Bakgrunnsartikkel

Aase Ivarsen oppsummerer året som har gått

Etter «brat summer» kjem «fascist fall», og den unge partileiaren Aase Ivarsen let aldri ei god rørsle gå frå seg.

Skrive av
Spynorsk pressekontor

Kalenderen viser desember. Utanfor lavar kvit snø stille ned i dei mørke, folketomme gatene. Men på partikontoret til Spynorsk Mordliste er det lys i vindauga. Partileiaren står med hovudet langt ned i ei flyttekasse merkt Mar-a-Lago, Palm Beach, Florida. Om få dagar set ho seg på eit privatfly mot nye eventyr.

- Det var ikkje akkurat noka stor overrasking da telefonen frå Donald kom, kan ho fortelje.
- Han har sjølvsagt lagt merke til alt eg har fått til her heime. Ingen har gjort meir for Noreg enn meg. Det er akkurat eit sånt «mind set» dei har bruk for «over there».

- Ingen har gjort meir for Noreg enn meg.

Nynorsken til den unge trønderen har fått islett av amerikanske gloser, som «huge» og «great» og «fake». Men dei språklege ambisjonane på vegner av språkpioneren Ivar Aasen har ho ikkje lagt bort. Ho skal «Make nynorsk great again!»

- Akkurat som Ivar Aasen, skal eg «travel» rundt i USA og snakke med vanlege «people». Alle skal no få høyre deira «voice».

Men før ho vender nasen mot draumanes land, har vi spurt om å få snakke med ho om året som har gått. Og sjølv om Aase eigentleg har vendt blikket mot nye horisontar, har ho gått med på å sjå seg litt i bakspegelen for å oppsummere året 2024.

Kongeleg bryllaup og TikTok er daud

Det er ikkje rentevekst eller privatøkonomien til vanlege folk Aase Ivarsen har i tankane når ho skal gjere opp rekneskapen for det politiske året vi snart legg bak oss. I iveren etter å la vanlege folk komme til orde, har Aase Ivarsen sørgt for at alle snart har fått sagt sitt.

- Sjå berre på det folkelege bryllaupet i Geiranger i august. Ikkje nokon offentleg affære. Ei heilt vanleg hestejente fekk sin sjaman, og vifta vekk fake media (norsk presse red.anm.) slik at folket kunne få sjå dei.

Alle likar ei «story book ending». Ei vanleg hestejente fekk sin sjaman i Geiranger i haust. Og Aase var sjølvsagt heidersgjest. Foto: Privat

Aase fortel at ho var heidersgjest i Geiranger og møtte folket der. I lett vestlandsregn fekk ho delt ut whisky, vaflar og Nynorsk ordliste til alt frå medlemmar av dei europeiske kongefamiliane og staute gardbrukarar med bratte åkrar, til meir flamboyante amerikanarar med kveldsskift i underhaldningsindustrien.

Aase Ivarsen skildrar ei magisk stemning, men, legg ho til, - Sosiale medium gjekk varmt den dagen! Og så hoppar ho til ei ny hjartesak ho har.

- Eg er jo grunnleggaren av skjermopprøret, og har fått med meg kjendisar som Maja Lunde og Ane Dahl Torp som no har kasta seg på trenden om å vere skjerm-negativ.

- Vi snakkar ikkje om lampeskjermar, forklarar Aase Ivarsen.

Skjerm oss! Maja, Ane og Aase til felles kamp mot skjerm. Foto: Privat

- Men etter at eg verva Jonas Gahr Støre til å infiltrere TikTok, er det berre eit spørsmål om tid før det er kroken på døra for kjappe videosnuttar og teite some-trendar.

- Det er korkje «demure», «mindfull» eller «considerate» med middelaldrande menn som trur dei er «rizz», slår Aase Ivarsen fast.

I hardt vêr. Jonas Gahr Støre er i hardt vêr for tida. Kan hende alt starta med at han meldte seg inn i TikTok, spekulerer Aase Ivarsen. Foto: Privat

Ei jente av folket

Det er i møte med vanlege folk Aase Ivarsen trivst best. Ho har vore høgt og lågt det siste året og ser at den personlege kjemien er avgjerande for politisk framgang. Ho har notert seg at enkelte sentrale politikarar har blitt inspirert av hennar strategi med stor suksess.

- Det er ikkje tilfeldig at Sylvi Listhaug opplever vind i segla her heime og fossar fram på meiningsmålingane. Etter at ho byrja å snakke nynorsk fekk folket auga opp for henne. Alle veit jo at ho eigentleg kjem frå Kløfta. Men når Sylvi kallar ein spade for ein spade på nynorsk, snakkar ho rett til den norske folkesjela. Sånn vinn du val!

Tid for vrede! Med nynorsk røyst glir Sylvi saumlaust inn i nynorskens høgborg, på scenen på Det Norske Teatret. Foto: Privat

Aase rasar vidare i oppsummeringa av det mangfaldige året vi snart har lagt bak oss. EU-debatt, Miss univers-kontrovers, OL i Paris, batterifabrikk-fadese, og skandale i Eurovision Song Contest. Men ho stoppar opp i spørsmålet om teateret, og alt snakket om sviktande besøkstal for dei skrå breidder.

- Det er kanskje ikkje så rart at Nationaltheatret sjølv har foreslått å gravlegge seg under Tullinløkka, spør Aase Ivarsen retorisk.

Ho er kjent for sin særeigne humor og går ikkje av vegen for å tulle og tøyse med kulturbransjen. Det har vore mykje snakk om prisen på Rolls-Royce vs. Volvo. Men Aase tenkjer at det er ei anna samanlikning som er meir passande, medan ho forklarar flirfullt:

- Eg meiner at dette går rett inn i budsjettforhandlingane for posten om sarkofagar. Kongen og dronninga er tilgodesett med sarkofag på Akershus festning til 10 millionar per snute. Gjer vi same utrekninga for talet på tilsette på Nationaltheatret, så har vi ein kjempesum til eit underjordisk teater midt i byen!

- Det er berre å setje korset på, så kan vi lyse fred over teaterets minne i same slengen.

... så kan vi lyse fred over teaterets minne.

Til lags åt alle

Men når ein skal snakke om året som har gått, kjem ein ikkje unna Aase Ivarsen sjølv og den reisa partiet hennar, Spynorsk mordliste, har hatt.

Aase dundra inn i den norske offentlegheita med brask og bram og fekk med seg både ungdommen og dei skikkeleg gamle, dei kronisk sjuke, homofile, og 40-50-åringane. Med whisky og vaflar skapte ho ei brei folkerørsle.

Kanskje for brei?

Total loosers. Aase har ikkje mykje til overs for dei misfornøgde.

For alt har ikkje vore rosenraudt for ungjenta frå Trøndelag, heller. Det var nokre misfornøgde som stakk kjeppar i hjula for henne.

- Total losers, lyder hennar korte oppsummering. Meir vil ho ikkje seie om det.

Aase Ivarsen vil ikkje snakke meir om året som har vore. Når sant skal seiast er ho mest oppteken av det som kjem. For henne utgjer årsskiftet ei magisk bru mellom det som var og det som skal komme. Aase omfamnar framtida med håp, kan ho fortelje, medan ho pakkar nokre golfkøller og ein sjølvbruningskrem ned i flyttekassa, og teipar igjen.

- No skal eg vende bladet i livets bok. Eg er klar til å fylle dei blanke sidene med nytt innhald, seier ho til oss idet ho sløkker lyset på partikontoret.

Med store framtidsdraumar som lyser opp som fyrverkeri på nyttårsnatta, forsvinn Aase Ivarsen ut døra og blir borte like fort som ho kom inn i offentlegheita.

Det siste vi høyrer, der vi sit i mørkeret på partikontoret, er røysta hennar, som gjallar i trappeoppgangen: - Vote Spynorsk!

I have a dream! Før lyden av den siste nyttårsraketten har fise ut, reiser Aase til draumenes land. Foto: Privat

- Vote Spynorsk!

Aase Ivarsen i media: