Ytring

Vi betaler det vi vil på Scene 3

Undersøkinga av verdien av kunst held fram på Scene 3. Frå nyttår endrar vi prispolitikken frå Alt er gratis til Betal det du vil*. I ein periode på over 60 dagar har vi denne hausten eit gratis tilbod på teaterets meir eksperimentelle scene. I ei tid som er så prega av usikker økonomi ønskte vi å finne ut av kva som skjer dersom pengar ikkje er eit tema. Kan vi tilby gratis teater? Og vil publikum reagere?

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Ja, viser det seg. Vi opna Alt er gratis*-perioden med Dario Fos kjende samfunnssatiriske tekst Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! i midten av oktober. Framsyninga blei raskt ein snakkis, godt hjelpt av gode kritikkar. «Forestillingen lykkes med å være sørgelig aktuell, samtidig som at den er fryktelig morsom og lekende lett spilt ut», skreiv Aftenposten. Publikum responderte med det same, og billettane går raskt. Neste framsyning ut er eventyret Hans og Grete med Charlotte Frogner på regi i midten av november. I tillegg står ei rekke enkeltståande arrangement, samtalar, debattar og konsertar på repertoaret.

Frå nyttår og til og med 1. mai blir heile repertoaret på Scene 3, med unntak av gjestespel, lagt inn i ein ny og annleis pristabell. Da er det du som publikummar som avgjer kva du vil betale for billetten. Modellen har vore testa andre stader, men vi er nyfikne på korleis det vil slå ut for oss. Vi har fleire ulike prisklassar som publikum kan velje blant, og ingen vil sjekke kven som betaler kor mykje.

Både satiren til Dario Fo og eventyret om Hans og Grete blir med oss vidare i repertoaret. I tillegg kjem det nye premierar utover våren som vil ligge til grunn for vidare undersøking av prispolitikken vår. Først ut er Nære relasjonar, eit nytt stykke frå Maria Tryti Vennerøds hand, som har premiere i januar. Vi legg ut billettane i november, og det blir interessant å følgje publikums respons på dette tilbodet.

I ei tid der mange ikkje ser på teaterbesøk som ei reell moglegheit, eller dei rett og slett ikkje er i stand til å prioritere det, er det viktigare enn nokosinne å halde oppe teateret si kraft. Og fordi mange også opplever det som dyrt, er det viktig for oss å ha eit tilbod som ikkje kostar all verda.

Vi har over år testa ulike variantar av prispolitikk, og det har vore viktig for oss å ha tilbod også til dei som ikkje har den sterkaste økonomien. Som publikum kan du velje i fleire kategoriar, vi har særlege tilbod for unge mellom 18 og 28 år. Saman med OBOS billettfond har vi utvikla eit tilbod der lærarar kan søke på gratisbillettar til elevar og studentar til teaterframsyningar. Saman med Kavlifondet har vi også oppretta eit billettfond for ideelle, frivillige og humanitære organisasjonar. Det Norske Teatret arbeider aktivt for å ha eit mangfaldig publikum og ein inkluderande profil. Teateret er ein viktig del av kulturarven vår, og eit teaterbesøk kan for mange gi rom til å kople av frå kvardagen og hente energi, inspirasjon og refleksjon. Teateret er ein fellesskapsarena og møteplass. Vi ønskjer at personar som elles ikkje oppsøker teateret får moglegheita til det. Og derfor testar vi prispolitikken vår litt grundigare. Vi ønskjer å få respons frå publikum, og vi vil sjå grundigare på «kjøpsmønsteret». Dette er ledd i eit forsøk på å forstå publikum, på å forstå kva skal teateret vere, korleis utvikle kunstforma, og – ikkje minst – kva skal det koste?

Framsyningar:

Teater for barn Hans og Grete

Er det lov å ete godteriet til nokon andre, dersom du er veldig, veldig svolten?

Vi betaler ikkje!
Vi betaler ikkje!

I dyrtid er gode råd dyre. Men å stele er gratis.

Nære relasjonar

Kvifor blir ein verande i eit destruktivt forhold?

Kjøp billett