Bakgrunnsartikkel

Historisk hending på Det Norske Teatret

Prosessen mot menneska hentar inspirasjon frå sci-fi-stykket R.U.R. - Rossums Universelle Robotar - av Karel Čapek frå 1920. At stykket fekk premiere på Det Norske Teatret alt i 1924, var ganske oppsiktsvekkande.

Skrive av
Anders Hasmo
Anders Hasmo
Dramaturg

I 1920 skreiv den tsjekkiske forfatteren Karel Čapek stykket Rossums Universelle Robotar, forkorta R.U.R. Teksten var ein tidleg science fiction, og er faktisk opphavet til ordet som i dag er del av daglegtalen vår; robot. I R.U.R. har menneska klart å lage høgteknologiske, menneskeliknande robotar som kan løyse ei rekke utfordringar for dei. Robotane kan bli programmerte til å utføre fabrikkarbeid, vere sekretær eller assistent. Men på eit punkt vender robotane seg mot menneska. Der teksten på Čapek si tid var ein tydeleg allegori for fascisme og krigsopprustning, er det lesing som gir ein frysingar i dagens debattklima. For er det ikkje dette vi står midt oppe i no? Ei tid der skiljet mellom menneske og maskin blir viska ut? I utviklingsarbeidet av framsyninga Prosessen mot menneska, har vi tatt utgangspunkt i grunnspørsmål om menneske og maskin som Čapek stilte alt i 1920.

Einar Tveito hadde rolla som direktør Domin ved robotfabrikken i R.U.R. i 1924 på Det Norske Teatret.

Robotane kom til Noreg

Den 17. oktober 1924, for temmeleg nøyaktig 100 år sidan, fann ei unik helding stad på Det Norske Teatret i Oslo; premieren på det nyskapande tjsekkiske skodespelet R.U.R. Regien var ved skodespelar og regipionér Agnes Mowinckel, som var mellom dei første teaterkunstnarane i Noreg som vende seg mot dei avantgardistiske strøymingane i europeisk teater. På denne tida var Det Norske Teatret nok mest kjent for å spele dramatikk om liv og levnad i norske bygder. Stykket gjorde suksess hos publikum, men blei slakta i pressa.

Kanskje er tida meir moden no for å spekulere rundt korleis menneskeslekta går under, som resultat av maskinar vi har laga for å gjere livet enklare for oss sjølve?

Teksten er publisert 5. november 2024.
Toppfoto: Nasjonalbiblioteket i Tsjekkia, via Wikimedia Commons.