«Velvalgte regigrep og et intenst scenisk nærvær»

«bidrar til økt innsikt
i voldens natur»

Om ein ikkje definerer seg sjølv som eit offer - kan ein lettare bli verande i eit destruktivt forhold?

Are møter Kine. Han veit frå første sekund at han vil gjere kva som helst for denne dama. Kine har hatt mange dårlege forhold, og Are sver på at han skal beskytte henne og gjere henne trygg. Dei flyttar saman og alt ser ut til å gå bra.
Da Kine slår første gongen, og dei blir forsonte igjen etterpå, får han kjensla av at han aldri har vore så nær nokon før.

Nære relasjonar viser kor vaklande maktbalansen i eit forhold kan vere, og korleis grenser umerkeleg kan bli flytta, på kostnad av eigen integritet. Stykket undersøker kor komplisert det kan vere å forlate ein destruktiv partner ein er djupt knytt til, og korleis ein kan miste seg sjølv i forsøket på å elske den andre.

Makt og avmakt

Dramatikar og forfattar Maria Tryti Vennerød fekk idéen til stykket for ti år sidan, og no blir historia presentert i to sjølvstendige format. Både som roman og som dramatikk. Tryti Vennerød er mellom anna interessert i korleis noko slikt kan gå føre seg over tid, også i forhold der mannen blir utsett for vald, trass i at han oftast ikkje er fysisk underlegen. Kven som er sterk, kven som er svak, kven som har makt og kven som kjenner avmakt, er storleikar som kan flyte inn i kvarandre.

Skambelagt tema

Skodespelar Marie Blokhus tek denne gongen registolen, og vil rette søkelyset mot eit problem ho opplever som skambelagt og underkommunisert. Ho vil invitere publikum inn i hovudpersonens kjærleiksboble - og la dei vere vitne til at den sprekk frå innsida. Paret Are og Kine blir spelt av Christian Ruud Kallum og Josefine Frida Pettersen, kjent for publikum gjennom NRK-serien SKAM, og som for første gong er med i ein produksjon ved Det Norske Teatret. Store delar av teksten blir framført som ein monolog, medan scenane mellom dei to framstår som private, og er henta frå karakteranes mobiltelefonar.

Teksten er utvikla med støtte frå Norsk kulturfond, Fond for Lyd og Bilde og Fritt ord.

Betal det du vil*

Kjøp billett

Vel speledato for Nære relasjonar

Finn ut meir