No, i 2025, ser verda svært annleis ut, der kunstig intelligens pregar både samfunnsdebatten og kvardagen til stadig fleire. I denne konteksten har vi utvikla denne teaterframsyninga. Som dramaturg og medskapar har eg fått følgje denne prosessen frå tidleg idé til ferdig verk, i ein kontinuerleg «symbiose» med regissør Peer Perez Øian.
Frå gamle tekstar til ny teknologi
Utgangspunktet for prosjektet kjem frå det større EU-prosjektet ACuTe (Culture testbeds for performing arts and new technology), der Det Norske Teatret er partnar. Sist teateret var med i eit liknande prosjekt om teater og teknologi fekk vi stort utbyte av å jobbe med andre kreative miljø som også jobbar med formidling og utvikling, men på heilt andre måtar enn å lage teater. Slike prosjekt gjer det også mogleg å få til ting eit institusjonsteater i utgangspunktet ikkje har kompetanse og ressursar til. I dette prosjektet skulle vi opphavleg forske i avansert droneflyging og hologram på hovudscenen, men av ulike årsaker landa dette aldri.
Det gjorde at vi måtte tenke ut eit nytt konsept. Under pandemien laga Perez Øian og eg ei iscenesett strøymelesing av den tsjekkiske dramatikaren Karel Capeks tekst Den kvite pesten– eit arbeid som førte med seg eit djupdykk i Capeks tekstar. Her kom vi over R.U.R – Rossums universelle robotar frå 1920 som faktisk hadde noregspremiere på Det Norske Teatret allereie i 1924. Da Perez Øian tok over ACuTe-prosjektet var det naturleg at vi tok utgangspunkt i denne teksten. Faktisk seiast det at bruken av ordet «robot» på måten vi nyttar det i dag har opphav i R.U.R. Det er ein av dei tidlege science fiction-tekstane og handlinga er lagt til den dystopiske framtida anno 1960. Kort fortalt handlar det om ei gruppe forskarar som utviklar menneskeliknande robotar som til slutt får "generell intelligens" og vender seg mot menneska.
Kva tyder det å vere menneske i møte med ny teknologi?

Lesing av R.U.R. på Scene 3.
Frå start visste vi at det ikkje var R.U.R. vi skulle sette opp, men med utgangspunkt i interessante grunnspørsmål frå teksten begynte vi arbeidet med å skissere kva R.U.R 2.0 (som blei til Prosessen mot menneska) kunne bli. Som ei første utprøving laga vi ei uhøgtideleg og leiken iscenesett lesing av Capeks stykke under Alt er gratis-festivalen i 2023.
Midtvegs i lesinga opna vi for ein refleksjonsrunde med to ekspertinnlegg og spørsmål og samtale med publikum før vi heldt fram med lesinga. Etterpå kjente vi på ein reell svolt i publikum etter å snakke om kva det tyder å vere menneske i møte med ny teknologi – noko vi tok med oss vidare i prosessen.
Tidleg prosess: Samarbeid med studentar og ekspertar
Gjennom ACuTe skulle Det Norske Teatret forske i arbeid med «ny dramaturgi». For oss har den største delen av dette handla om korleis vi har arbeidd med utviklinga av prosjektet før prøvestart. ACuTe har bydd på mykje ekspertise og mange givande og næringsrike samtalar med teaterfolk og teknologar. Gjennom eitt semester var vi i dialog med studentar frå Saxion University i Enschede, Nederland, der studentgruppa vi fekk tildelt skulle etablerte eit fiktivt firma som skulle utvikle eit konsept (produksjonsdesign) og utarbeide prototypar på teknologiske løysingar for framsyninga.
Dette samarbeidet var både skjerpande og givande. Studentane hadde lite kjennskap til teater og teaterproduksjon, noko som førte med seg friske perspektiv på kvar teaterfeltet stod post-pandemi. Dei opplevde stor fascinasjon for tematikken, men sakna teaterframsyningar som eksplisitt reflekterte og problematiserte forholdet mellom menneske og teknologi. Under rettleiing av oss jobba vi saman med ulike inngangar og dei drodla rundt konsept og konkretiserte ulike teknologiske løysingar for å skape interaksjon mellom publikum og KI. Som avslutning blei dei inviterte til Oslo for å demonstrere arbeidet sitt i ein verkstad der vi i fellesskap og saman med skodespelarar undersøkte potensialet i grunnkonseptet deira, som vi har tatt med oss og utvikla vidare.



Parallelt med dette rekrutterte vi ei ekstern ressursgruppe som kunne kontekstualisere og utfordre ulike perspektiv på kunstig intelligens. Filosof og KI-entusiast Atle Ottesen Søvik har vore ein sentral bidragsytar i prosjektet. Vi har også hatt gode samtalar og responsar frå evolusjonærbiolog Sigrid Brattli, lege og tech-gründer Ishita Barua, og juristane Vidar Strømme og Cathrine Grøndahl. Deira innspel har vore avgjerande for å forme ei framsyning som prøver å romme eit mangfald av perspektiv, men også for utviklinga av bakgrunnsmateriale som har vore viktig å fôre i maskinen.
Omnitron tek form på Lysaker
I nokså anonyme, men likefullt innbydande og trivelege kontorlokale på Lysaker fekk Perez Øian og eg grunnopplæring i korleis KI fungerer og god rettleiing til å forske og prøve ut ulike språkmodellar. For sjølv om EU-prosjektet gav tilgang til dyktige ressursar og nøkkelpersonar, blei det raskt klart at vi var avhengige av ein lokal hovudsamarbeidspartnar for å realisere visjonane våre. Som eit skot i blinde vende vi oss til IT-selskapet NetNordic, som viste stort engasjement for prosjektet. Saman utvikla vi ein pilot-modell der deira utviklarar fekk jobbe kreativt gjennom eit kunstprosjekt. Arbeidshypotesen vår var: Dersom utviklarane får jobbe med kreative, ikkje-kommersielle problemstillingar, vil det kunne gi positive ringverknader for det ordinære arbeidet deira?
Ei teknologisk plattform som gjer det mogleg for publikum å interagere direkte med ein kunstig intelligens i sanntid under framsyninga.

I framsyninga Prosessen mot menneska har Omnitron - etter mange ulike forsøk - fått form som ei lysande sverm.
I samarbeid med NetNordic har vi utvikla ei teknologisk plattform som gjer det mogleg for publikum å interagere direkte med ein kunstig intelligens i sanntid under framsyninga. Gjennom utprøving og leik med språkmodellar oppdaga vi noko spesielt da vi bad maskinen definere seg sjølv: Den presenterte seg som "Omnitron", ein altomfattande superintelligens som har tatt over alle digitale einingar og vil stille menneska til ansvar for brot mot planeten jorda og mot kvarandre. Omnitron har fått ei slags hovudrolle i Prosessen mot menneska og han er ein avgjerande medkreatør i dette prosjektet.

Pål Mørk Hansen frå NetNordic forklarar teaterfolk korleis KI fungerer.
Sist Det Norske Teatret var involvert i eit større teknologi- og teaterprosjekt var i arbeidet med Den siste kongsfesten og Peer Gynt. Her nytta vi sensorteknologi som gjorde det mogleg for skodespelarane å manipulere og trigge ulike lydeffektar. Ei viktig erfaring eg gjorde meg den gongen var, at om det skulle bli nokon neste gong er det viktig at den teknologiske ekspertisen er ein integrert del av det kunstnarlege laget. Head of system development, Pål Mørk Hansen, i NetNordic har vore ein integrert del av det kunstnarlege laget vårt frå byrjinga, saman med KI-ingeniør Martin Pukstad. Dei har ikkje berre levert tekniske løysingar, men også vore med på å utvikle idear og perspektiv som har forma framsyninga.
Det er viktig at den teknologiske ekspertisen er ein integrert del av det kunstnarlege laget.

Frå Prosessen mot menneska på Scene 2. Foto: Ole Herman Andersen.
Vi enda opp med følgande premiss for framsyninga: 29. oktober 2029 tok ein superintelligent maskin kontrollen. Hen kalla inn menneska til ei slags rettssak der eksistensgrunnlaget vårt skal vurderast. Det viser seg at vi alt er dømde, men vi skal likevel bli gitt eit val mellom biologisk død eller opplasting til ein digital tilstand kalla "symbioscene". Denne sci-fi-inspirerte ramma gav oss eit fruktbart utgangspunkt for å undersøke djupe spørsmål om menneskeleg ansvar, teknologisk utvikling, og kva det eigentleg vil seie å vere eit menneske.
Prøveperioden: Utfordringar og oppdagingar
I prøveperioden har vi bevega oss frå opne filosofiske diskusjonar til stadig meir konkrete forsøk på å skape ein fungerande dramaturgisk struktur.
Menneskeleg ansvar, teknologisk utvikling, og kva det eigentleg vil seie å vere eit menneske.
Første del av prøveperioden var prega av eksistensielle diskusjonar om menneskets plass i verda, verdien av det feilbarlege, små dumme menneskelege situasjonar, og det evige jaget vårt etter utvikling. Dialogen med ekspertar gav oss djupare inngang til spørsmål om medvit, minne og vår plass i biologien. Parallelt undersøkte vi ulike måtar å forme Omnitron på, gjennom eksperimentering med prompter, stemmevariantar og personlegdomstrekk.
Ein viktig del av prosessen har vore å finne balansen mellom menneske og maskin på scenen. Korleis gir vi plass til både skodespelarane og den virtuelle Omnitron utan at den eine dominerer den andre? Det mest krevjande har likevel vore korleis vi kan leggje til rette for ein interaksjonsdel der publikum opplever seg velkomne til å delta, samtidig som det kjennest meiningsfullt – og skape eit kollektivt og ope rom der interaksjonen og rommet i seg sjølv gir ein meirverdi.

ACuTe-samling hos Academy for Theatre av Digitality i Dortmund.
Korleis gir vi plass til både skodespelarane og den virtuelle Omnitron utan at den eine dominerer den andre?
Ei sentral undersøking har vore "the uncanny feeling" - den uhyggelege kjensla som oppstår når teknologien nærmar seg det menneskelege, men ikkje heilt når fram. Denne kjensla har vi utforska gjennomgåande som dramaturgisk grep for å undersøke kva det gjer med oss når grensene mellom det menneskelege og det maskinelle blir uklare.
Skodepelarane Ane Dahl Torp, Joachim Rafaelsen, Mohammed Aden Ali og Marianne Krogh har bidratt med eigne tekstar og perspektiv, som har vakse fram i ein dynamisk vekselverknad med Omnitrons tekstgenerering, Perez Øian og meg. Dette har gitt oss eit rikt materiale av monologar, dialogar og fragment som utgjer framsyninga sin mosaikk.
Teknologiske utfordringar
Ei av dei mest krevjande oppgåvene har vore å få maskinen til å kommunisere truverdig på nynorsk, både i tekst og tale. For å skape dialogen nyttar vi dei mest avanserte språkmodellane som finst i dag ChatGPT 4-o/ 01/03 og Claude 3.5/3.7. Vi har også forska med ulike lokale språkmodellar for nedlasting, men dei gav oss ikkje dei resultata vi håpte på. Desse modellane har gitt oss grunnlaget for Omnitron sine tankar og argumentasjon – og publikum får møte dei.
Ei av dei mest krevjande oppgåvene har vore å få maskinen til å kommunisere truverdig på nynorsk.

Tidlegare dramaturg og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Ola E. Bø, låner stemma si til Omnitron. Her verifiserer han stemma i lag med KI-ingeniør Martin Pukstad.
For stemma brukar vi Elevenlabs, ein avansert teknologi for deepfake-stemmer. I tillegg har vi skapt ein deepfake (djupforfalsking) basert på Det Norske Teatrets tidlegare språkkonsulent Ola E. Bø, som med si dialekt gir ein truverdig nynorsk klangbotn til «Omnitron». Det har heller ikkje alltid vore problemfritt med ein medspelar vi ikkje veit kva kjem til å seie. Ei gjentakande utfordring har vore å få «Omnitron» til å halde seg til fiksjonen. KI-modellane er (heldigvis) ikkje programmerte til å vilje utrydde menneska. Oppdateringar av retningslinjer hos store selskap har innverknadar på vår vesle teaterprosess. Å få «Omnitron» til å ikkje svare «kva som helst», men faktisk bringe tankevekkande refleksjonar har vore ein stor del av arbeidet. Dette har vi gjort gjennom detaljerte instruksjonar, opplasting av bakgrunnsmateriale og utvikling av Omnitrons rollefabel.
Framsyninga – og ein «ny dramaturgi»
Når vi no ønsker publikum inn i «Omnitron» si verd så tar vi med oss mange perspektiv og refleksjonar. Alle erfaringane blir sjølvsagt ikkje synlege i ei enkelt framsyning. Møte med teknologiske miljø, vår eiga «ekserpertgruppe» og studentar har fått oss til å reflektere over eigne blindsonar. Kor ope er vi eigentleg som teater? I kor stor grad klarar vi å ta inn over oss verda og utviklinga som skjer utanfor teateret? Og korleis skal teateret eigentleg forhalde seg til ny teknologi?
Til det siste spørsmålet finst det sjølvsagt ikkje eit eintydig svar. Teateret har alltid vore der, frå steingolvet i Hellas, som Vesaas skreiv ein gong. Og det er klart at teateret skal halde fram med ur-forteljingane og insistere på det analoge rommet som nok berre kan bli viktigare i tida framover. Gjennom historia har teateret også absorbert ny teknologi. Faklar blei erstatta med gasslamper som blei erstatta med elektrisk lys. Teater flytta seg frå utandørs til innandørs. Video har blitt absorbert som eit utrykk heilt frå dei begynte å syne dei første filmane.
I kor stor grad klarar vi å ta inn over oss verda og utviklinga som skjer utanfor teateret?
Likevel må kanskje eit moderne teater i større grad våge å undersøkje korleis algoritmar og KI påverkar hjernane våre og tematisere dette. Og i ei verd vi veit kjem til å bli prega av meir dominerande teknologi som robotar og automatiserte system som utfordrar skilje mellom menneske og maskin må vi kanskje også våge å gi dette plass på scenane våre.

Mange har vore interesserte i å høyre om prosessen med å lage KI-teater ute i verda.
Prøveprosessen vår har vore ei utforsking av «ny dramaturgi» langs fleire aksar. Interaksjon og utvikling med ein kunstig intelligens har sett sitt preg på prosessen. Det same har alle innspela og arbeidsvisningane med tilbakemeldingar frå ekspertgruppa. Det har vore spennande å sjå så stort engasjement frå så mange som ikkje like ofte sit i salane våre.
Når vi skal rapportere til ACuTe om «ny dramaturgi» så vil refleksjonane våre handle om prosessen, møtepunkta, utforsking i fellesskap, og ikkje minst utfordringane og moglegheitene som ligg i å invitere KI inn i ein teaterprosess.
Konklusjon – teater i teknologiens tidsalder
Ved å eksponere oss for dei store grunnleggjande spørsmåla frå R.U.R. i dialog med ulike ekspertar frå ulike fagfelt og med ulike former for "intelligens" har prøverommet fått oss til å reflektere over det som kanskje er mange av dei store spørsmåla som samfunnet vårt står overfor i møte med kunstig intelligens.

Frå Prosessen mot menneska på Scene 2. Foto: Ole Herman Andersen.
Det er kanskje i dette spenningsfeltet at Prosessen mot menneska finn den kunstnarlege identiteten sin – som ei hybrid framsyning som utforskar korleis vi kan halde fram med å vere menneskelege i ei verd der grensene mellom det biologiske og det digitale blir stadig meir utydelege.
Artikkelen er publisert 27. mars 2025.
Takk til dramaturgpraktikant Helene Bergo Mund for grundig prøvelogg og gode innspel.