Velkommen til samtalen Mangfaldsalibi og eksotifisering: Institusjonar og kunstnarar si rolle i oppretthalding av kolonialisme.

Onsdag 26. november kl. 15.15-16.00

Rett etter framsyninga Sukker 26. november, inviterer Assata kunstnar Rafiki og Mwauke til ein samtale om mangfaldsalibi og utnytting av svarte kunstnarar for sosial kapital.

Kor går grensa mellom eksotifisering og hylling? Kva for ansvar har institusjonar ovanfor svarte kunstnarar, og kva for ansvar er det kunstnarar sjølv har? Gjennom samtale og felles refleksjon ønsker vi å få ein betre forståing av premissa for bevaring av kulturarv, den afrikanske diasporaen si sjølvforståing i vesten, samt sette desse temaa i kontekst.

Desse er med i samtalen:

Rafiki er kunstnar og kurator. Ho arbeider tverrfagleg med fotografi, perlearbeid, tekstilar og tekst for å utforske endring, heiling og kultur. Ho hentar inspirasjon frå gamle globale tradisjonar og utfordrar vanlege vestlege perspektiv ved å bruke symbol og historier om migrasjon, krig og identitet. Med afrikanske røter og erfaring frå konfliktar i Sentral-Afrika, knyter Rafiki saman ulike historier og stader gjennom kunsten sin. Ho er grunnleggar av Rafiki Art Initiatives (RAI) i Oslo og er ein del av Atelier Kunstnerforbundet Kunstnere frå 2024 til 2026. Ho skreiv også nyleg kritikken “Om eksotifisering og utvisking av kongolesisk kulturarv” hos Scenekunst.

Mwauke Bana Bempe wa Tshiyoyo Mufoncol er ein historieforteljar, mor og kunnskapssøker. Hennar arbeid er befesta i afrikansk kosmologi.

Samtale i biblioteket

Samtalen er kuratert av ASSATA. I samband med framsyninga SUKKER av Linda Gathu og BLACK FUTURE MONTH, kan du i haust oppleve eit bibliotek kuratert av Assata i foajeen utanfor Scene 2.