Bakgrunnsartikkel

Med vaffelhjartet på rette staden

På rekordtid har trønderjenta Aase klart det få andre politikarar har klart – å bli populær! Det som starta som ei personleg openberring, voks raskt til eit kall om å skape eit betre samfunn gjennom partiet Spynorsk Mordliste. Men kven er ho, denne vaffelpredikanten, som kom frå ingenstad og no er på alle sine lepper?

Skrive av
Spynorsk pressekontor

Det er ein gneistrande vårdag i hovudstaden. Vi møter Aase Ivarsen på ein av dei mange fortauskafeane eit steinkast unna Stortinget, staden Aase drøymer om å få fast plass etter valet 13. april. Ho har vore tidleg ute, og er alt i engasjert passiar med servitøren. Vi får ikkje med oss kva dei pratar om, men han tek smilande imot eit gult jakkemerke politikarspira gir han, medan ho ropar «Drøym stort!», før ho smilande vender seg mot oss.

- Det er dette eg elskar! Å snakke med vanlege folk om liva deira og kva dei drøymer om, seier Aase, og blunkar lurt.

Ho tek ein diger slurk av kaffien, og eit par tindrande auge plirer mot oss over koppekanten. Ho verkar uredd. Klar for det meste, og vi hoppar rett i det.

Korleis starta det heile? Denne folkerørsla som har tatt nasjonen med storm?

Aase Ivarsen får eit melankolsk drag over andletet når ho tenkjer tilbake på oppveksten. Livet har ikkje berre vore lett for det politiske stjerneskotet.

Tøff barndom

Aase sukkar, medan eit melankolsk smil breier seg i det litt ungjenteaktige andletet hennar. Ho tek oss med tilbake til der det heile begynte. Frå barnsbein av trødde ho rundt i dei brusteinlagde gatene på Bakklandet i Trondheim, der arbeidarklassas kampar frå svunne tider framleis gir gjenklang i dei tronge veitene. Allereie som lita bar ho på ein draum som enno ikkje var formulert. Ho berre ana at ho var øydsla for noko stort.

Barndomen var ikkje berre rosenraud for vesle Aase. Som dotter av to norsklærarar med skyhøge rettebunkar i alle feriar og helger, måtte Aase klare seg mykje på eiga hand. Da gjekk ho rundt og såg på folk, og prata med alle.

- Eg lurte på kva folk drøymde om. Og da meiner eg ikkje kva dei drøymde om natta. Men korleis dei drøymde at liva deira skulle bli, seier Aase, medan vårsola leikar i det naturlege håret hennar.

I denne perioden i livet blei eit frø sådd.

Såg lyset

Så gjer ho eit tidshopp, og tar oss med til ein grå ettermiddag for nokre månader sidan. Ho rydda på loftet i huset etter besteforeldra, ute bøtta regnet ned frå ein skytung himmel. Og ut av det blå dukka desse bøkene opp. Ein biografi om språkmannen Ivar Aasen og ei gamal ordliste nokon hadde skribla på. «Spynorsk mordliste», lyste det mot henne da ho blåste vekk støvet frå framsida av boka.

- Eg blei hugteken av desse bøkene og historia om Ivar Aasen, seier Aase, med eit nærast nyfrelst drag over andletet.
- Plutseleg forstod eg at eg hadde levd i mørkeret. Å bla i desse bøkene slo meg heilt i bakken.

Kva var det med Ivar Aasen som fengsla deg slik? Kven var han? spør vi undrande.

- Han var ein superhelt, seier ho resolutt.

Aase held dialogen med veljarane sine på bildedelingstenesta Instagram under kontoen Spynorsk Mordliste. Der er ho ikkje redd for å snakke ungdommen sitt språk og tøyse og tulle. Foto: Faksimile frå Instagram

- Ivar følgde draumen sin og gav folket tilbake stemma si. Han hadde ei kraft, ein vilje, noko som dreiv han, noko større enn han sjølv. Ord som «kjøttpøkk» og «surkuk» hadde vi ikkje hatt, om det ikkje var for Ivar, forklarar Aase med iver. Ho er openbert i sitt ess no. Ho reiser seg.
- «Rævdiltar» og «svoms», kan vi takke Ivar for, det var vanlege folk sitt språk. Han er håpet. Lyset. Livet, ropar Aase ut medan ho gestikulerer som ein statsleiar.
- Kvifor skriv ikkje alle nynorsk med begeistring?!

Folk rundt oss på kafeen bryt ut i spontan applaus. Det er ikkje vanskeleg å forstå at ho får folket med seg.

- Kvifor skriv ikkje alle nynorsk med begeistring?!

Vaffelpartiet

Alle slags menneske har flokka seg rundt partiet Aase stifta etter å ha funne desse bøkene. Alt frå topp-politikarar og kulturelite, unge og eldre, kvinner, menn og hen. Alle likar Spynorsk Mordliste og vil ha ein bit av vaffelhjartet til Aase Ivarsen. Vaflar er nemleg essensielt.

- Vaflar er det mest folkelege som finst. Alle likar vaflar! seier politikaren på ein overraskande streng måte.

- Vaflar bringar folk saman. Det er kos. Det er mat. Det passar til både pølse og kaffi. Anten du trur på ditt eller datt, så likar du vaflar. Ved alle folkelege tilstellingar serverer dei vaflar, og eg ønskjer at Spynorsk Mordliste skal vere eit grasrotparti som bringar folk saman - på same måte som vaflar, seier Aase på agiterande politikarvis.

På tallerkenen hennar ligg ein gyllen, nysteikt vaffel – men ho er for travel og engasjert til å ete av han.

- Dessutan var det livretten til Ivar Aasen, seier ho, som ved eit innfall og gløttar kjapt på klokka.
- Oi! Eg må vidare, bryt ho ut.
- Men før eg går, seier Aase, og ser oss rett i auga:
- Det er viktig å få fram at Ivar Aasen var akkurat som meg. Kom frå ein liten plass. Følte seg annleis, og reiste ut. Men han gløymde aldri kor han kom ifrå og folka der. Eg vil leve, eg vil drøyme, eg vil gi håp til alle menneska som treng meg. Eg vil vere som Ivar!

Aase Ivarsen har raskt blitt ein medieyndling, og blir omtalt av både små og store media. Foto: Faksimile frå Instagram.

Det er ganske ambisiøst?

Ja, ein må jo drøyme stort, seier Aase, og blunkar lurt til oss, før ho tek den uetne vaffelen sin og blir borte i den grå folkemengda.

Om ho lykkast i prosjektet med å få heile folket med seg, får vi svar på valdagen 13. april. Fram til da er det travle dagar og mange vaflar som skal etast for det siste stjerneskotet på politikarhimmelen.