Samtale med Rima Iraki Samtale med Rima Iraki
Samtale 17. februar
Møt Rima Iraki i samtale om boka Flukten fra Palestina.
I 1948 flykta bestefaren til Rima Iraki frå Palestina. Familien sa alltid at dei skulle heim igjen. Dei skulle berre vere borte nokre veker til det blei trygt. Over eit halvt hundreår seinare verkar det mindre sannsynleg enn nokon gong at familien hennar skal kunne vende tilbake til Palestina.
Rima Iraki har vore programleiar i Dagsrevyen og Urix på NRK. I boka «Flukten fra Palestina» fortel ho si eiga familiehistorie. Ei forteljing om krigens konsekvensar gjennom tre generasjonar, tett på storpolitikkens menneskelege omkostningar.
Møt Rima Iraki i samtale med Anders Hasmo. Samtalen skjer på Scene 3. Den er gratis og open for alle, men du må hente ut gratisbillett. Det kan du gjere HER.
