Louis har gjennom mange år har eit nært og fruktbart samarbeid med teatersjef Kjersti Horn. Ho var den første til å setje i scene Louis tekstar. Det starta med Farvel til Eddy Belleguele, romanen der Louis tar farvel med sitt gamle liv. Han forlèt den pengefattige, valdsherja, alkoholiserte og rasistiske arbeidarklassebakgrunnen sin og steig inn i middelklassen, ei verd der han kan puste friare og der han kan leve ut sitt eigentlege eg.

Emil Johnsen i Farvel til Eddy Belleguele, som hadde premiere på utestaden Jaeger før den fann vegen til Scene 3 på Det Norske Teatret.

Preben Hodneland og Emil Johnsen i Valdens historie, som hadde urpremiere på Scene 2 i 2017. I 2022 blei framsyninga vist under teaterfestivaleb Brandhaarden ved Internationaal Theater Amsterdam. Foto: Gisle Bjørneby.
Gir stemme til dei som ikkje blir høyrde
Louis har gjennom forfattarskapen sin gitt stemme til dei som aldri blir høyrde. Han har skildra livet til dei nedst på rangstigen utan å romantisere, og har løfta fram liv og skjebnar som litteraturen kanskje ikkje har hatt rom eller talerøyr for. Kjersti Horn har dramatisert fleire av Louis’ bøker for scenen. På Det Norske Teatret har ho i tillegg til Farvel til Eddy Belleguele også sett opp Valdens historie, Kven drap far min? og Ei kvinnes kampar og forvandlingar. Under årets festival tar ho tak i nok eit verk av Louis. Forandre seg. Metode kjem på Hovudscenen med Emil Johnsen i hovudrolla.
- Teater kan vere så utruleg mektig fordi det tvingar folk til å sjå det dei vanlegvis unngår, det dei har utvikla strategiar for å unngå å sjå og høyre, sjølv om dei veit at desse tinga dei prøver å unngå, finst og er til stades rundt oss.
Édouard Louis
Louis gjestar også festivalen med eit eige stykke. I framsyninga Qui a tué mon père/Kven drap far min står Louis sjølv på scenen. Dramatiseringa av romanen blei sett i scene av Thomas Ostermeier for Schaubühne i 2021, og har sidan turnert dei store teaterhusa over heile Europa.

Édouard Louis på scenen i Qui a tué mon père. Foto: Jean Louis Fernandez.
Aktuell med ny roman
Édouard Louis har etablert seg som ein markant forfattar blant norske lesarar. Når Louis no kjem tilbake til Noreg er han igjen aktuell med nye utgjevingar. Den sjuande - og siste - boka om familien hans, Kollapsen, blir lansert 21. august på Aschehoug Forlag. Denne handlar om broren som fekk eit liv fullt av knuste draumar, ein bror han både frykta og søkte tryggleik hos.
- Gjennom dei ulike romanane som utgjer familiesagaen hans, skildrar han ambivalensen i forholdet til familien og den breiare arbeiderklassen, men aller mest nådelaus er han i utleveringa av seg sjølv. Forfattarskapen til Louis er ikkje til å komme forbi om ein skal forstå omfanget av ulikskapen i Europa i dag, korleis desse forskjellane påverkar det einskilde menneske og set grenser for liva deira, seier programsjef Linn Rottem på Litteraturhuset.
- Romanane vil bli ståande som eit av vår tids mest banebrytande og omdiskuterte litterære prosjekt.
Både Kollapsen og Hvem drepte faren min begynte som tingingsverk på Litteraturhuset, og begge er tonesett av musiker Sandra Kolstad. I september vil det igjen bli høve til å oppleve Louis og Kolstad saman på Litteraturhuset med eit nytt verk. I tillegg vil Louis snakke om dei to nyaste bøkene sine Monique flykter og Kollapsen, begge utgitt på Aschehoug forlag.
– Norske lesarar har flokka seg om Edouard Louis heilt sidan Aschehoug ga ut Farvel til Eddy Bellegule i 2015. Romanane om klasse, vald, homofobi, makt og samfunn, alle med utgangspunkt i forfattaren og familien hans sitt liv, vil bli ståande som eit av vår tids mest banebrytande og
omdiskuterte litterære prosjekt. Louis er lest og hylla verda over, og har inspirert ei rad unge forfattarar, blant dei Thomas Korsgard og Nikolai
Torgersen, i ein alder av 32 år, seier Annette Orre, sjefredaktør for omsett litteratur Aschehoug.
Fullstendig program på Litteraturhuset, Aschehoug Forlag og Det Norske Teatret blir kunngjort i august.
HOVUDFOTO Joel Saget / AFP / NTB scanpix