Ein teater-arkiv-historisk-sci-fi-KI-dystopidramaturgisk-kollokvie (med open bar!). Velkommen til ei uhøgtideleg lesing av denne akk så aktuelle klassikaren frå 1921.

Saman med publikum vil vi undersøke Čapeks profetiske tekst frå 1921. Det handlar om noko så lystig som menneskas nære, og høgst sjølvforskyldte, undergang. I god sci-fi-and vil vi kollektivt bu oss på dei dystopiske og utopiske moglegheitene som ligg framføre oss i dag, med kunstig intelligens og maskinlæringas tid som bakteppe!

Kom og sett deg ved eit koseleg kafé-bord med eit glas valfritt innhald frå baren på Scene 3, og bli med på å reflektere rundt både tekstens innhald og dei moglegheiter og umoglegheiter den peikar fram imot.

Litt kontekst å ta med seg på vegen

17. oktober 1924, for temmeleg nøyaktig 99 år sidan, fann ei unik helding stad på Det Norske Teatret i Oslo; premieren på det avantgarde og nyskapande tjsekkiske skodespelet R.U.R. av Karel Čapek. Regien var ved skodespelar og regipionér Agnes Mowinckel, som var mellom dei første teaterkunstnarane i Noreg som vendte seg mot dei avantgardistiske strømmingane i Europeisk teater. På denne tida var Det Norske Teatret nok mest kjent for å spele dramatikk om liv og levnad i Norske bygder. Stykket gjorde suksess hos publikum, men blei slakta sønder og saman i pressa. Kanskje er tida meir moden no for å spekulere rundt korleis menneskeheita går under, som resultat av maskinar dei har laga for å gjere livet enklare for seg sjølve?

MED Joachim Rafaelsen, Carl Martin Eggesbø, Ellen Birgitte Winther, Sarakka Gaup, Tiril Heide-Steen Kunstnarleg ansvarlege Peer Perez Øian, Anders Hasmo

Prosjektet er et ledd i det EU- finansierte prosjektet AcUTE

«Alt er gratis*»

Framsyninga er del av «Alt er gratis*»-perioden på Scene 3 hausten 2023.