Bakgrunnsartikkel

Utstilling og bibliotek

I samband med framsyninga SUKKER av Linda Gathu og BLACK FUTURE MONTH, kan du i haust oppleve eit bibliotek kuratert av ASSATA og ei utstilling med verk av Lidiya Solomon i foajeen på Det Norske Teatret.

Litteratur for kontekst og kamp

ASSATA er eit uavhengig bibliotek og forlag. Gjennom kunnskap, fellesskap og dialog ønskjer dei å sette lys på historier, idétradisjonar, og frigjeringskampar som historisk sett har blitt ekskludert, og bidra til solidaritet i kampen for sosial rettferd.

I haust kan publikum oppleve bøker frå samlinga til ASSATA i formidlingsrommet på Det Norske Teatret. Bøkene er spesielt valde ut til framsyninga SUKKER av Linda Gathu. Målet er å gi ytterlegare historisk kontekst til stykket, og bøkene inneheld omgrep og idear som gir publikum moglegheit til å få djupare forståing for temaa som blir tatt opp i framsyninga. Dette bygger på ASSATA sitt arbeid med å forsterke definisjonsmakta til minoritetsgrupper og skape rom for å gi eigne erfaringar meining. Biblioteket skal vere eit konstruktivt bidrag til ein offentleg rasismedebatt som ofte blir einsidig og unyansert.

Bøkene som står utstilt i foajeen, står på fire skulpturar som er designa av Neslihan Ramzi. Utforminga er inspirert av karakterane i stykket SUKKER, og representerer dei ulike tidsperiodane hovudpersonen reiser til. Skulpturane er laga av naturleg materiale, og er festa saman som et puslespel; ei utforming som ofte dukkar opp installasjonane til ASSATA.

Kunst frå diasporaen

Lidiya Solomon er ein kunstnar med etiopisk opphav, busett i Oslo. Ho arbeider i hovudsak med måleri og storskala teikning på resirkulerte og gjenbruka material. Gjennom sin kunstnarskap utforskar Solomon tema som tilhøyrsle, identitet og dei samansette forventningane som blir stilt til menneske som lever i diasporaen. Ved å gi nytt liv til forkasta objekt, utfordrar Solomon konvensjonelle førestillingar om verdi og varigheit, og løfter frem det som ofte blir oversett.

Med røter i personleg og kulturell mytologi, rører arbeidet til Lidiya Solomon ved tema som identitet, tap og transformasjon. Ho er særskilt oppteken av idear knytt til sjelas fragmentering, åndeleg fråkopling og spenninga mellom indre og ytre krefter som søker å kontrollere sjølvet. Gjennom symbolsk billedbruk og forteljande komposisjonar, formidlar kunsten hennar visuelle historier om framandgjering, om å vere besett av det guddommelege og den vedvarande jakta på heilskap.

Lidiya Solomon er student ved Kunsthøgskolen i Oslo, der hennar utforsking av materialitet, form og kulturelle narrativ held fram med å utvikle og fordjupe hennar kunstnarlege prosess.

Her er oversikt over kunstverk som står utstilt i foajeen på Det Norske Teatret.

BLACK FUTURE MONTH er eit initiativ skap av Linda Gathu og Mohamed Mohamed.

Utstillinga og biblioteket vil vere tilgjengeleg for publikum i teaterets opningstid, og vil stå frå 10. oktober til 10. desember 2025. I perioden vil det også vere fleire arrangement, samtalar og performance-hendingar. Programmet blir oppdatert.