Bli med når Unni og Gunni pyntar til jul!

Unni og Gunni er to gode venner som bur saman i ein iglo. Dei er veldig glade i kvarandre. Unni og Gunni likar jula, og no synest dei det er på tide å pynte. Derfor finn dei fram flotte julekuler i fine fargar og forvandlar den kvite igloen til ein stemningsfull julefest. Det er gøy! Og det blir veldig, veldig fint!

Det Norske Teatret har late seg inspirere av Unni og Gunni, og vil også friske opp litt. Derfor har vi forvandla foajeen utanfor Scene 2 til eit koseleg lite teater for dei aller minste, der barna kjem tett på skodespelarane og forteljinga. Velkommen til ei varm, stemningsfull og sanseleg teateroppleving for dei aller minste!

Alle barn og vaksne må ha billett.

Passar spesielt godt for barn 0-5 år.

Eldre søsken er velkommen!

Finn ut meir