlate sørstatane og reist nordover, vekk frå segregering og vald, på jakt etter arbeid og eit friare liv. Men korelis går det?

Det finst skodespel som forandra kva teater kunne vere. Ei rosin i sola er eitt av dei. Då Lorraine Hansberry sette ein svart familie rundt eit kjøkkenbord på Broadway i 1959, hadde publikum aldri sett noko liknande – og amerikansk teater var ikkje det same etterpå.

Velkommen til teateret i romjula!