Møt Sidsel Wold i samtale om boka Israel – et land i kamp med seg selv.

Sidsel Wold er journalist, forfattar og har vore NRKs korrespondent i Midtausten i ei årrekke. I boka «Landet som lova alt», fortel ho mellom anna den personlege beretninga om si eiga reise frå kibbutzen til eit turbulent liv som korrespondent. I 2025 gav Wold ut boka «Israel – et land i kamp med seg selv». Der skildrar ho eit splitta samfunn og eit land prega av sterke interne motsetnader. I tida etter Hamas sitt angrep 7. oktober 2023, og i takt med talet på drepne på Gaza, har den indre uroa i Israel berre vakse. Gjennom nære møte med sekulære israelarar, busetjarar, gisselfamiliar og politikarar stiller ho eksistensielle spørsmål om landet Israel kan overleve den djupe splittinga.

Møt Sidsel Wold i samtale med Erlend Tårnesvik Dreiås.

Samtalen skjer på Scene 3. Den er gratis og open for alle, men du må hente ut gratisbillett. Det kan du gjere HER.

Gjen­ferdet inn

Etter samtalen viser vi framsyninga Gjenferdet inn. Kjøp billett her!

Les meir

Palestina­programmet

Samtalen er ein del av Palestinaprogrammet. Sjå kva meir som hender her!

Les meir

Gratis

Vel dato for innsikt Samtale 18. mars

  • Utseld
    Gratisbillett