Bakgrunnsartikkel

Aase Ivarsen: 
- Eg elskar ‘pink washing’!

I Pride-månaden juni er partileiaren i Spynorsk Mordliste fullt oppteken av å møte homofile der dei er. Aase Ivarsen har gitt seg sjølv tittelen «Noregs største homovenn». Dét forpliktar.

Skrive av
Spynorsk Pressekontor

Det er ein vakker juniettermiddag. Sola skin frå skyfri himmel. Ein varm fønvind ruskar i dei lange lokkane til Aase Ivarsen. Ho sit avslappa ved eit bord utanfor London Pub i Oslo sentrum. Ho hoiar etter folk som går forbi på gata, deler ivrig ut jakkemerke med partilogoen i regnbogefargar. Over skuldrene har ho dandert eit regnboge-flagg.

Ein mann med dress og stresskoffert går forbi på gata.
- Slay, girl, slay! ropar ho etter han.
Han stoppar opp, og ser forvirra ut. Aase held fram:
- Vit at vi heiar på alle homofile!
- Men eg er ikkje homofil, svarar mannen.
- Eg heiar på deg likevel! Du er Spynorsk!

Så snur ho seg mot oss, og seier fortruleg.
- Det er desse haldningane vi vil til livs i Spynorsk Mordliste. Alle kan jo sjå at han openbert er homo.
Partiet Spynorsk Mordliste har hatt ein eventyrleg vekst på meiningsmålingane dei siste månadene. Det som starta med ei einsleg kvinne og ein enkel draum, har raskt lykkast i å trekke stadig nye veljargrupper til partiet; 40-50-åringar, ungdommar, skikkeleg gamle. No er det tydeleg at det er dei homofile Aase Ivarsen ønskjer å nå.

Aase Ivarsen er praktisk talt eit homoikon, ifølge seg sjølv. Ho trivst godt på 'soparlimen'.

Stolt faghag

Visjonen til partiet hennar har vore enkel og inspirert av språkmannen Ivar Aasen. Ho har reist rundt i landet og høyrt kva vanlege folk drøymer om. Under årets Pride-parade skal Aase gå i front med partiet sitt for å vise «at dei støttar alt som er homofilt», som ho seier.
- Om du har undra sidan du var russ på om kanskje du er LHBT+, da skal du vite at no er du fri, at alle skal få høyre stemma di, siterer Aase frå partiprogrammet.
Ein servitør kjem med ein drink - «Sex on the beach» - og set på bordet framfor ho. Aase fortel at det er sånt dei homofile likar. Fargerike drinkar!
- Juni er favorittmånaden min!

Ho tek ein entusiastisk slurk frå glaset, før ho held fram.
- Eg elskar Pride og homoar! Dei er så glade, akkurat som partiet mitt. Når eg skal på byen, vil eg alltid gå på London og Elskar (Elsker, red.anm.). Dei homofile er så gode til å danse. Og dei speler så mykje bra musikk!

Ho ramsar opp ulike låtar ho meiner dei homofile likar: «YMCA», «It’s raining men», alt frå Grand Prix-katalogen. Carola, sjølvsagt. Men på sjølve Pride-natta håper ho dei spelar «Å, gjev du batt meg» med Tuva Syvertsen.
- For ho er lesbe! Låta er på nynorsk! Skriven av Arne Garborg som jo også var homo!
- Var ikkje han gift med Hulda Garborg?, undrar vi.
- Nei, ho var nok ‘faghag’, svarar Aase Ivarsen sjølvsikkert.
- Nett som meg!

Homorabatt

Aase Ivarsen meiner at nynorskrørsla og den skeive rørsla har mykje til felles. Som at dei begge er minoritetar som er undertrykte av storsamfunnet. At dei begge er opptekne av valfridom.
- Dessutan elskar både vi nynorske og dei skeive kløyvd infinitiv, om du forstår kva eg meiner …, seier ho og blunkar lurt.

I desse dagar kan ein oppleve historia til partiet Spynorsk Mordliste i musikalen Spynorsk. The Musical. på Det Norske Teatret. Her kjem det ei oppsiktsvekkande avsløring som Aase trur vil glede dei homofile.
- Eg skal ikkje seie for mykje, men ein prominent nynorskfar får endeleg kome ut av skapet.
Meir vil ho ikkje seie. Ho vil at homoane skal komme for å sjå sjølve. Som eit insentiv til det skeive miljøet har ho senka terskelen for å komme i teateret.

Aase Ivarsen er stolt 'faghag', ho elskar pridemånaden og poserer med S for Spynorsk i regnbogefargar.

- Hugs, det er dyrtid for homsane også.

- Hugs, det er dyrtid for homsane også. Derfor gir vi ein ellevill homorabatt i høve at Oslo Pride feirar 50 år. 50 % avslag på Spynorsk. The Musical. til alle som kjenner seg meir eller mindre homo! Det er jo ein musikal – og homofile elskar musikalar!
- Er ikkje det litt generaliserande? spør vi.
- Men det jo sant! seier ho og slår ut med armane.
- Forsøker ikkje du no å tene pengar på ein minoritet sin kamp? Dette liknar jo veldig på det ein kallar «pink washing»?
- Eg likar ikkje å problematisere ting. Eg elskar jo rosa, akkurat som dei homofile, svarar Aase Ivarsen og blir brått litt streng:
- Og om homsane vil melde seg inn i partiet mitt, sånn at eg vinn valet og blir Noregs statsminister, så forstår ikkje eg kva som skulle vere problemet med det!

- Eg likar ikkje å problematisere ting. Eg elskar jo rosa, akkurat som dei homofile.

Noregs største homovenn

Partileiaren får det plutseleg travelt. Ho slurpar i seg den siste skvetten av drinken sin, og seier at ho må komme seg av garde. Det er ein demonstrasjon utanfor Stortinget. Noregs bonde- og småbrukarlag krev høgare lønningar, og Aase kjempar også for deira sak. Ho trekker fram ein Felleskjøpet-caps frå sekken sin, og stappar ned regnbogeflagget.
Før ho går, snur ho seg mot oss og kviskrar instendig:
- Prøv å få med i intervjuet at eg er 'Noregs største homovenn'!

Og med det, spankulerer Aase Ivarsen nedover regnboge-gata med grøn caps og skyhøg sjølvtillit.
- Stem spynorsk! ropar ho så det gjallar mellom husveggane.

Artikkelen er publisert 11. juni 2024.