Notis

Tips for ei god teateroppleving med barn!

Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små. Her er ti tips til eit godt teaterbesøk med barna!

* Snakk om at de skal på teater, og gle dykk i lag!

* Fortel korleis det ser ut i eit teater, at ein går inn i ein sal og sit i lag med mange andre menneske, og at det blir mørkt i salen.

* Snakk om handlinga i stykket. Les gjerne boka eller sjå filmen. Sjå på bilde/video frå framsyninga.

* Snakk om kva teater er - at det er barn og vaksne som har kledd seg ut og latar som. Det er "på liksom", akkurat som når ein leikar.

* Fortel at det kanskje kan bli litt skummelt, men at det går bra til slutt.

* Kom i god tid, så de rekk å ta inn stemninga, og gå på do før framsyninga startar.

* Det er lov til å kviskre litt saman under ei barneframsyning, dersom det er noko ein lurer på undervegs.

* Skulle det bli så skummelt at ein må ta ein pause, er det også lov. Om barnet skulle begynne å gråte er det også fint om de forlet salen, så de ikkje forstyrrar resten av publikum. Snakk med vertane i salen, så kan de få komme inn igjen også.

* Sett mobiltelefonen på lydlaus eller slå han heilt av, og konsentrer dykk om teateropplevinga saman.

* Snakk gjerne om framsyninga etterpå. Kva opplevde dei? Kva handla det om? Kva synest dei?

Vi ønskjer dykk ei god teateroppleving!